Første Mosebok 28
1 Og Isak kalla Jakob inn til seg og velsigna han og talde for han og sa til han: Du skal ikkje taka nokor av Kana'ans-døtterne til kona.
2 Gjer deg reidug og far til Mesopotamia, til huset åt Betuel, morfar din; få deg der ei kona, ei av døtterne hans Laban, morbror din!
3 Og Gud den allmektige velsigna deg og late ætti di veksa og aukast, so du vert til ein heil flokk med folkeslag.
4 Han gjeve deg velsigningi åt Abraham, både deg og ætti di med deg, so du kjem til å eiga det landet du no held til i, det som Gud gav Abraham!
5 So bad Isak farvel med Jakob, og han for til Mesopotamia, til Laban Betuelsson, aramearen, som var bror hennar Rebekka, mor åt Jakob og Esau.
6 Då Esau såg at Isak hadde velsigna Jakob og sendt han til Mesopotamia, av di han vilde at han skulde få seg ei kona derifrå, at han hadde velsigna han, og tala for han og sagt: Du skal ikkje taka nokor av Kana'ans-døtterne til kona!
7 og at Jakob hadde lydt foreldri sine og fare til Mesopotamia,
8 og då Esau såg at Isak, far hans, mislika Kana'ans-døtterne,
9 so gjekk han til Ismael og tok Mahalat, dotter åt Ismael, son hans Abraham, syster åt Nebajot, til kona attåt dei andre konone sine.
10 Og Jakob tok ut frå Be'erseba og gav seg på vegen til Karan.
11 So kom han til ein stad som han laut gjeva seg til um natti; for soli var gladd. Og han tok ein av steinane som låg der, og hadde til hovudgjerde, og la seg til å sova på den staden.
12 Då drøymde han og såg ein stige som stod på jordi og rakk med øvste enden upp i himmelen, og sjå, Guds englar kleiv upp og ned etter stigen.
13 Og sjå: Herren stod øvst på stigen og sa: Eg er Herren, Gud åt Abraham, far din, og Gud åt Isak. Dette landet som du no ligg i, det vil eg gjeva deg og ætti di.
14 Og ætti di skal verta som dusti på jordi, og du skal greina deg ut i vest og i aust og i nord og i sud, og i deg og di ætt skal alle ætter på jordi velsignast.
15 Og sjå, eg skal vera med deg og vara deg kvar du so fer, og leida deg attende til dette landet; eg skal ikkje sleppa deg utor augo fyrr eg hev gjort det eg hev lova deg!
16 Då Jakob vakna or svevnen, sa han: Ja, sanneleg er Herren på denne staden, og eg visste det ikkje!
17 So kom det ein otte yver han, og han sa: Kor ageleg han er, denne staden! Dette må vera Guds hus, her er porten til himmelen.
18 Um morgonen reis Jakob upp og tok den steinen han hadde havt til hovudgjerd, og reiste han upp til ein minnestein og slo olje uppå han.
19 Og han kalla staden Betel*. Men fyrr heitte byen Luz.
20 Og Jakob gjorde ein lovnad og sa: Vil Gud vera med meg og vara meg på denne ferdi mi og gjev meg mat å eta og klæde å klæda meg med,
21 og eg kjem vel heim att til huset åt far min, so skal Herren vera min Gud,
22 Og denne steinen som eg hev reist upp til ein minnestein, skal vera eit Guds hus, og av alt du gjev meg, skal eg svara deg tiend.