Første Mosebok 43
1 Og då det traut det kornet dei hadde havt heim frå Egyptar-land, sa far deira til dei: Far i veg att og kjøp oss noko korn!
2 Då sa Juda til han: Denne mannen lyste oss strenge ord og sa: De skal ikkje koma for augo mine utan at bror dykkar er med.
3 Vil du no lata bror vår få vera med oss, so skal me fara ned og kjøpa korn åt deg.
4 Men sender du han ikkje med, so vil me ikkje fara. For mannen sa: De skal ikkje koma for augo mine utan bror dykkar er med.
5 Då sa Israel: Kvi gjorde de meg so ille imot og sa det til mannen at de hadde endå ein bror?
6 Og dei svara: Mannen spurde oss nøye ut både um oss og ætti vår og sa: Lever far dykkar endå? Hev de nokon bror? So svara me som han spurde til. Kor kunde me tenkja at han skulde segja: Kom hit med bror dykkar!
7 Og Juda sa til Israel, far sin: Send sveinen med meg, so vil me oss reiduge og fara, so me kann halda livet og ikkje døy burt, både me og du og småborni våre.
8 Eg skal svara for han. Av meg kann du krevja han att. Kjem eg ikkje heim til deg att med han og set han framfyre deg, so skal eg bera skuldi for det alle min dag.
9 For hadde me ikkje drygt so lenge, so kunde me no vore heime att tvo gonger.
10 Då sa Israel, far deira, til dei: Er det ikkje onnor råd, so gjer som eg segjer: Tak med dykk i sekkene dykkar av alt det gjævaste som finst i landet, noko balsam og noko honning, kryddor og ladanum, pistasie-neter og mandlar! Det skal vera ei gåva til mannen.
11 Og tak ein gong til so mange pengar med dykk! For dei pengane som kom att og låg ovanpå i sekkene dykkar, fær de hava med attende; kann henda det var eit mistak.
12 Tak so bror dykkar, gjer dykk reiduge og far attende til mannen!
13 Og Gud den allmektige late dykk møta godvilje hjå mannen, so han sender den andre bror dykkar og Benjamin med dykk heim att. Og eg - skal eg vera barnlaus, so fær eg vera barnlaus!
14 So tok mennene denne gåva, og ein gong til so mange pengar tok dei med seg, og so Benjamin. Og dei gav seg på vegen og for ned til Egyptar-land og gjekk fram for Josef.
15 Då Josef såg at Benjamin var med dei, sa han til den som stod fyre huset hans: Bed desse mennene inn, og slakta eit naut og laga det til; for dei skal eta til middag med meg.
16 Og mannen gjorde som Josef sa. Han bad dei inn i huset åt Josef.
17 Men då dei skulde inn i huset åt Josef, vart dei redde og sa: Det er nok for dei pengane skuld som låg att i sekkene våre fyrre gongen, at me skal her inn. Han kjem til å velta seg inn på oss og kasta seg yver oss, og gjera oss til trælar og taka asni våre.
18 So gjekk dei burt til mannen som stod fyre huset hans Josef, og tala til han i husdøri.
19 Og sa: Høyr her, herre, gode herre! Du veit me hev vore her ein gong fyrr og kjøpt korn.
20 Men då me kom til kvilestaden og løyste upp kløvjane våre, då fann kvar sine pengar ovanpå i sekken sin; det var våre eigne pengar, med si fulle vekt, og no hev me dei med oss hit att.
21 Og andre pengar hev me og med oss til å kjøpa korn for. Me veit ikkje kven som hev lagt pengane i sekkene våre.
22 Då sa han: Ver de hugheile! Hav ingen otte på dykk! Dykkar Gud og Gud åt far dykkar hev lagt ein skatt til dykk i sekkene. Pengane dykkar hev eg fenge. So henta han Simeon ut til dei.
23 Sidan fylgde mannen dei inn i huset hans Josef og gav dei vatn so dei fekk två føtene sine, og gav dei for til asni.
24 So la dei gåva til reide til Josef skulde koma heim til middags; for dei hadde høyrt at dei skulde eta der.
25 Då so Josef kom heim, bar dei inn til han gåva som dei hadde med seg, og la seg å gruve for han.
26 Og han spurde korleis dei levde, og sa: Stend det bra vel til med den gamle far dykkar, som de tala um? Lever han endå?
27 Dei svara: Ja, det stend vel til med far vår, tenaren din. Han lever endå. Og dei bøygde seg og kasta seg å gruve for han.
28 Då han fekk auga på Benjamin, bror sin, son åt si eiga mor, sa han: Er dette den yngste bror dykkar, som de tala til meg um? Gud signe deg, guten min! sa han.
29 Og Josef skunda seg burt. For hjarta hans kløktest då han såg bror sin, so han laut få gråta. Og han gjekk inn i koven og gret.
30 So tvo han seg i andletet og gjekk ut att, og han gjorde seg hard og sa: Set maten fram!
31 Då sette dei fram for han i ser og for dei i ser og for egyptarane i ser; for egyptarane kann ikkje eta i lag med hebrearane; dei held det for ein styggedom.
32 Mennene vart sessa midt fyre han etter alder, den eldste øvst og den yngste nedst, og dei såg på kvarandre og undrast.
33 Og det vart sendt um til dei av dei rettene som han sjølv åt av, og Benjamin fekk fem gonger so mykje som kvar av dei andre. Og dei drakk med han og vart fjåge.