Første Mosebok 41
1 So hende det ei tvo års tid etter, at Farao drøymde han stod nedmed elvi*.
2 Og sjå, upp or elvi sju kyr, vene å sjå til og holduge, og dei gjekk og beitte i storren.
3 Og etter dei kom det sju andre kyr upp or elvi, stygge å sjå til og turrvorne, og dei stod på elvebakken hjå dei fyrste kyrne.
4 Og dei stygge, turrvorne kyrne åt upp dei sju vene og holduge kyrne. Då vakna Farao.
5 So sovna han att og hadde ein draum til. Han tykte han såg sju aks som skaut upp på eitt strå og var tjukke og vene.
6 Og etter dei rann det upp sju aks som var tome og svidne av austanvinden.
7 Og dei tome aksi gløypte dei sju tjukke og fulle aksa. Då vakna Farao og skyna at han hadde drøymt.
8 Men um morgonen hadde han slik uro i seg. So sende han bod og kalla til seg alle runemeistrar i Egyptar-land og alle dei vise menner der var. Og Farao fortalde dei draumane sine; men det var ingen som kunde tyda dei for han.
9 Då tala skjenkjarmeisteren til Farao og sa: Mine eigne syner lyt eg minna um i dag.
10 Farao vart ein gong harm på tenarane sine og sette meg fast hjå hovdingen yver livvakti, både meg og bakarmeisteren.
11 Då hadde me kvar sin draum same natti, eg og han, og draumane våre hadde kvar si meining.
12 Og det var ein hebraisk gut med oss der; han var tenar hjå hovdingen yver livvakti. Honom fortalde me draumane våre, og han tydde dei for oss; etter som kvar av oss hadde drøymt, tydde han dei.
13 Og so som han spådde oss, so gjekk det; eg vart sett inn att i romet mitt, og hin vart hengd.
14 So sende Farao bod etter Josef. Då skunda dei seg og slepte han ut or fengslet; og han raka seg og bytte klæde, og so gjekk han fram for Farao.
15 Og Farao sa til Josef: Eg hev havt ein draum, og det er ingen som er god å tyda han. Men eg hev høyrt um deg, at berre du høyrer ein draum, so tyder du han med same.
16 Og Josef svara Farao og sa: Eg råder ikkje for det. Gud vil visst gjeva eit svar som spår lukke for Farao.
17 So sa Farao til Josef: Eg drøymde eg stod på elvebakken.
18 Og sjå, upp or elvi det sju kyr, feite på hold og vene på skapnad, og dei gjekk og beitte i storren.
19 Og etter dei kom det upp sju andre kyr, skrinne og ovleg stygge på skapnad og turre på hold; eg hev aldri set so ljote kyr i heile Egyptar-landet.
20 Og dei skrinne og stygge kyrne åt upp dei sju fyrste, holduge kyrne.
21 Dei sokk i skrovet deira; men det synte ikkje at dei hadde fenge dei i seg; dei var stygge å sjå til som dei hadde vore. Då vakna eg.
22 Sidan drøymde eg at eg såg sju aks som skaut upp på eitt strå og var fulle og vene.
23 Og etter dei rann det upp sju aks som var turre og tome og svidne av austanvinden.
24 Og dei tome aksi gløypte dei sju gode aksi. Eg sa det til runemeistrane, men ingen kunde greida det for meg.
25 Då sa Josef til Farao: Alt det Farao hev drøymt, er ein draum. Det Gud vil gjera, hev han gjort kunnigt for Farao.
26 Dei sju gode kyrne, det er sju år, og dei sju gode aksi, det er og sju år; det er ein og same draumen.
27 Og dei sju skrinne og stygge kyrne som kom upp etterpå hine, det er sju år, og dei sju aksi som var tome og svidne av austanvinden; det er sju uår som skal koma.
