«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 19

1  Og dei tvo englane kom til Sodoma um kvelden, medan Lot sat i byporten. Då Lot fekk sjå dei, reiste han seg og gjekk imot dei, og bøygde seg nedåt jordi

2  og sa: Gode herrar, gjer so vel og ver med tenaren dykkar heim, gjev dykk til hjå meg i natt, og två føtene dykkar! So kann de vera tidleg upp i morgon og taka på vegen att. Og dei svara: Nei, me vil vera ute på torget i natt.

3  Men han nøydde dei so lenge til dei fylgde han heim og var med han inn. Og han gjorde eit gjestebod åt dei og baka usyrt brød, og so åt dei.

4  Dei hadde endå ikkje lagt seg, so kom byfolket, mennene i Sodoma, både unge og gamle, heile lyden, frå alle kantar og slo ring um huset.

5  Og dei ropa på Lot og sa til han: Kvar er dei mennene som kom heim til deg i kveld? Lat dei koma ut til oss, so me kann få vår vilje med dei!

6  Då gjekk Lot ut i døri til dei, og let henne att etter seg

7  og sa: Kjære brør, gjer då ikkje slik ei ugjerning!

8  Sjå eg hev tvo døtter som ingen kar hev vore nær. Lat meg senda dei ut til dykk, so kann de gjera med dei som de synest! Men desse mennene her, dei må de ikkje gjera noko, etter di dei hev kome inn under skuggen av taket mitt.

9  Men dei ropa: Or vegen med deg! Her kjem denne framandkaren og fær bu her, sa dei, og so gjev han seg til å døma jamt og samt! No skal me fara verre med deg enn med dei! Og dei gjekk hardt inn på mannen, på Lot, og styrmde innåt og vilde brjota sund døri.

10  Då rette mennene ut handi, tok Lot inn i huset til seg og stengde døri.

11  Og dei vildra synet på dei karane som var utfyre husdøri, både små og store, so dei fann ikkje døri, kor mykje dei streva.

12  Og mennene sa til Lot: Hev du elles nokon her, nokon måg, eller søner og døtter, eller nokon annan som høyrer deg til i byen, so skal lyt du få dei med deg burt herifrå!

13  For no skal me leggja denne staden i øyde, av di eit øgjeleg klagerop yver dei hev nått upp til Herren, og Herren hev sendt oss på den måten at me skal øydeleggja staden.

14  Då gjekk Lot ut og tala til mågane sine, dei som skulde hava døtterne hans, og sa: Upp og kom dykk burt frå denne staden! For no vil Herren øydeleggja byen. Men mågane hans tenkte at han berre vilde narra dei.

15  Det fyrste det tok til å dagast, skunda englane på Lot og sa: Upp! Tak kona di og dei tvo døtterne dine som er her, so du ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort i denne byen!

16  Men han tøvra. Då greip mennene han i handi, både han og kona og døtterne hans, av di Herren vilde spara han, og dei leidde han ut og slepte han ikkje fyrr dei var utanfor byen.

17  Då dei var utom byen komne, sa han*: Vil du berga livet, so røm! Sjå deg ikkje attende og stana ikkje på heile sletta! Røm upp på fjellet! elles ryk du med!

18  Då sa Lot til dei: Å nei, Herre!

19  Sjå, tenaren din hev funne nåde hjå deg, og stor er den miskunn du hev gjort meg med di du hev berga livet mitt. Men upp på fjellet kann eg ikkje nå. Ulukka kunde koma yver meg, so eg laut døy.

20  Sjå, denne byen der er snar å røma til, og han er so liten! Er han ikkje liten? Kjære, lat meg få berga meg dit, so eg vert verande i livet!

21  Då sa han til han: Ja, eg vil gjera deg til viljes i dette og, og ikkje øydeleggja den byen du talar um.

22  Skunda deg og røm dit, for eg kann ingen ting gjera fyrr du er komen der. Difor kallar dei den byen Soar*.

23  Soli hadde runne yver jordi då Lot kom til Soar.

24  Då let Herren det regna svovel og eld - frå Herren, frå himmelen - nedyver Sodoma og Gomorra

25  Og øydela både dei byane og heile sletta med alle som i byane budde og alt som på vollane voks.

26  Og kona hans Lot såg attum seg. Då vart ho til ein saltstein.

27  Um morgonen tidleg gjekk Abraham til den staden han var då han stod framfor Herren,

28  og han skoda utyver Sodoma og Gomorra og utyver alt landet på sletta, og då såg han - såg røyken valt upp av jordi som røyken av ein smelteomn.

29  So gjekk det til at då Gud øydela byane på Jordan-sletta, då kom Gud i hug Abraham og leidde Lot midt utor øydeleggjingi - den gongen han øydela dei byane som Lot hadde butt i.

30  Og Lot for frå Soar upp i fjellet og gav seg til der, og båe døtterne hans med han; for han torde ikkje bu i Soar. Og han budde i ei heller, både han og døtterne hans.

31  Då sa den eldste dotteri til den yngste: Far vår er gamal, og det finst ikkje menner i landet, so dei kunde ganga inn til oss, som visi er i all verdi.

32  Kom, lat oss gjeva far vår vin å drikka og leggja oss hjå han, so me held uppe ætti med far vår!

33  So skjenkte dei far sin vin same kvelden, og den eldste gjekk inn og la seg hjå far sin. Og han hådde ikkje då ho la seg, og heller ikkje at då ho reis upp att.

34  Og dagen etter sa den eldste til den yngste: Høyr her! I natt låg eg hjå far min. Lat oss gjeva han vin å drikka i kveld og, og gakk so du inn og legg deg hjå han, so held me uppe ætti uppe med far vår!

35  So skjenkte dei far sin vin den kvelden og. Og den yngste kom og la seg hjå han. Og han hådde ikkje at ho la seg, og heller ikkje at ho reis upp att.

36  Og båe døtterne hans Lot vart umhender med far sin.

37  Og den eldste fekk ein son og kalla han Moab. Frå han er Moab-folket ætta, alt til den dag i dag.

38  Og den yngste fekk og ein son og kalla han Ben-Ammi. Frå han er Ammons-sønene ætta, alt til den dag i dag.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23