«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 39

1  Josef vart førd ned til Egyptar-land, og Potifar, ein egyptar, som var hirdmann hjå Farao og hovding yver livvakti, kjøpte han av ismaelitane, som hadde ført han dit.

2  Men Herren var med Josef, so han vart ein mann som alt gjekk vel for. Han vart verande i huset hjå husbonden sin, egyptaren,

3  og då husbonden hans såg at Herren var med han og let alt han gjorde, lukkast for han,

4  so vart Josef både gjæv og gild i hans augo og fekk ganga han til handa; og han sette til styra huset sitt, og alt han åtte, la han i hans hender.

5  Og alt frå den tid han hadde sett han yver huset sitt og yver alt det han åtte, so velsigna Herren huset åt egyptaren for Josef skuld; det fylgde ei Herrens velsigning med alt det han åtte, både i hus og på mark.

6  So let han Josef råda yver alt det han åtte, og såg ikkje etter med han i nokon ting, anna berre med den maten han sjølv åt. Josef var både velvaksen og ven.

7  Og det hende då det leid um ei tid, at kona åt husbonden hans kasta augo på Josef og sa: Kom og ligg med meg!

8  Men han bar seg undan og sa til kona åt husbonden sin: Sjå, husbonden min ser ikkje etter med meg i nokon ting i heile huset; alt han eig, hev han lagt i mine hender.

9  Han hev ikkje meir å segja i dette huset enn eg, og hev ikkje meinka meg nokon ting utan deg, etter di du er kona hans. Korleis kunde eg då gjera so stygg ei gjerning, og synda mot Gud?

10  Som ho tala til Josef dag etter dag, og han ikkje vilde lyda etter henne og liggja med henne eller vera i hop med henne,

11  so hende det ein dag at han kom inn i huset og skulde gjera arbeidet sitt, og det var ingen av husets folk inne.

12  Då greip ho han i kjolen og sa: Kom og ligg med meg! Men han rømde ut og let kjolen etter seg i hendene hennar.

13  Då ho såg at han hadde rømt ut, og at kjolen hans var att i hendene hennar,

14  so ropa ho på husfolket sitt og sa til dei: Sjå, her hev han drege innpå oss ein hebraisk mann som fer og vil gantast med oss. Han kom inn til meg og vilde liggja med meg. Då ropa eg so høgt eg kunde,

15  og då han høyrde eg sette i og ropa, rømde han brått ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg.

16  So let ho kjolen hans liggja hjå seg til husbonden hans kom heim.

17  Då sa ho det same til han: Den hebraiske tenaren, sa ho, som du hev drege inn i huset åt oss, kom inn til meg og tok til å gantast med meg.

18  Men då eg sette i og ropa, brårømde han ut, og kjolen hans vart liggjande att hjå meg.

19  Då no husbonden hans høyrde rødone åt kona si, korleis ho la ut og sa: So og so for tenaren din åt mot meg, sa vart han brennande harm.

20  Og husbonden hans Josef tok han og sette han i fangetårnet, der dei sat dei som kongen heldt fengsla, og han vart verande der i fangetårnet.

21  Men Herren var med Josef og vende alle hjarto til han og laga det so at styresmannen i fangetårnet fekk godvilje for han.

22  Og styresmannen i fangetårnet sette Josef til å sjå etter alle fangane som var i tårnet, og alt som der skulde gjerast, det laut han gjera.

23  Styresmannen i fangetårnet såg ikkje etter nokon ting som Josef hadde under hendene. For Herren var med han; og kva han so gjorde, so la Herren lukka til.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23