Første Mosebok 32
1 Og Jakob for sin veg framigjenom, og Guds englar møtte han.
2 Då Jakob såg dei, sa han: Dette er Guds herlæger, og han kalla den staden Mahana'im*.
3 Og Jakob sende folk fyre seg til Se'ir-landet, til Edomsmarki, med bod til Esau, bror sin.
4 Og han dei fyre: So skal segja til herren min, Esau: So segjer Jakob, tenaren din: Eg hev halde til hjå Laban og trøytt der til no.
5 Og eg hev fenge meg uksar og asen og småfe og drenger og gjentor og no var eg huga til å senda deg bod um dette, herre bror, um eg kunde gjera deg blid på meg.
6 Og dei kom attende til Jakob og sa: Me råka Esau, bror din; og rett no kjem han sjølv til møtes med deg, og fire hundrad mann med han.
7 Då vart Jakob ovleg redd, og det var so bringa hans vilde snøra seg i hop. Og han bytte folket som var med han, og sauene og nauti og kamelane i tvo læger.
8 For han tenkte: Um Esau kjem yver det eine lægret og slær det ned, so kann det lægret som att er, få berga seg undan.
9 Og Jakob sa: Du Gud åt Abraham, godfar min, du Gud åt Isak, far min, du Herre, som sa til meg: Far attende til landet ditt og folket ditt, og eg skal gjera vel imot deg -
10 eg er ikkje verd all den miskunn og all den truskap du hev vist imot tenaren din; for med stav i hand gjekk eg yver denne Jordan-elvi, og er eg vorten til tvo læger.
11 Å, berga meg for Esau, bror min; for eg er so redd han; eg ottast han kann koma og slå i hel meg og mine, både mor og born.
12 Du hev då sjølv sagt: Eg skal allstødt gjera vel imot meg og lata ætti di verta som havsens sand, som det ikkje er tal på.
13 So var han der um natti, og av alt det han åtte, tok han ut ei gåva til Esau, bror sin:
14 tvo hundrad geiter og tjuge bukkar, tvo hundrad søyor og tjuge verar,
15 tretti mjølkekamelar med føli deira, fyrti kyr og ti uksar, tjuge asenfyljor og ti asenfolar.
16 Og han let drengene sine fara i vegen med dette, kvar drift for seg, og sa til dei: Far de fyre meg, og lat det vera eit godt stykke millom kvar drift!
17 So sa han til den fyrste av dei: Når Esau, bror min, møter deg og han talar til deg og spør: Kven høyrer du til, og kvar skal du av, og kven eig den bølingen du driv fyre deg? -
18 då skal du segja: Jakob, tenaren din; det er ei gåva han sender Esau, herren min, og snart kjem han sjølv etter.
19 Sameleis tala han til den andre og den tridje og til alle drivarane og sa: Soleis skal de tala til Esau når de møter han,
20 de skal segja: Snart kjem Jakob, tenaren din, etter. For han tenkte: Eg vil blidka han med denne gåva som eg sender fyre meg, og sidan vil eg sjå han i andletet; kann henda han då tek vel imot meg.
21 So for dei fyre med gåva, og sjølv var han i lægret den natti.
22 Same natti reis han upp og tok båe konone og båe ternone sine og alle dei elleve sønene sine og gjekk yver Jabbok-vadet.
23 Han tok og flutte dei yver åi, og alt det han åtte, førde han yver.
24 So var Jakob att åleine. Då kom det ein mann og drogst med han radt til i dagingi.
25 Og då mannen såg at han ikkje kunde råda med han, tok han burtpå mjødmeskåli hans, og mjødmi gjekk or led på Jakob, medan dei drogst.
26 Og han sa: Slepp meg, for no er det dagen! Men Jakob: Eg slepper deg ikkje, utan du velsignar meg.
27 Då spurde mannen: Kva heiter du? Han svara: Jakob.
28 Då sa mannen: Du skal ikkje lenger heita Jakob, men Israel*. For du hev stridt med Gud og med menneske og vunne.
29 Og Jakob spurde han og sa: Kjære deg, seg meg namnet ditt! Men han svara: Kvi spør du etter namnet mitt? Og han velsigna han der.
30 Og Jakob kalla den staden Pniel*; for eg hev set Gud andlet mot andlet, sa han og endå berga livet.
31 Og med same han var komen framum Pnuel, rann soli. Og han var halt i mjødmi.
32 Difor er det so den dag i dag at Israels-borni aldri et den store seni som er på mjødmeskåli, av di han tok burtpå mjødmeskåli hans Jakob på den store seni der er.