«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 3

1  Men ormen var sløgaste av alle villdyri som Herren Gud hadde gjort, og han sa til kvinna: Kann det vera råd at Gud hev sagt at de ikkje må eta av noko tre i hagen?

2  Og kvinna sa til ormen: Me kann eta av fruktene på trei i hagen,

3  men frukti på det treet som er midt i hagen - den, sa Gud, må de ikkje eta av og ikkje røra; for då skal de døy!

4  Då sa ormen til kvinna: De skal ikkje døy.

5  Men Gud veit vel at den dag de et av frukti, skal augo dykkar opnast; og de skal verta liksom Gud og skyna godt og vondt.

6  Og kona såg at treet var godt å eta av, og tykte det var ein hugnad for augo og eit gildt tre, med di det kunde gjera ein klok. So tok ho av frukti og åt, og gav mannen sin og med seg, og han åt.

7  Då fekk dei augo upp båe tvo og gådde at dei var nakne. Og dei neste i hop lauv av fiketreet og sveipte kring livet.

8  Og dei høyrde Herren Gud som gjekk i hagen, då det leid imot kvelden og tok til å svalna. Og Adam og kona hans løynde seg for Guds augo millom trei i hagen.

9  Då ropa Herren Gud på Adam og sa til han: Kvar er du?

10  Og han svara: Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, av di eg var naken, og so løynde eg meg.

11  Då sa han: Kven sa deg det at du er naken? Hev du ete av det treet eg sa deg at du ikkje måtte eta av?

12  Og Adam sa: Kvinna som du gav meg til å vera saman med, ho gav meg av treet, og eg åt.

13  Då sa Herren Gud til kvinna: Kva er det du hev gjort! Og kvinna sa: Ormen lokka meg, og eg åt.

14  Då sa Herren Gud til ormen: For di du gjorde det, skal du vera forbanna millom alt bufeet og millom alle villdyri. På buken skal du skrida, og mold skal du eta alle dine levedagar.

15  Og hat vil eg setja millom deg og kvinna og millom di ætt og hennar ætt. Dei skal krasa ditt hovud, og du skal hogga dei i hælen.

16  Og til kvinna sa han: Stor vil eg gjera di møda, so tidt du er umhender. Med verk og vande skal du eiga born, og etter mannen din skal du stunda, og han skal hava velde yver deg.

17  Og til Adam sa han: For di du lydde kona di og åt av det treet som eg forbaud deg å eta av, so skal jordi vera forbanna for di skuld. Med møda skal du næra deg av henne alle dine levedagar.

18  Torn og tistel skal ho bera deg, og du skal eta urtene på marki.

19  Med sveiten i andletet skal du eta ditt brød, til dess du fer i jordi att; for av henne er du teken. For mold er du, og til moldi skal du attende.

20  Og Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor åt alle dei levande.

21  Og Herren Gud gjorde skinnkjolar til Adam og kona hans og klædde dei med.

22  Og Herren Gud sa: Sjå, mannen hev vorte som ein av oss til å skyna godt og vondt. Berre han no ikkje retter ut handi og tek av livsens tre og et og lever i all æva!

23  Og Herren Gud viste han ut or Edens hage og sette han til å dyrka jordi, som han var teken utav.

24  Og han dreiv mannen burt; og framfyre Edens hage sette han kjerubane med logande sverd, som dei let brå att og fram; dei skulde vakta vegen til livsens tre.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23