Første Mosebok 25
1 Og Abraham tok seg ei kona att; ho heitte Ketura.
2 Med henne fekk han sønene Simran og Joksan og Medan og Midian og Jisbak og Suah.
3 Og Joksan var far til Sjeba og Dedan; og borni hans Dedan var assurarane og letusarane og le'ummarane.
4 Og borni hans Midian var Efa og Efer og Hanok og Abida og Elda'a. Alle desse var borni hennar Ketura.
5 Abraham gav Isak alt det han åtte.
6 Men sønene åt fylgjekonone sine gav Abraham gåvor og let dei flytja burt frå Isak, son sin, og taka austetter, til Auster-land, medan han endå levde.
7 Og dette er dagane hans Abraham og den alderen han nådde: hundrad og fem og sytti år.
8 Og Abraham sålast og døydde i ein god alderdom, gamal og mett av dagar; og kom til federne sine.
9 Og Isak og Ismael, sønene hans, jorda han i Makpelahelleren, på gjordet hans Efron, son åt Sohar, hetiten, austanfor Mamre,
10 det gjordet som Abraham hadde kjøpt av Hets-borni. Der vart Abraham og Sara, kona hans jorda.
11 Men då Abraham var slokna, velsigna Gud Isak, son hans. Og Isak han budde attmed Lakai Ro'i-brunnen.
12 Dette er ættetavla åt Ismael, son hans Abraham, han som Abraham fekk med Hagar frå Egyptar-land, terna hennar Sara.
13 Og dette er namni på sønene hans Ismael, dei namni som er i ættesoga deira: Nebajot, det var eldste son hans Ismael, og Kedar og Adbe'el og Mibsam
14 og Misma og Duma og Massa
15 og Hadar og Tema og Jetur og Nafis og Kedma.
16 Dette var sønene hans Ismael; og det er namni deira, i byane og lægri deira, tolv ættehovdingar.
17 Og dette er leveåri hans Ismael: hundrad og sju og tretti år. Og han sålast og døydde og kom til federne sine.
18 Og dei budde frå Havila til Sur, som ligg midt for Egyptar-land, når du tek leidi mot Assur. Austanfor alle brødrene sine slo han seg ned.
19 Dette er ættesoga hans Isak, son åt Abraham: Abraham var far åt Isak.
20 Og Isak var fyrti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter åt Betuel, aramearen frå Mesopotamia, og syster åt Laban, aramearen.
21 Og Isak bad til Herren for Rebekka, kona si; av di ho var barnlaus. Og Herren høyrde bøni hans, og Rebekka, kona hans, vart umhender.
22 Men borni drogst i livet hennar. Då sa ho: Er det so, kvi skal eg då vera til? Og ho gjekk av stad og spurde Herren.
23 Og Herren sa til henne: I livet ditt er tvo folk, og frå fanget ditt skal tvo folkeslag greina seg ut; det eine folket skal vera sterkare enn hitt, og den eldste skal tena den yngre
24 Då so tidi hennar kom at ho skulde eiga barn, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
25 Og den som kom fyrst, var raud, og loden yver heile kroppen, som ein feld; so kalla dei han Esau*.
26 Og då broren hans kom, heldt han med handi i hælen på Esau. So kalla dei han Jakob*. Då dei kom til verdi, var Isak seksti år gamal.
27 Og sveinane voks upp, og Esau vart ein glup veidemann og heldt til i skog og mark; men Jakob var ein mild og fredsam kar og heldt seg heime, attmed tjeldbui.
28 Isak tykte gildast um Esau, for han åt gjerne vilt; men Rebekka tykte gildast um Jakob.
29 Ein gong koka Jakob ein velling; då kom Esau heim av skogen, og var trøytt og mod.
30 Og Esau sa til Jakob: Å lat meg få gløypa i meg noko av det raude, dette raude der; eg er reint kvitt! Difor kalla dei han Edom*.
31 Då sa Jakob: Sel meg fyrst odelen din!
32 Esau svara: Du ser eg er åt og skal døy; kva skal eg då med odelen?
33 Då sa Jakob: Gjer fyrst eiden på det! So gjorde Esau eiden på det og selde odelen sin til Jakob.
34 Og Jakob gav Esau brød og linsevelling, og han åt og drakk og reis upp og gjekk sin veg. So lite vyrde Esau odelen.