Første Mosebok 33
1 Og Jakob skoda framyver, og sjå, der kom Esau og fire hundrad mann med han. Då skifte han borni millom Lea og Rakel og båe ternorne
2 og sette ternorne og borni deira fremst og Lea og borni hennar attanfor dei og Rakel med Josef attarst.
3 Og sjølv gjekk han fram fyre dei og bøygde seg nedåt jordi sju gonger, til dess han kom tett innåt bror sin.
4 Men Esau sprang imot han og tok han i fanget og la armane um halsen hans og kysste han, og dei gret.
5 Då han såg upp, vart han var kvinnone og borni; då sa han: Kva er dette for folk du hev med deg? Jakob svara: Det er dei borni som Gud hev unnt tenaren din.
6 So gjekk ternorne fram med borni sine og bøygde seg.
7 Og Lea og borni hennar gjekk og fram og bøygde seg. Sida gjekk Josef og Rakel fram og bøygde seg.
8 Då sa han: Kva vilde du med heile det lægret som eg møtte? Hin svara: Eg vilde gjera deg blid på meg, herre bror.
9 Då sa Esau: Eg hev nok, bror. Hav du sjølv det som ditt er!
10 Jakob svara: Å nei, kjære vene! Hev du noko godvilje for meg, so tak imot gåva mi! For då eg såg deg i andletet, var det som eg såg Guds andlet; med di du var so blid imot meg.
11 Kjære deg, taka imot gåva eg sende deg! For Gud hev vore god mot meg, og eg hev nok av alle slag. Og han nøydde han til han tok imot det.
12 So sa Esau: Lat oss taka ut og koma i vegen, so skal eg fara jamte med deg.
13 Men Jakob svara: Du veit, herre bror, at borni ikkje toler mykje, og eg hev lambsøyor og nybære kyr å taka vare på. Driv ein dei for hardt, um det berre er ein dag, so døyr alt småfeet.
14 Vil ikkje du gjera vel og fara fyre tenaren din, herre bror! So kann eg rusla so smått, etter som driftene og borni orkar til, til dess eg kjem til deg i Se'ir.
15 Då sa Esau: So vil eg få lov til å lata nokre av dei mennene eg hev med, vera att hjå deg. Men hin svara: Kvi då? Berre du vil vera blid på meg, herre bror!
16 So snudde Esau um same dagen og for sin veg heim att til Se'ir.
17 Og Jakob tok vegen til Sukkot og bygde seg eit hus, og til buskapen sin gjorde han lauvhyttor. Difor kallar dei den staden Sukkot*.
18 Og Jakob kom seg vel fram til Sikembyen i Kana'ans-land, den gongen han for frå Mesopotamia, og han fann seg eit læger utanfor byen.
19 Og det jordstykket som han hadde sett upp tjeldbui si på, kjøpte han av sønene hans Hemor, far åt Sikem, for hundrad kesitar*.
20 Og han bygde eit altar der og kalla det El-Elohe Israel*.