«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 4

1  Og Adam budde saman med Eva, kona si, og ho vart med barn og åtte Kain. Då sa ho: Ein mann hev eg fenge av Herren!

2  Sidan åtte ho Abel, bror hans. Og Abel vart sauehyrding, og Kain vart jorddyrkar.

3  Og det hende då det leid av ei tid, at Kain bar fram åt Herren ei gåva av grøda på marki.

4  Og Abel bar og fram ei gåva, og han gav av frumselambi or fenaden sin og feittet deira. Og Herren såg blidt til Abel og gåva hans,

5  men ansa ikkje Kain og hans gåva. Då vart Kain brennande harm, og stirde nedfyre seg.

6  Og Herren sa til Kain: Kvi er du harm, og kvi stend du og stirer nedfyre deg?

7  Hev du godt i tankar, kann du ikkje då lyfta upp augo. Men hev du ikkje godt i tankar, so ligg syndi framfyre døri og lurer. Ho trår etter deg, men du lyt halda henne i age.

8  Og Kain tala med Abel, bror sin. Og det gjekk so til medan dei var utpå marki, at Kain rauk på Abel, bror sin, og slo han i hel.

9  Då sa Herren til Kain: Kvar er Abel, bror din? Og han svara: Eg veit ikkje. Skal eg gjæta bror min?

10  Då sa han: Kva hev du gjort! Høyr, blodet åt bror din ropar til meg frå jordi!

11  Og no skal du vera bannlyst frå den jordi som let upp munnen og tok imot blodet åt bror din av di hand.

12  Når du dyrkar marki, skal ho ikkje meir gjeva deg sin avle. Heimlaus og fredlaus skal du vera på jordi.

13  Då sa Kain til Herren: Skuldi mi er større enn at eg kann bera.

14  Sjå, du hev i dag drive meg ut or landet, og eg lyt løyna meg for dine augo og vera heimlaus og fredlaus på jordi, og kven som finn meg, kjem til å slå meg i hel.

15  Då sa Herren til han: Nei! for drep nokon Kain, so skal det hemnast sju gonger. Og Herren gav Kain eit merke, so dei ikkje skulde slå han i hel, kven som fann han.

16  So hadde Kain seg utor Herrens augo, og busette seg i eit land som heiter Nod*, austanfor Eden.

17  Og Kain budde saman med kona si, og ho vart med barn og åtte Hanok. Sidan tok han seg til å byggja ein by og kalla byen Hanok etter son sin.

18  Og Hanok vart far til Irad; og Irad fekk sonen Mehujael, og Mehujael fekk sonen Metusael, og Metusael fekk sonen Lamek.

19  Og Lamek tok seg tvo konor. Den eine heitte Ada, den andre heitte Silla.

20  Og Ada åtte sonen Jabal. Frå han er dei ætta dei som bur i tjeldbuer og held buskap.

21  Og bror hans heitte Jubal. Frå han er dei ætta all dei som spelar på harpa og fløyta.

22  Og Silla åtte og ein son. Han vart kall Tubalkain; og han smidde alle slag bitjarn, både av kopar og av jarn. Og syster åt Tubalkain heitte Na'ama.

23  Og Lamek sa til konone sine: Ada og Silla, høyr mine ord, Lameks konor, lyd på mi røyst! Ein mann drep eg for kvart sår og ein svein for kvar skråma eg fær.

24  For Kain skal hemnast sju gonger, men Lamek sju og sytti gonger.

25  Og Adam budde med kona si som han fyrr hadde gjort, og ho åtte ein son og kalla han Set*. For Gud hev sett meg ein annan son i staden hans Abel, sa ho, for di Kain slo han i hel.

26  Og Set fekk og ein son og kalla han Enos. Då tok dei til å kalla på Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23