Første Mosebok 34
1 Dina, dotter åt Jakob og Lea, gjekk ein gong ut og vilde sjå på døtterne i landet.
2 Og Sikem, son åt Hemor, heviten, som var hovdingen i landet, såg henne, og han tok henne og låg med henne og tok æra hennar.
3 Og hugen hans stod til Dina, dotter åt Jakob; for han hadde fenge henne kjær. Og han tala blidt til gjenta og hugga henne.
4 Sidan tala Sikem til Hemor, far sin, og sa: Lat meg få den møyi til kona!
5 Og Jakob fekk høyra at han hadde skjemt ut Dina, dotter hans. Men sønene hans var med buskapen utpå marki, og Jakob tagde med det til dei kom heim att.
6 Men Hamor, far hans Sikem, gjekk ut til Jakob og vilde tala med han.
7 Sønene hans Jakob kom heim frå marki då dei fekk høyra dette. Og det gjorde karane ilt, og dei var ovleg harme. For han* hadde fare skamleg åt mot Israel, med di han hadde lege hjå dotter hans Jakob; slikt skulde aldri henda!
8 Då tala Hamor tala med dei og sa: Sikem, son min, hev huglagt dotter dykkar; kjære vene, lat han få henne til kona!
9 Lat oss gifta borni våre i hop; gjev oss døtterne dykkar, og tak de våre døtter!
10 Og gjev dykk so til hjå oss! De hev heile landet fyre dykk! De kann få bu og fara fritt ikring i landet og få dykk eigedomar her.
11 Og Sikem sa til far hennar og brørne hennar: Kunde eg berre få gjort dykk blide på meg! Det de krev av meg, skal de få.
12 Krev so mykje de vil av meg i festargåva og andre gåvor! Eg skal gjeva det de vil hava, berre eg fær møyi til kona!
13 Men sønene hans Jakobs svara Sikem og Hamor, far hans, med svikfulle ord, for di han hadde skjemt ut Dina, syster deira.
14 Dei sa: Me kann ikkje gjera og gjeva syster vår til ein mann som hev huvehold*; det vilde vera ei vanæra for oss.
15 Berre på det vilkåret kann me laga oss etter dykk, at de vert liksom me, og alle karar hjå dykk vert umskorne.
16 Då skal me gjeva dykk døtterne våre og taka dykkar døtter til konor, og bu hjå dykk, so me vert eitt folk.
17 Men vil de ikkje lyda oss og lata dykk umskjera, so tek me syster vår og fer burt.
18 Og dei tykte vel um ordi deira, både Hemor og Sikem, son hans Hemor.
19 Og sveinane drygde ikkje, men gjorde dette. For han heldt av dotter hans Jakob, og han var den gjevaste i heile ætti si.
20 So møtte Hemor og Sikem, son hans, til tings i byen sin, og dei tala til bymennene og sa:
21 Desse mennene vil gjerne vera vener med oss. Dei vil gjeva seg til her og fara kring i landet, og de veit at landet er vidt nok åt dei til alle kantar. Me skal taka døtterne deira til konor og gjeva dei våre døtter.
22 Men berre på eitt vilkår vil dei laga seg etter oss og bu hjå oss, so me vert eitt folk, og det er at alle karar hjå oss vert umskorne, som dei er sjølve.
23 Buskapen deira og godset deira og alle kløvdyri deira, vert ikkje alt det vårt når me berre lagar oss etter dei, so dei gjev seg til hjå oss?
24 Og dei lydde dei Hamor og Sikem, son hans, alle som åtte heime der i byen; og alle karar, dei som åtte heime der i byen, vart umskorne.
25 So hende det den tridje dagen, då dei var sjuke av verken, at tvo av sønene hans Jakob, Simeon og Levi, sambrørne hennar Dina, tok kvar sitt sverd og storma inn i byen medan folki var trygge, og drap alle karar.
26 Hamor og Sikem, son hans, hogg dei dei og ned med kvasse sverd, og dei tok Dina ut or huset hans Sikem og drog burt.
27 Sønene hans Jakob kom yver dei som falne var, og herja byen, for di dei hadde skjemt ut syster deira.
28 Dei tok sauene og nauti deira og asni deira, både det som var i byen og det som var på marki.
29 Og alt godset deira og alle borni og kvinnone deira rana dei og drog av med, og alt som i husi var.
30 Då sa Jakob til Simeon og Levi: De hev gjort meg ei stor sorg. De hev valde at eg fær eit uord på meg hjå landslyden, kana'anitane og ferisitane. Me er då berre ein liten flokk, og samlar dei seg imot meg, so kjem dei til å slå meg i hel og tyna både meg og mitt hus.
31 Men dei svara: Skulde han fara åt med syster vår som med ei skjøkja?