Første Mosebok 47
1 So kom Josef med bod um dette til Farao og sa: Far min og brørne mine hev kome hit frå Kana'ans-land med bufeet sitt, både smått og stor, og med alt det dei eig; og no er dei i Gosen-landet.
2 Og av alle brørne sine tok han ut fem mann og leidde dei fram for Farao.
3 Og Farao spurde brørne hans: Kva hev de til leveveg? Då sa dei til Farao: Tenarane dine er fehyrdingar, og det same var federne våre.
4 Me vilde gjerne halda til her i landet, sa dei til Farao; for det fanst ikkje beite for buskapen vår, av di det er eit svært uår i Kana'ans-land. Lat difor tenarane dine få bu i Gosen-landet!
5 Då sa Farao til Josef: Far din og brørne dine hev kome hit til deg.
6 Du hev heile Egyptar-land fyre deg! Lat far din og brørne dine få bu i den beste luten av landet! Dei kann få bu i Gosen-landet. Og veit du um at det er dugande karar imillom dei, so set dei til rådsmenner yver bufeet mitt!
7 Og Josef henta Jakob, far sin, og leide han fram for Farao. Og Jakob velsigna Farao.
8 Og Farao spurde Jakob: Kor mange er dine levedagar og år?
9 Då sa Jakob til Farao: Dei dagar og år eg hev ferdast på jordi, er hundrad og tretti år. Få og låke hev dei vore, mine levedagar og år, og ikkje hev dei nått so høgt som levedagane og åri åt federne mine i den tidi dei ferdast på jordi.
10 Og Jakob velsigna Farao, og so bad han vel leva med Farao.
11 Og Josef let far sin og brørne sine få seg bustader og gav dei jord i Egyptar-land, i den beste luten av landet, Ra'amses-landet, so som Farao hadde sagt han fyre.
12 Og Josef sytte for brød åt far sin og brørne sine og alt farsfolket sitt og gav dei etter som dei hadde mange born til.
13 Og det fanst ikkje brød i heile landet. For naudi var ovleg stor, so både Egyptar-landet og Kana'ans-landet var reint avmakta av svolten.
14 Og Josef samla alle dei pengar som fanst i Egyptar-landet og i Kana'ans-landet; han fekk dei for kornet dei kjøpte. Og Josef gøymde pengane i huset åt Farao.
15 So traut pengane både i Egyptar-land og i Kana'ans-landet. Då kom alle egyptarane til Josef og sa: Gjev oss brød! Skal me døy for augo dine, berre av di me ikkje hev fleire pengar?
16 Og Josef sa: Kom med bufeet dykkar, so skal eg gjeva dykk brød for bufeet, um de ikkje hev fleire pengar.
17 So kom dei til Josef med bufeet sin, og Josef gav dei brød for hestane, og for sauene og nauti som dei hadde, og for asni; og han heldt dei med brød det året for alt bufeet deira.
18 So leid det året, og året etter kom dei til han og sa: Me vil ikkje dylja for deg, herre, at pengane hev trote, og buskapen vår hev du fenge. Me hev ikkje anna att å bjoda deg enn kroppane og jordi vår.
19 Kvi skal me tynast for augo dine, både me og jordi vår? Kjøp du oss og jordi vår for brød, so skal me med jordi vår vera trælar under Farao. Lat oss berre få såkorn, so me kann halda livet og ikkje døy burt, og so jordi ikkje skal øydast.
20 So kjøpte Josef all jord i Egyptar-land til Farao; for egyptarane selde mannjamt jordvegane sine, av di svolten tvinga dei; og Farao vart eigande all jordi i landet.
21 Og han let folket byta bustad by for by i heile Egyptar-land, frå ende til annan.
22 Berre prestejordi kjøpte han ikkje. For prestane hadde viss innkoma av Farao og levde av det som Farao hadde etla dei. Difor selde dei ikkje jordi si.
23 Og Josef sa til folket: Sjå, no hev eg kjøpt både dykk og jordi dykkar til Farao. Her hev de såkorn; så no åkrane!
24 Men av det de haustar, skal de gjeva femteparten til Farao, og fire partane skal de hava til å så åkrane med og til mat for dykk sjølve og dei som er i husi hjå dykk, og til mat for borni dykkar.
25 Då svara dei: Du hev berga livet vårt. Vil berre du vera god mot oss, so vil me gjerne vera trælar under Farao.
26 So gjorde Josef det til ei lov - og ho gjeld den dag i dag for jordi i Egyptar-land - at Farao skulde hava femteparten av avlen. Berre prestejordi kom ikkje under Farao.
27 Israel vart buande i Egyptar-land, i Gosen-landet, og dei fekk seg eigedomar der og voks og auka seg uhorveleg.
28 Og Jakob levde syttan år i Egyptar-land, og dagane hans Jakob, leveåri hans, vart hundrad og sju og fyrti år.
29 Då det leid med Israel, og han venta på enden, sende han bod etter Josef, son sin, og sa til han: Kjære deg, held du aldri so lite av meg, so legg handi di i fanget mitt, og lova meg at du vil vera snild og trugen med meg og ikkje jorda meg i Egyptar-land,
30 Lat meg få kvila hjå federne mine! Før meg burt frå Egyptar-land og jorda meg i gravi deira! Og han svara: Eg skal gjera som du segjer.
31 Då sa Israel: Gjer eid på det! So gjorde han eiden på det. Og Israel lutte seg ned yver hovudgjerdi og tilbad.