Første Mosebok 44
1 Sidan sa han til den som stod fyre huset hans: Fyll sekkene åt desse mennene med korn, so mykje dei kann føra, og legg pengane åt kvar av dei ovanpå i sekken hans.
2 Og staupet mitt, sylvstaupet, det skal de leggja øvst i sekken åt den yngste av dei i hop med kornpengane hans. Og han gjorde som Josef sa han fyre.
3 Um morgonen, med same det ljosna, let dei mennene fara av stad med asni sine.
4 Dei var ikkje langt utum byen komne då Josef sa til den som stod fyre huset hans: Upp og set etter mennene, og fyrst du når dei att, so seg til dei: Kvifor løner de godt med ilt?
5 Er ikkje dette det staupet som husbonden min drikk av, og som han plar spå i? Dette var ille gjort av dykk!
6 Og han tok dei att, sa dette dette til dei.
7 Då sa dei til han: Kvi talar du soleis, herre? Gud fri tenarane dine frå å gjera slikte ting!
8 Sjå no, dei pengane som me fann øvst i sekkene våre, dei hadde me med oss hit til deg att frå Kana'ans-landet. Kvi skulde me då stela sylv eller gull utor huset åt husbonden din?
9 Den av tenarane dine som det vert funne hjå, han skal døy, og me andre skal vera trælane dine.
10 Han sa: Ja, lat det vera so som de segjer! Den som det vert funne hjå, skal vera trælen min, men de andre skal vera utan skuld.
11 So skunda dei seg og lyfte kløvjane ned på marki og løyste upp kvar si kløv.
12 Og han ransaka; han tok til hjå den eldste og enda hjå den yngste. Og staupet vart funne i sekken hans Benjamin.
13 Då reiv dei sund klædi sine og kløvja på asni att og for attende til byen.
14 Og Juda og brørne hans kom inn til huset åt Josef medan han endå var der, og dei kasta seg å gruve for han.
15 Og Josef sa til dei: Kva er det de hev gjort? Visste de ikkje at ein mann som eg kann finna ut det som er dult?
16 Då sa Juda: Kva skal me svara deg, herre? Kva skal me segja, og kva skal me orsaka oss med? Gud hev funne brotet åt tenarane dine. Sjå, me vil vera trælane dine, både me og han som staupet vart funnen hjå.
17 Men han sa: Gud fri meg frå å gjera slikt! Den som staupet vart funnen hjå, han skal vera trælen min. Men de andre kann fara i fred heim til far dykkar.
18 Då steig Juda fram for han og sa: Høyr meg, herre! Lat tenaren din få tala eit ord til deg, herre, og lat ikkje vreiden din loga upp mot tenaren din! For du er som Farao sjølv!
19 Du spurde oss, herre, og sa: Hev de nokon far eller bror?
20 Då sa me til deg: Ja, me hev ein gamal far, og han hev ein son, som han fekk på sine gamle dagar, og so er berre ung endå; bror åt denne sveinen er burte, og han er att åleine etter mor si, og far hans held han so kjær.
21 Og du sa til oss: Kom hit til meg med han, so eg fær sjå han med eigne augo!
22 Då sa me til deg: Sveinen kann ikkje skiljast frå far sin; skilst han ifrå han, so døyr faren.
23 Og du sa til oss: Kjem ikkje yngste bror dykkar hit med dykk, so skal de ikkje oftare koma for augo mine.
24 Då me so kom heim att til far min, tenaren din, fortalde me han kva du hadde sagt, herre.
25 Og far vår sa: Far i vegen att og kjøp noko korn åt oss!
26 Då sa me: Me kann ikkje fara dit att. Men er yngste bror vår med oss, so skal me fara der ned. For me kann ikkje koma mannen for auga utan yngste bror vår er med.
27 Og far min, tenaren din, sa til oss: De veit at eg fekk tvo søner med kona mi.
28 Og den eine vart burte for meg, og eg sa: Han er visst ihelriven; og eg hev aldri set han sidan.
29 Tek de no denne og ifrå meg, og vert han fyre ei uheppe, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sut ned i nåheimen.
30 Skal eg no koma heim til far min, tenaren din, og me ikkje hev med oss sveinen, som hjarta hans heng so fast ved,
31 då vert det dauden hans med det same han ser at sveinen ikkje er med, og me lyt senda dei grå håri åt far vår med sut og sorg ned i nåheimen.
32 For eg tok på meg å svara for sveinen hjå far min og sa: Kjem eg ikkje heim til deg att med han, so skal eg vera saka i det for far min alle mine dagar!
33 So lat difor meg vera att i staden for sveinen og vera trælen din, og lat sveinen få fara heim att med brørne sine!
34 For korleis kunde eg koma heim att til far min når sveinen ikkje var med? Eg tolde ikkje sjå på den sorg som då kom yver far min.