28 Det er som eg sa til Farao: Det Gud vil gjera, hev han synt Farao.
29 Sjå, no kjem det sju år med ovnøgd og rikdom i heile Egyptar-land.
30 Men etter dei skal det koma sju uår, so all ovnøgdi vert gløymd i Egyptar-land, og uåri skal arma ut landet.
31 Og ingen skal minnast ovnøgdi som var i landet, for den naudi som kjem etterpå; for den vert ovleg hard.
32 Og det at draumen kom fyre Farao tvo gonger, det kjem seg av di at Gud er fastrådd på dette, og at han vil gjera det snart.
33 No skulde Farao sjå seg ut ein vitug mann og setja han yver Egyptar-landet!
34 Det skulde Farao gjera, og so skulde han setja inn futar utyver landet, som skal krevja inn femteparten av grøda i Egyptar-land i dei sju ovnøgdåri.
35 Og dei skal samla alle slag mat i desse gode åri som kjem, og dunga upp matkorn i byane og taka vare på det for Farao.
36 Og kornet skal vera til forråd for landet i dei sju uåri som kjem i Egyptar-land, so landet ikkje skal øydast av svolt.
37 Dei ordi tykte dei godt um, både Farao og alle mennene hans.
38 Og Farao sa til mennene sine: Skal tru me finn maken til han, ein mann som er full av Guds Ande?
39 So sa Farao til Josef: Etter di Gud hev late deg vita alt dette, so er ingen so vitug og vis som du.
40 Du skal standa fyr huset mitt, og etter ditt ord skal heile folket mitt retta seg. Berre kongsstolen vil eg hava framum deg.
41 Sjå, eg set deg yver heile Egyptar-land, sa Farao til Josef.
42 Og Farao tok seglringen av handi si og sette på handi hans Josef og klædde han i kvite linklæde og hengde ei gullekkja kring halsen hans.
43 Og han let han køyra i den nest beste vogni som var næst etter hans eigi vogn, og dei ropa framfyre han: Abrek*! Og han sette han yver heile Egyptar-landet.
44 Og Farao sa til Josef: Eg er Farao. Ingen skal røyva hand eller fot i heile Egyptar-landet utan at du vil det.
45 Og Farao kalla Josef Sofnat-Paneah* og gav han Asnat til kona; ho var dotter åt Potifera, presten i On. So tok Josef til å ferdast kring i Egyptar-land.
46 Josef var tretti år gamal då han stod framfor Farao, kongen i Egyptar-land. Og Josef bad vel leva med Farao og for heile Egyptar-landet igjenom.
47 Og jordi bar inn i haugevis i dei sju ovåri.
48 Og han samla allslags grøda av sju årsavlingar som dei fekk i Egyptar-land, og la upp mat i byane. I kvar by la han upp grøda av åkrane som låg ikring.
49 Og Josef hauga upp korn som havsens sand, uhorveleg mykje, til dei held upp å telja; for det var ikkje tal på.
50 Fyrr det fyrste uåret kom, fekk Josef tvo søner med Asnat, dotter åt Potifera, presten i On.
51 Og Josef kalla den fyrste Manasse* - av di [sa han] Gud hev late meg gløyma all mi møda og heile mi ætt.
52 Og den andre kalla han Efra'im* - av di [sa han] Gud hev late meg veksa i det landet som eg leid vondt i.
53 So leid dei til endes dei sju åri då det var slik ovnøgd i Egyptar-landet,
54 og dei sju uåri tok til å koma, som Josef hadde sagt; då vart det naud og svolt i alle land, men i heile Egyptar-land, der var brød.
55 Og heile Egyptar-land svalt, og folket ropa til Farao etter brød. Då sa Farao til alle egyptarane: Gakk til Josef! Det han segjer til dykk, skal de gjera.
56 Det var no naud og svolt yver heile landet. Då let Josef upp alle kornbuene og selde til egyptarane; for naudi var hard i Egyptar-land.
57 Og frå heile verdi kom dei til Egyptar-land og vilde kjøpa korn hjå Josef; for naudi var stor all verdi yver.