«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 36

1  Dette er ætti hans Esau, eller Edom:

2  Esau tok seg konor av Kana'ans-døtterne: Ada, dotter åt Elon, hetiten, og Oholibama, dotter åt Ana, sonedotter åt Sibeon heviten,

3  og Basmat, dotter åt Ismael, syster åt Nebajot.

4  Og Esau fekk med Ada sonen Elifas, og med Basmat Re'uel;

5  og med Oholibama fekk han sønene Je'us og Jalam og Korah. Dette var sønene hans Esau, som han fekk i Kana'ans-landet.

6  Og Esau tok konone sine, sønene og døtterne sine og heile huslyden sin og buskapen sin og alle kløvdyri sine og alt godset sitt som han hadde sanka i Kana'ans-landet, og flutte burt frå Jakob, bror sin, og av til eit anna land.

7  For dei åtte so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman; landet som dei heldt til i, kunde ikkje føda dei, so stor var buskapen deira.

8  So sette Esau seg ned i Se'ir-fjelli; Esau, det er den same som Edom.

9  Og dette er ætti hans Esau, far åt Edom-folket i Se'ir-fjelli:

10  Dette er namni på sønene hans Esau: Elifas, son åt Ada, kona hans Esau, og Re'uel, son åt Basmat, kona hans Esau.

11  Sønene hans Elifas var Teman og Omar og Sefo og Gatam og Kenas.

12  Og Elifas, son hans Esau, hadde ei fylgjekone som heitte Timna. Med henne fekk han sonen Amalek. Det var sønene hennar Ada, kona hans Esau.

13  Og dette var sønene hans Re'uel: Nahat og Serah, Samma og Missa. Dette var sønene åt Basmat, kona hans Esau.

14  Og dette var sønene åt Oholibama, dotter hans Ana, sonedotter hans Sibeon, kona hans Esau: med henne fekk Esau sønene Je'us og Jalam og Korah.

15  Dette var Jarlane åt Esau-folket: Sønene åt Elifas, eldste son hans Esau, var Teman-jarlen, Omar-jarlen, Sefo-jarlen, Kenas-jarlen,

16  Korah-jarlen, Gatam-jarlen og Amalek-jarlen. Det er dei jarlane som var ætta frå Elifas i Edom-landet. Dette var sønene åt Ada.

17  Og dette var sønene hans Re'uel, son åt Esau: Nahat-jarlen, Serah-jarlen, Samma-jarlen, Missa-jarlen. Det var dei jarlane som var ætta frå Re'uel i Edom-landet. Dette var sønene åt Basmat, kona hans Esau.

18  Og dette var sønene åt Oholibama, kona hans Esau: Je'us-jarlen, Jalam-jarlen, Korah-jarlen. Det er dei jarlane som var ætta frå Oholibama Anasdotter, kona hans Esau.

19  Dette var Esau-sønene, og dette var jarlane deira. Dette var Edom-folket.

20  Dette er sønene åt Se'ir, horiten, dei som budde i landet: Lotan, og Sobal og Sibeon og Ana,

21  og Dison og Eser og Disan. Det er jarlane åt horitane, Se'ir-folket i Edom-landet.

22  Og sønene hans Lotan var Hori og Heman, og syster hans Lotan var Timna.

23  Og dette var sønene hans Sobal: Alvan og Manahat og Ebal, Sefo og Onam.

24  Dette var sønene hans Sibeon: Aja og Ana. Ana var det som fann dei heite kjeldone i øydemarki, medan han gjætte asni åt Sibeon, far sin.

25  Og dette var borni hans Ana: Dison og Oholibama Anasdotter.

26  Og dette var sønene hans Dison: Hemdan og Esban og Jitran og Keran.

27  Dette var sønene hans Eser: Bilhan og Sa'avan og Akan.

28  Og dette var sønene hans Disan: Us og Aran.

29  Dette var jarlane åt horitane: Lotan-jarlen, Sobal-jarlen, Sibeon-jarlen, Ana-jarlen,

30  Dison-jarlen, Eser-jarlen, Disan-jarlen. Det var jarlane åt horitane, fylkeshovdingane deira i Se'ir-landet.

31  Og dette var dei kongane som rådde yver Edom-landet fyrr det rådde nokon konge yver Israels-borni:

32  Bela, son åt Beor, var konge i Edom, og byen han sat i heitte Dinhaba.

33  Og Bela døydde, og Jobab, son åt Serah, frå Bosra vart konge staden hans.

34  Og Jobab døydde, og Husam frå Temanitar-landet vart konge i staden hans.

35  Og Husam døydde, og Hadad, son åt Bedad, vart konge i staden hans; han var det som vann yver midanitane på Moab-moen. Og byen hans heitte Avit.

36  Og Hadad døydde, og Samla frå Masreka vart konge i staden hans.

37  Og Samla døydde, og Saul frå Rehobot uppmed elvi vart konge i staden hans.

38  Og Saul døydde, og Ba'al-Hanan, son åt Akbor, vart konge i staden hans.

39  Og Ba'al-Hanan, son åt Akbor, døydde, og Hadar vart konge i staden hans, og hans by heitte Pa'u; og kona hans heitte Mehetabel, dotter åt Matred, som var dotter åt Mesahab.

40  Og dette er jarlane av Esau-ætti etter sine ætter, etter sine bustader, med sine namn: Timna-jarlen, Alva-jarlen, Jetet-jarlen,

41  Oholibama-jarlen, Ela-jarlen, Pinon-jarlen,

42  Kenas-jarlen, Teman-jarlen, Mibsar-jarlen,

43  Magdiel-jarlen, Iram-jarlen. Det var jarlane i Edom etter bustadene sine i det landet dei åtte. Dette var ætti hans Esau, far åt Edom-folket.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23