Første Mosebok 18
1 Sidan synte Herren seg for han i Mamrelunden, medan han sat i døri til tjeldbui si midt på heitaste dagen.
2 Som han såg upp og skoda utyver, fekk sjå tri menner som stod framfyre han. Med same han vart var dei, sprang han imot dei frå tjelddøri og bøygde seg nedåt jordi
3 og sa: Herre, hev du noko godvilje for meg, so gjer vel og sjå innom åt tenaren din!
4 Lat oss få henta noko vatn, so de kann två føtene og kvila dykk her under treet!
5 So skal eg finna ein bete mat som de kann styrkja dykk med fyrr de fer lenger, sidan det høver seg so at de legg vegen um tenaren dykkar. Og dei sa: Ja, gjer som du segjer!
6 Då skunda Abraham seg inn i tjeldbui til Sara og sa: Nøyt deg og taka tri mål fint mjøl og knoda det og bak kakor!
7 Og burt til buskapen sprang han og tok ut ei kalv som var fin og god; den let han drengen få, og han nøytte seg og laga han til.
8 So tok han rjome og søt mjølk og kalven som drengen hadde laga til, og sette det fram åt dei, og sjølv stod han hjå dei under treet medan dei åt.
9 Då sa dei til han: Kvar er Sara, kona di? Abraham svara: Sjå der inni tjeldbui er ho.
10 Då sa han*: Når det lid ut årsmotet, kjem eg til deg att, og då hev Sara, kona di, fenge ein son. Og Sara høyrde det i tjelddøri; for den var attanfor han.
11 Men Abraham og Sara var gamle og ut i åri komne; Sara hadde det ikkje lenger so som kvendi plar hava det.
12 Difor lo Sara med seg sjølv og tenkte: Skulde eg få hug, endå so gamal og skrukkut som eg er? Og mannen min er og til års!
13 Då sa Herren til Abraham: Kvifor lær Sara og tenkjer: Kann dette vera sant at eg skal eiga barn, eg som er so gamal?
14 Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års dette bel kjem eg hit til deg att, og då hev Sara ein son.
15 Men Sara neitta og sa: Eg lo ikkje. For ho var redd. Då sa han: Jau, du lo.
16 So gjorde mennene seg ferdige og gjekk; og dei tok leidi burtimot Sodoma; og Abraham gjekk med dei; han vilde fylgja dei på vegen.
17 Då sa Herren: Kvi skulde eg dylja for Abraham det som eg tenkjer å gjera,
18 Abraham som skal verta far til eit stort og sterkt folk? Alle folkeslag på jordi skal velsignast i han.
19 For til det hev eg valt han ut at han skal segja til borni sine og til huset sitt etter seg at dei skal halda seg etter Herrens vegar og gjera rett og skil, so Herren kann lata det ganga fram som han hev lova Abraham.
20 Og Herren sa: Klageropet yver Sodoma og Gomorra det er øgjeleg, og syndene deira dei er ovleg svære.
21 No vil eg ned og sjå um dei hev fare so ille åt som det lydest av det ropet som hev stige upp til meg; og hev dei ikkje det, so vil eg vita det.
22 So snudde mennene seg og gjekk, og dei tok vegen til Sodoma. Men Abraham stod endå framfor Herren.
23 Og Abraham gjekk innåt og sa: Vil du verkeleg riva burt dei rettvise saman med dei gudlause?
24 Um det no er femti rettvise menner i byen? Vil du då riva dei burt og ikkje spara byen for deira skuld?
25 Det er ikkje di vis å fara so åt, drepa den som rettvis er, saman med den som er gudlause, so det gjeng den rettvise like eins som den gudlause. So er ikkje di vis! Den som byter rett all jordi yver, skulde ikkje han rett!
26 Då sa Herren: Finn eg i Sodoma femti rettvise menner, so skal eg spara heile byen for deira skuld.
27 Abraham tok til ords att og sa: Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren, endå eg er mold og oske.
28 Um det no vanta fem på dei femti rettvise mennene? Vil du då leggja heile byen i øyde for desse fem skuld? Og han svara: Finn eg fem og fyrti, so skal eg ikkje øydeleggja han.
29 Og Abraham heldt på og tala til han og sa. Um det no finst fyrti? Og han svara: Eg skal ikkje gjera det - for dei fyrti skuld.
30 Då sa Abraham: Herren må ikkje verta vreid um eg talar! Um det no finst tretti -? Og han svara: Eg skal ikkje gjera det so sant eg finn tretti.
31 Då sa Abraham: Sjå, eg hev våga meg til å tala til Herren! Um det no finst tjuge -? Og han svara: Eg skal ikkje øydeleggja byen - for dei tjuge skuld.
32 Då sa Abraham: Herren må ikkje verta vreid um eg talar berre denne eine gongen til! Um det berre finst ti -? Og han svara: Eg skal ikkje øydeleggja han - for dei ti skuld.
33 So gjekk Herren burt, då han hadde tala til endes med Abraham. Og Abraham gjekk heim att til seg.