«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 21

1  Og Herren såg til Sara som han hadde sagt, og Herren gjorde for Sara det som han hadde lova.

2  Sara vart med barn og fekk ein son med Abraham på hans gamle dagar, den tid som Gud hadde nemnt.

3  Abraham kalla son sin, den som Sara hadde fenge, Isak.

4  Og Abraham umskar Isak, son sin, då han var åtte dagar gamal, som Gud hadde sagt han fyre.

5  Abraham var hundrad år gamal, då Isak, son hans, kom til verdi.

6  Då sa Sara: Gud hev laga det so eg lyt læ; og alle som høyrer det, kjem til å læ åt meg.

7  Kven skulde vel sagt det til Abraham at Sara skulde leggja eit born til brjostet? sa ho, og so på hans gamle dagar hev eg fenge ein son!

8  Og sveinen voks upp, og ho vande han av, og Abraham gjorde eit stort gjestebod den dagen Isak vart avvand.

9  Og Sara såg at sonen som Hagar frå Egyptar-land, hadde so ho hadde fenge med Abraham, gjønte.

10  Då sa ho til Abraham: Du skal jaga den terna der og son hennar! For ikkje skal sonen åt denne terna erva i hop med min son, med Isak.

11  Dei ordi gjorde Abraham hjarteleg ilt for sonen skuld.

12  Men Gud sa til Abraham: Du skal ikkje hava hugilt for sveinen skuld eller terna skuld! Lyd du Sara i alt det ho segjer deg! For etter Isak skal ætti di heita.

13  Men sonen åt terna vil eg og gjera til eit folk, etter di han er din son.

14  Morgonen etter reis Abraham tidleg upp og tok fram brød og ei hit med vatn; dette gav han Hagar og la det på herdane hennar; og han let henne få sveinen og bad henne fara. So gjekk ho sin veg og vingla umkring i Be'erseba-øydemarki.

15  Og vatnet traut i hiti. Då la ho sveinen ned under ein runne,

16  og sjølv gjekk ho eit stykke burt, som eit bogeskot på lag, og sette seg der. Ho tenkte: Eg kann ikkje sjå på at sveinen døyr; difor sette ho seg eit stykke ifrå, og ho brast i og gret.

17  Men Gud høyrde sveinen øya seg, og Guds engel ropa frå himmelen til Hagar og sa til henne: Kva vantar deg, Hagar? Du tarv ikkje ottast! For Gud hev høyrt sveinen øya seg der han er.

18  Reis deg, lyft sveinen upp og hald han fast i handi; for eg vil gjera han til eit stort folk.

19  Og Gud opna augo hennar, so ho såg ein brunn; so gjekk ho dit og fyllte hiti med vatn og gav sveinen drikka.

20  Og Gud var med sveinen, og han voks upp og budde i øydemarki, og då han tok til å mannast, vart han bogeskyttar.

21  Han slo seg ned i Paran-øydemarki, og mor hans fann ei kona åt han frå Egyptar-land.

22  I same tid hende det at Abimelek og Pikol, som var hovding yver heren hans, kom og sa til Abraham: Gud er med deg i alt det du gjer.

23  So sver meg no her ved Gud at du ikkje vil fara med svik mot meg eller mot borni og etterkomarane mine! Liksom eg hev gjort vel imot deg, so skal du gjera vel imot meg og mot det landet du hev fenge tilhald i.

24  Og Abraham sa: Ja, det skal eg sverja på.

25  Og Abraham kjærde seg for Abimelek yver ein brunn som drengene hans Abimelek hadde rana til seg.

26  Då sa Abimelek: Eg veit ikkje kven som hev gjort dette. Ikkje hev du sagt meg det, og eg hev ikkje eg høyrt det heller fyrr no i dag.

27  So tok Abraham både sauer og naut og gav Abimelek, og dei gjorde ei semja seg imillom.

28  Og Abraham sette sju gimberlamma av fenaden for seg sjølve.

29  Då sa Abimelek til Abraham: Kva tyder det at du hev sett desse sju lambi for seg sjølve?

30  Han svara: Desse sju lambi skal du hava av meg; det skal vera eit vitnemål for meg at eg hev grave denne brunnen.

31  Difor kalla dei den staden Be'erseba*. For der gjorde dei båe eiden.

32  So gjorde dei då ei semja i Be'erseba. Og Abimelek og Pikol, hovdingen yver heren hans, tok ut og for heim att til Filistar-landet.

33  Og Abraham planta ei tamariska i Be'erseba, og der kalla han på Herren, ævordoms Gud.

34  Og Abraham heldt lenge til i Filistar-landet.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23