Første Mosebok 46
1 Og Israel tok ut med alt det han hadde, og då han kom til Be'erseba, ofra han slaktoffer til han som var Gud åt Isak, far hans.
2 Då tala Gud til Israel i ei syn um natti og sa: Jakob, Jakob! Og han svara: Ja, her er eg.
3 Då sa han: Eg er Gud, Gud åt far din. Ver ikkje redd for å fara ned til Egyptar-land; for der vil eg gjera deg til eit stort folk!
4 Eg skal sjølv fara med deg ned til Egyptar-land, og eg skal fylgja deg upp att og; det kann du lita på! Og Josef skal leggja att augo dine.
5 So tok Jakob ut frå Be'erseba, og Israels-sønene køyrde Jakob, far sin, og borni og konone sine i dei vognene som Farao hadde sendt til å henta han i.
6 Og dei tok med seg bufeet sitt og godset sitt som dei hadde lagt seg til i Kana'ans-land. So kom dei til Egyptar-land, Jakob og all hans ætt med han;
7 sønene og sonesønene, døtterne og sonedøtterne, heile si ætt, hadde han med seg til Egyptar-land.
8 Og dette er namni på Israels-borni som kom til Egyptar-land, Jakob og sønene hans: Ruben, eldste son åt Jakob,
9 og sønene åt Ruben: Hanok og Pallu og Hesron og Karmi;
10 sønene åt Simeon: Jemuel og Jamin og Ohad og Jakin og Sohar, og Saul, som han hadde fenge med ei kana'anitarkvinna;
11 og sønene åt Levi: Gerson og Kehat og Merari;
12 og sønene åt Juda: Er og Onan og Sela og Peres og Serah - men Er og Onan døydde i Kana'ans-land - og sønene åt Peres: Hesron og Hamul;
13 og sønene åt Issakar: Tola og Puva og Job og Simron;
14 og sønene åt Sebulon: Sered og Elon og Jahle'el.
15 Dette var sønene åt Lea, dei som ho fekk med Jakob i Mesopotamia, og so fekk Dina, dotter hans, i alt tri og tretti sjeler, søner og døtter.
16 Og sønene åt Gad: Sifjon og Haggi, Suni og Esbon, Eri og Arodi og Areli;
17 Og sønene åt Aser: Jimna og Jisva og Jisvi og Bria, og so Serah, syster deira; og sønene åt Bria var Heber og Malkiel.
18 Dette var borni åt Silpa, som Laban gav Lea, dotter si; ho fekk dei med Jakob, det var sekstan sjeler.
19 Og sønene åt Rakel, kona hans Jakob, var Josef og Benjamin.
20 Og Josef fekk born i Egyptar-land; han fekk dei med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On; dei heitte Manasse og Efra'im.
21 Og sønene åt Benjamin: Bela og Beker og Asbel, Gera og Na'aman, Ehi og Ros, Muppim og Huppim og Ard.
22 Dette var dei borni som Jakob fekk med Rakel, i alt fjortan sjeler.
23 Og son åt Dan: Husim;
24 og sønene åt Naftali: Jahse'el og Guni og Jeser og Sillem.
25 Dette var sønene åt Bilha, som Laban gav Rakel, dotter si; ho fekk dei med Jakob, i alt sju sjeler.
26 Alle dei som kom med Jakob til Egyptar-land, og som var ætti ifrå han, umfram konone åt sønene hans, var alt i alt seks og seksti sjeler.
27 Og sønene åt Josef, som han fekk i Egyptar-land, var tvo. Alle som kom til Egyptar-land av Jakobs-ætti, var sytti sjeler.
28 Og han sende Juda fyre seg til Josef og bad at han vilde syna han vegen til Gosen. Og so kom dei til Gosen-landet.
29 Og Josef let setja fyre vogni si og for upp til Gosen, til møtes med Israel, far sin; og med same han fekk sjå han, kasta han seg um halsen på han og gret lenge med armane um halsen hans.
30 Då sa Israel til Josef: No vil eg gjerne døy, sidan eg hev set deg i andletet og veit at du endå er i live.
31 Og Josef sa til brørne sine og og farsfolket sitt: No fer eg upp til Farao og bera fram bod um dette og segja: Brørne mine og farsfolket mitt, som var i Kana'ans-land, hev kome hit til meg.
32 Og desse mennene er sauehyrdingar; dei hev stødt drive med å ala fe, og sauene og nauti sine og alt det dei eig, hev dei havt med seg hit.
33 Når so Farao kallar dykk til seg og spør: Kva hev de til leveveg?
34 so skal de svara: Fehyrdingar hev tenarane dine vore alt ifrå ungdomen og til no, både me og federne våre - so de kann få bu i Gosen-landet; for egyptarane hev ein stygg til alle sauehyrdingar.