«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 48

1  Ei tid etter dette hadde hendt, kom dei og sa til Josef: Far din er sjuk. Då tok han med seg båe sønene sine, Manasse og Efra'im.

2  Og det kom ein med bod um dette til Jakob og sa: Josef, son din, er komen til deg! Då gjorde Israel seg sterk og reiste seg upp i sengi.

3  Og Jakob sa til Josef: Gud den allmektige synte seg for meg i Luz i Kana'ans-land og velsigna meg,

4  og sa til meg: Sjå, eg vil lata deg veksa og aukast og gjera deg til ei mengd med folkeslag; og eg vil gjeva ætti di etter deg dette landet til eiga i all æva.

5  Dei tvo sønene dine som du fekk i Egyptar-land, fyrr eg kom hit til deg, dei skal no vera mine; Efra'im og Manasse skal høyra meg til liksom Ruben og Simeon.

6  Men dei borni som du sidan hev fenge, dei skal vera dine eigne; etter brørne sine skal dei heita i det landet dei kjem til å erva.

7  For då eg kom frå Mesopotamia, døydde Rakel frå meg på ferdi, i Kana'ans-landet, då me endå hadde att eit stykke veg til Efrat. Og eg jorda henne der, innmed vegen til Efrat, det som no heiter Betlehem.

8  Då Israel fekk sjå sønene hans Josef, spurde han: Kven er det?

9  Og Josef sa til far sin: Det er sønene mine, som Gud hev gjeve meg her. Då sa Jakob: Kjære vene, kom hit til meg med dei, so eg kann få velsigna dei!

10  Men augo hans Israel var dimme av alder; han skilde ikkje klårt. So leidde Josef dei burt til han, og han kysste dei og tok dei i fanget.

11  Og Israel sa til Josef: Eg tenkte aldri eg skulde få sjå deg meir, og no hev Gud endå til late meg få sjå borni dine!

12  So tok Josef dei ned av fanget hans og bøygde seg nedåt jordi for han.

13  Sidan tok Josef dei båe, Efra'im i høgre handi, midt for vinstre handi hans Israel, og Manasse i den vinstre handi, midt for høgre handi hans Israel, og leidde dei innåt han.

14  Og Israel rette ut høgre handi og la henne på hovudet hans Efra'im, endå han var den yngste av dei, og vinstre handi la han på hovudet hans Manasse. Med vilje la han hendene so; for Manasse var eldst.

15  Og han velsigna Josef og sa: Den Gud som federne mine, Abraham og Isak, hadde for augo medan dei ferdast på jordi, den Gud som var min hyrding frå di eg vart til og til den dag i dag,

16  den engelen som løyste meg ut frå alt vondt, han velsigne sveinane so dei må kallast med namnet mitt og namnet åt federne mine, Abraham og Isak, og aukast til ei uhorveleg mengd i landet!

17  Då Josef såg at far hans la høgre handi på hovudet hans Efra'im, mislika han det; han fata handi åt far sin og vilde flytja henne frå hovudet hans Efra'im burt på hovudet hans Manasse.

18  Og Josef sa til far sin: Ikkje so, far! For denne er eldst; legg høgre handi på hans hovud!

19  Men det vilde ikkje far hans, og han sa: Eg veit det, son min, eg veit det. Han og skal verta eit folk, han og skal verta stor; men bror hans som er yngre, han skal verta større; hans ætt skal verta ei mengd med folkeslag.

20  So velsigna han dei same dagen og sa: Ved deg skal Israel velsigna og segja so: Gud gjere deg som Efra'im og som Manasse! - han sette Efra'im fyre Manasse.

21  Sidan sa Israel til Josef: No lyt eg døy, men Gud skal vera med dykk og føra dykk attende til landet åt federne dykkar.

22  Og eg gjev deg eit landstykke framum brørne dine; det tok eg frå amoritane med sverdet og bogen min.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23