«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 49

1  Og Jakob kalla til seg sønene sine og sa: Samla dykk saman, so skal eg varsla korleis det skal ganga dykk langt fram i tidene:

2  Kom i hop og høyr, de søner åt Jakob, høyr på Israel, far dykkar!

3  Ruben, min eldste er du, blomen av mi makt og min manndom, høgst i vyrdnad og størst i velde.

4  Du sjodar yver som vatnet, du skal ingen fyremun få; for du steig upp i kvila åt far din, då vanhelga du henne - i mi seng steig han upp!

5  Simeon og Levi er brør, valdsvåpen er verja deira.

6  Kom ikkje i løynrådet deira, mi sjel, ver ikkje med i samkomone deira, mi æra*! For i sin harm slo dei menner i hel, og sjølvvilje skamskar dei uksar.

7  Forbanna vere ein ofse so strid, ei ilska so arg som deira! Eg skal sprengja dei sund kring i Jakob og spreida dei utyver Israel.

8  Juda - deg skal brørne dine lova; handi di skal vera på nakken åt fiendane dine, for deg skal sønene åt far din bøygja seg.

9  Ei ungløva er Juda; frå rov er du stige upp, son min! Han legg seg ned, han kviler som ei løva, ei løvemor; kven vågar å vekkja han?

10  Ikkje skal kongespir kverva frå Juda eller styrarstaven frå føtene hans, til dess fredsdrotten kjem, han som folki lyt lyda.

11  Til vinteren bind han sitt ungasen, i soldruvegreini folen åt asna si; han vaskar sin klednad i vin, og kjolen i druveblod.

12  Døkke er augo hans av vin, og tennene kvite av mjølk.

13  Sebulon - utmed sjøstrandi skal han bu, utmed strandi der skutone lendar, og Sidon hev han med sida.

14  Issakar er eit sterkbygt asen, som ligg på kvii og kviler.

15  Og han tykte kvildi var god, og at landet var fagert; so bøygde han ryggen under byrdi og vart ein ufri træl.

16  Dan skal døma sit folk, han som dei andre Israels-ættene.

17  Dan skal vera ein orm på vegen, ein hoggorm innmed stigen, som høgg hesten i hælane, so ridaren ryk på ryggen.

18  På di frelsa biar eg, Herre!

19  På Gad skal ransmenn renna, men han han renner etter dei.

20  Feit er føda hans Aser, forkunnmat for kongar hev han å gjeva.

21  Naftali er ei spelande hind; fagre er ordi han talar.

22  Eit ungt aldetre innmed kjelda; greinene skyt ut yver muren.

23  Og dei eggja han og skyt på han, dei sette etter han, pilskyttarane.

24  Men han stend stødt med bogen sin, og hendene og armane er kvike; hjelp fær han hjå kjempa åt Jakob, hjå han som er hyrdingen, Israels berg,

25  hjå Gud åt far din, han hjelpe deg! hjå den Allmektige, han velsigne deg med velsigningar or himmelen der uppe, med velsigning or djupet der nede, med velsigning i brjost og morsliv!

26  Velsigningane åt far din stig høgst yver velsigningane åt forfederne mine, dei rekk upp til grensa åt dei ævelege høgdene; dei skal koma på Josefs hovud, på kruna åt han som er hovding millom brørne sine.

27  Benjamin er ein ulv som riv sund; um morgonen et han upp ran, og um kvelden skifter han ut herfang.

28  Dette var alle Israels-ættene, tolv i talet, og soleis var det far deira tala til dei; han velsigna dei, og kvar av dei fekk si eiga velsigning, som høvde åt han.

29  Og han bad dei og sa til dei: No gjeng eg til folket mitt! Jorda meg då hjå federne mine, i den helleren som er på gjordet åt Efron, hetiten,

30  i den helleren som er på Makpelagjordet, austanfor Mamre i Kana'ans-landet, det gjordet som Abraham kjøpte av Efron, hetiten, til eigande gravstad.

31  Der jorda dei Abraham og Sara, kona hans; og der jorda dei Isak og Rebekka, kona hans, og der jorda eg Lea,

32  på de gjordet og i den hellaren der som var kjøpte av Hets-sønene.

33  Då Jakob var ferdig med dei fyresegnene han hadde å gjeva sønene sine, drog han føtene upp i sengi. Og han sålast og kom til federne sine.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23