Første Mosebok 42
1 Då Jakob høyrde at det var korn i Egyptar-land, sa han til sønene sine: Kvi sit de og stirer på kvarandre?
2 Eg hev fenge spurt, sa han, at dei hev korn i Egyptar-land. Far no der ned og kjøp korn åt oss, so me kann halda livet og ikkje døy burt!
3 Og brørne hans Josef tok nedigjenom, ti i talet, og vilde kjøpe korn i Egyptar-land.
4 Men Benjamin, rettebror åt Josef, sende Jakob ikkje av stad med brørne hans; han var redd det kunde henda han ei ulukke.
5 So kom då Israels-sønene og vilde kjøpa korn millom alle dei andre som kom; for det var uår i Kana'ans-land.
6 Men Josef var den som rådde i landet. Han var det som selde korn til all landslyden. Og brørne hans Josef kom og la seg å gruve for han.
7 Då Josef såg brørne sine, kjende han dei att, men lest ikkje ved vera; han tala strengt til dei og spurde: Kvar kjem de frå? Dei svara: Frå Kana'ans-land; me kjem og vil kjøpa korn.
8 Josef kjende att brørne sine, men dei kjende ikkje han.
9 Og Josef laut minnast det som han hadde drøymt um dei, og sa til dei: De er njosnarar, de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.
10 Dei svara: Nei, gode herre, tenarane dine vil berre kjøpa korn.
11 Me er alle søner åt ein mann. Me er ærlege folk; tenarane dine er ikkje njosnarar.
12 Men han sa til dei: Jau, de kjem og vil sjå kvar landet er lettast å taka.
13 Då sa dei: Tenarane dine er tolv brør og søner åt ein mann i Kana'ans-landet. Den yngste av oss er no heime hjå far vår, og ein er ikkje til lenger.
14 Då sa Josef til dei dei: Det er som eg hev sagt: De er njosnarar.
15 Men no vil eg røyna dykk: So visst som Farao lever, de slepp ikkje herifrå fyrr yngste bror dykkar kjem hit.
16 Ein av dykk skal fara i vegen og henta bror dykkar, og dei andre vil eg halda fengsla, so det kann røynast um det er sant det de segjer; og er de ikkje det, er de njosnarar, so visst som Farao lever!
17 So heldt han dei alle saman fengsla i tri dagar.
18 Og tridje dagen sa Josef til dei: Gjer no som eg segjer, so skal de få leva! Eg hev age for Gud.
19 Er de ærlege folk, so skal ein av dykk brør vera att i fangehuset, men de andre kann fara i veg og hava med dykk korn til livberging for dei som heime er.
20 Og den yngste bror dykkar skal de koma hit til meg med, so ordi dykkar kann sannast, og de ikkje skal missa livet. Og dei so gjorde.
21 Og dei sa seg imillom: Å ja, ja, kor vel me er verd dette for det me gjorde mot bror vår! Me såg kor hjarteredd han var då han bad so vent for seg; og endå vilde me ikkje høyra på han. Difor er me no komne i slik naud.
22 Då tok Ruben til ords og sa: Var det ikkje det eg sa dykk, at de ikkje skulde fara so stygt med guten? Men de vilde ikkje høyra. Og sjå, no kjem hemnen for blodet hans!
23 Men dei visste ikkje at Josef skyna det; for han bruka tolk når han tala med dei.
24 Og han snudde seg frå dei og gret. So kom han innåt dei att og tala til dei, og han tok Simeon ifrå dei og batt han so dei såg på det.
25 Sidan sa Josef frå at dei skulde fylla sekkene deira med korn og leggja pengane åt kvar av dei att i sekken hans og gjeva dei niste med på vegen. Og det vart gjort.
26 So kløvja dei kornet på asni sine og for i veg.
27 Men då ein av dei løyste upp kløvi si og vilde gjeva asnet for på kvilestaden, fekk han sjå pengane sine; dei låg ovanpå i sekken hans.
28 Og han sa til brørne sine: Pengane mine hev kome att! Sjå, her ligg dei i sekken min! Då vart dei reint ille ved; dei såg på kvarandre og skalv og sa: Kva er det Gud hev gjort mot oss her?
29 So kom dei heim til Jakob, far sin, i Kana'ans-landet, og dei fortalde han alt det som hadde hendt dei og sa:
30 Mannen som råder der i landet, tala strengt til oss og tok oss for folk som vilde njosna ut landet.
31 Då sa me til han: Me er ærlege folk; me er ikkje njosnarar.
32 Me er tolv brør, søner åt ein far. Ein av oss er ikkje til lenger, og den yngste er heime hjå far vår i Kana'ans-landet.
33 Og mannen som råder der i landet, sa til oss: Dette vil eg hava til merke på at de er ærlege folk: Ein av dykk brør skal vera att hjå meg, og de andre kann taka med dykk det de treng til livberging for dei som heime er, og fara i veg,
34 og so lyt de koma til meg att med yngste bror dykkar, so eg fær sjå at de ikkje er njosnarar, men ærlege folk. Då skal de få att bror dykkar, og de kann fara fritt kringum i landet.
35 Då dei so tømde sekkene sine, då fann kvar sitt pengeknytte i sekken sin; og då dei såg pengeknytti, både dei og og far deira, vart dei fælne.
36 Og Jakob, far deira, sa til dei: De gjer meg reint barnlaus; Josef er burte, og Simeon er burte, og no vil de taka Benjamin og i frå meg; det kjem yver meg alt dette.
37 Då sa Ruben til far sin: Båe sønene mine kann du drepa, kjem eg ikkje heim til deg att med han! Gjev han berre i mine hender! Eg skal hava han heim att til deg.
38 Men han svara: Son min skal ikkje fara med dykk dit ned. For bror hans er burte, og han er att åleine, hender det han nokor ulukka på vegen de ferdast etter, so kjem de til å senda dei grå håri mine med sorg ned i nåheimen.
39 Men svolten var hard i landet.