«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 31

1  So fekk han høyra at sønene hans Laban hadde sagt: Jakob hev teke alt det som far vår åtte, og av det som far vår åtte, hev han lagt seg til all denne rikdomen.

2  Og Jakob såg på andletet hans Laban at han var ikkje den same mot han som han hadde vore.

3  Og Herren sa til Jakob: Far attende til landet åt federne dine og til ditt eige folk, og eg skal vera med deg.

4  Då sende Jakob bod etter Rakel og Lea og bad dei koma ut på marki, til buskapen hans.

5  Og han sa til dei: Eg ser på andletet åt far dykkar at han er ikkje den same mot meg som fyrr. Men Gud åt far min hev vore med meg.

6  Og de veit sjølve at eg hev tent far dykkar det beste eg vann.

7  Og far dykkar hev svike meg og brigda um att løni mi dei ti gongene. Men Gud let han ikkje få lov til å gjera meg noko skade.

8  Når han sa: Dei dei droplute skal vera løni di, so fekk alt småfeet droplute ungar; og når han sa: Dei salute skal vera di løn, so fekk alt småfeet salute ungar.

9  Soleis tok Gud feet frå far dykkar og gav meg det.

10  Og ved det leitet då småfeet flaug, drøymde eg at eg let upp augo og såg ikring meg, og sjå, då var bukkane som sprang på småfeet, salute og droplute og skjengjute.

11  Og Guds engel sa til meg i draumen: Jakob! Og eg svara: Ja, her er eg.

12  Då sa han: Lat upp augo, so skal du få sjå at alle bukkane som spring på småfeet, er salute og droplute og skjengjute. For eg hev set korleis Laban fer åt mot deg.

13  Eg er den Gud som du såg i Betel, der du salva ein minnestein, der som du gjorde meg ein lovnad. Gjer deg no reidug og far ut or dette landet og attende til fødesheimen din!

14  Då svara Rakel og Lea og sa til han: Hev då me endå nokon lut og arv i huset åt far vår?

15  Hev ikkje han rekna oss for framande? Han hev selt oss og sjølv øydt upp det han fekk for oss.

16  All rikdomen som Gud hev teke frå far vår, høyrer oss og borni våre til. Gjer no berre du alt det som Gud hev sagt til deg!

17  So budde Jakob seg til ferdi og sette borni og konone sine på kamelane.

18  Og han tok med seg alt bufeet sitt og alt godset som han hadde samla seg, det feet han åtte og hadde ale seg til i Mesopotamia, og vilde fara til Isak, far sin, i Kana'ans-land.

19  Laban hadde gjenge av og skulde klyppa sauene sine. Då stal Rakel med seg husgudane som far hennar hadde.

20  Og Jakob stal seg burt ifrå Laban, aramearen, og gat ikkje noko um at han vilde fara sin veg.

21  Han tok ut med alt det han åtte, og gav seg på vegen og sette yver elvi* og tok leidi mot Gilead-fjellet.

22  Tridje dagen etter fekk Laban vita at Jakob hadde stroke sin veg.

23  Då tok han med seg skyldfolki sine og sette etter han sju dagsleider og nådde han att på Gilead-fjellet.

24  Men Gud kom til Laban, aramearen, i ein draum um natti og sa til han: Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!

25  Då Laban nådde att Jakob, hadde Jakob sett upp tjeldbui si på fjellet; og Laban og skyldfolki hans sette og upp bui si på Gilead-fjellet.

26  Og Laban sa til Jakob: Kva tyder det at du hev stole deg burt ifrå meg og drege døtterne mine av garde som dei var hertekne?

27  Kvi løynde du deg av og stal deg burt ifrå meg? Kvi sa du det ikkje til meg, so eg kunde fylgt deg på vegen med glederop og song og trummor og harpor?

28  Du let meg ikkje ein gong få kyssa sønene og døtterne mine. Dette var uvisleg gjort av deg!

29  Eg hev det i mi makt å gjera dykk ilt. Men Gud åt far dykkar sa til meg i natt: Vara deg no og seg ikkje eit ord til Jakob!

