«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 30

1  Då Rakel såg at ho og Jakob ikkje fekk born, vart ho ovundsjuk på syster si og sa til Jakob: Lat meg få born! Elles so døyr eg!

2  Då vart Jakob harm på Rakel og sa: Er eg i staden åt Gud, som hev meinka deg born?

3  Då sa ho: Sjå her er Bilha, terna mi. Gakk inn til henne, so ho kann føda på fanget mitt* og hjelpa meg og til born!

4  So gav ho han Bilha, terna si, til kona, og Jakob gjekk inn til henne.

5  Bilha vart med barn og fekk ein son med Jakob.

6  Då sa Rakel: Gud hev dømt i mi sak; han hev høyrt bøni mi og gjeve meg ein son. So kalla ho han Dan*.

7  Og Bilha, terna hennar Rakel, vart med barn att og fekk ein son til med Jakob.

8  Då sa Rakel: Guds stridar hev eg stridt med syster mi, og no hev eg vunne. So kalla ho han Naftali*.

9  Då Lea såg at ho ikkje fekk fleire born, tok ho Silpa, terna si, og gav Jakob til kona.

10  Og Silpa, terna hennar Lea, fekk ein son med Jakob.

11  Då sa Lea: Til lukka! So kalla ho han Gad*.

12  Og Silpa, terna hennar Lea, fekk ein son til med Jakob.

13  Då sa Lea: Å sæle meg! For alle kvinnor kjem til å sælka meg! So kalla ho han Aser*.

14  Ein dag i kveiteskurden gjekk Ruben av og fann rune-eple* på marki og bar dei med heim til Lea, mor si. Då sa Rakel til Lea: Kjære vene, gjev meg nokre av dei rune-epli som son din hev funne!

15  Men ho svara henne: Er det ikkje nok at du hev teke mannen min? Vil du no taka rune-epli åt son min og? Då sa Rakel: Det er det same, fær eg rune-epli åt son din, so kann mannen få sova hjå deg i natt.

16  Um kvelden, då Jakob kom heim frå marki, gjekk Lea til møtes med han og sa: Det er hjå meg du skal vera i natt; eg hev tinga deg for rune-epli åt son min. So sov han hjå henne den natti.

17  Og Gud høyrde Lea, og ho vart med barn og åtte den femte sonen.

18  Då sa Lea: No hev Gud gjeve meg mi løn, for di eg let mannen få terna mi. So kalla ho han Issakar*.

19  Og Lea vart med barn att og åtte den sette sonen.

20  Då sa Lea: Gud hev gjeve meg ei god gåva. No kjem mannen min til å bu hjå meg, sidan han hev fenge seks søner med meg! So kalla ho han Sebulon*.

21  Sidan åtte ho ei dotter og kalla henne Dina.

22  Då kom Gud i hug Rakel, og Gud høyrde bønene hennar og gjorde henne barnkjømd.

23  So vart ho då umhender og åtte ein son. Då sa ho: Gud hev teke burt skammi mi.

24  Og ho kalla han Josef*; og sa: Gjev Herren vilde lata meg få ein son til!

25  Då no Rakel hadde fenge Josef, sa Jakob til Laban: Slepp meg or tenesta, so eg kann fara heim til mitt eige land!

26  Lat meg få konone og borni mine, som eg hev tent for, so vil eg fara! For du veit sjølv kor lenge eg hev tent hjå deg.

27  Då sa Laban til han: Hadde du berre nokon godvilje for meg! Eg hev fenge ei vitring um at det er for di skuld Herren hev velsigna meg.

28  Set berre på kva du vil hava i løn, sa han, so skal eg gjeva deg det!

29  Og Jakob sa til han: Du veit sjølv kor vel eg hev tent deg, og korleis bufeet ditt hev muna medan eg hev stelt det.

30  For det var lite du hadde fyrr eg kom hit, og no hev det auka mengdevis, og Herren hev velsigna deg for kvart fet eg gjekk. Men når skal no eg få syta for mitt eige hus?

31  Då sa Laban: Kva skal eg gjeva deg? Jakob svara: Du tarv ikkje gjeva meg noko. Vil du gjera som eg no segjer, so skal eg gjæta buskapen din og sjå etter han, som eg hev gjort.

32  I dag vil eg ganga gjenom heile buskapen din og skilja ut alt som er droplut eller spreklut og alt som er svart i saueflokken, og alt som er spreklut eller droplut i geiteflokken, og det skal vera løni mi.

33  Og ærlegdomen min skal svara for meg, når du heretter kjem og ser yver løni mi. Finst det hjå meg nokor geit som ikkje er droplut eller spreklut, eller nokon sau som ikkje er svart, so er dei stolne.

34  Då svara Laban: Ja ja, lat det vera som du segjer!

35  Og same dagen skilde han ut dei bukkane som var salute og spreklute, og dei alle geitene som var droplute og spreklute, alt som det var noko kvitt på, og alt som var svart i saueflokken, og let sønene sine taka vare på det.

36  Og han la tri dagsleider millom seg og Jakob. Og Jakob laut gjæta det som att var av fenaden hans Laban.

37  Men Jakob fann seg grøne stavar av poppel og hasl og løn og randa dei, so den kvite veden synte millom borkerendene.

38  Og stavane som han hadde randa, sette han upp i trørne, i vasskupone, der småfeet kom og skulde drikka, midt for augo på småfeet; for det var jamt dei flaug når dei kom og skulde drikka.

39  So para småfeet seg innmed stavane og fekk ungar som var salute og droplute og spreklute.

40  Men lambi skilde Jakob ifrå og let småfeet venda augo mot det som var salut, og mot alt som var svart i buskapen hans Laban. Soleis fekk han seg flokkar for seg sjølv og slepte dei ikkje i hop med buskapen hans Laban.

41  Og kvar gong det var triveleg småfe som flaug, so sette Jakob randestavane i trørne, midt for augo på dei, so dei skulde para seg innmed stavane.

42  Men var det slikt som ikkje vilde trivast, so sette han ikkje stavane der. Soleis fekk Laban det feet som ikkje vilde trivast, og Jakob det som var triveleg.

43  Og mannen vart rikare og rikare og fekk mykje bufe og gjentor og drenger og kamelar og asen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23