30  Men var det no so at du laut taka ut, av di du lengta so sårt etter farshuset ditt, kvi stal du då gudane mine?

31  Då svara Jakob og sa til Laban: Eg var redd; eg tenkte du kunde taka døtterne dine frå meg med hardo.

32  Men den du finn husgudane dine hjå, han skal ikkje leva. Sjå no etter, og lat skyldfolki våre vera vitne, um du kannast med noko av det eg hev med meg, og tak det so til deg! Men Jakob visste ikkje at Rakel hadde teke dei.

33  Og Laban gjekk inn i bui hans Jakob og i bui hennar Lea og i bui åt båe ternone, men fann ikkje noko. So gjekk han ut or bui hennar Lea og inn i bui hennar Rakel.

34  Men Rakel hadde teke husgudane og lagt dei i kamelsalen og sett seg på dei. Og Laban ransaka heile bui, men fann ikkje noko.

35  Og ho sa til far sin: Far må ikkje vera vond for di eg ikkje kann reisa meg upp for han! For det er so med meg no som stundom plar vera med kvinnone. Og han leita både høgt og lågt, men fann ikkje husgudane.

36  Då vart Jakob harm og skjemde på Laban. Og Jakob tok til ords og sa til Laban: Kva hev eg forbrote, kva vondt hev eg gjort, sidan du elter meg so?

37  No hev du ransaka alt det eg hev; kva fann du då som høyrer huset ditt til? Legg det fram her og lat mine og dine skyldfolk få sjå det, so dei kann døma millom oss tvo!

38  No hev eg vore hjå deg i tjuge år; søyone og geitene dine hev aldri kasta, og verane i fenaden din hev eg ikkje ete upp.

39  Det som var ihelrive, kom eg ikkje heim til deg med. Sjølv bøtte eg skaden. Av meg kravde du det, anten det var stole um dagen eller um natti.

40  Um dagen vilde hete tyna meg, og kulden um natti, eg fekk ikkje svevn på augo.

41  Tjuge år er det no eg hev vore hjå deg; fjortan år hev eg tent for båe døtterne dine og seks år for fenaden din; men du brigda um att løni mi dei ti gongene.

42  Hadde ikkje Gud åt far min, han som var Gud åt Abraham, og som Isak og ber age for, hadde ikkje han vore med meg, so hadde du visst no sendt meg burt med tvo hender tome. Men Gud hev set mi møda og alt mitt slep, og han hev dømt i natt.

43  Då svara Laban og sa til Jakob: Det er mine døtter og mine born og min buskap og mitt alt du ser. Kva skulde eg då no gjera desse døtterne mine eller borni deira, som dei hev født til verdi?

44  So kom no og lat oss gjera ei semja, eg og du, og den skal vera til vitne millom meg og deg!

45  So tok Jakob ein stein og reiste han upp til ein minnestein.

46  Og Jakob sa til skyldfolki sine: Sanka i hop stein! So fann dei seg steinar og bygde ein varde og sette seg og åt der, innmed varden

47  Og Laban kalla varden Jegar-Sahaduta*, men Jakob kalla han Gal-Ed*.

48  Og Laban sa: Denne varden skal vera vitne millom meg og deg i dag. Difor kalla dei han Gal-Ed,

49  og Mispa*, av di han sa: Herren halde vakt millom meg og deg, når me kjem einannan or syni.

50  Fer du ille med døtterne mine, eller tek du deg andre konor attåt døtterne mine, då er det fulla ingen mann innmed oss, men kom i hug det: Gud er vitne millom meg og deg.

51  Og Laban sa til Jakob: Sjå, denne varden og denne minnesteinen som eg hev reist millom meg og deg -

52  vitne skal dei vera, både varden og minnesteinen, at ikkje skal eg fara framum denne varden burt til deg, og ikkje skal du fara hitum denne varden til meg på det som vondt er.

53  Gud åt Abraham og Gud åt Nakor døme millom oss, han som var Gud åt far deira! So svor Jakob ved han som Isak, far hans, hadde age for.

54  Og Jakob ofra eit slaktoffer på fjellet og bad skyldfolki sine eta med seg. Og dei åt med han og var på fjellet um natti.

55  Um morgonen tidleg reis Laban upp og kysste sønene og døtterne sine og velsigna dei. So tok Laban ut og for heim att til seg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23