«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 17

1  Då Abram var ni og nitti år gamal, synte Herren seg for han og sa: Eg er Gud den allmektige. Far du fram for mi åsyn og halt deg ulastande!

2  Eg vil gjera ei pakt millom meg og deg og auka ætti di endelaust.

3  Då kasta Abram seg å gruve, og Gud tala med han og sa:

4  Sjå, eg gjer ei pakt med deg, og du skal verta far åt ei mengd med folkeslag.

5  Dei skal ikkje lenger kalla deg Abram, men du skal heita Abraham; for til far åt ei mengd med folkeslag vil eg gjera deg.

6  Og eg vil lata deg veksa og aukast, so du vert til mange folkeslag; kongar skal ættast frå deg.

7  Og eg vil setja ei pakt millom meg og deg og ætti di etter deg, frå alder til alder, ei æveleg pakt, og vera din Gud og Gud åt ætti di etter deg.

8  Og eg vil gjeva deg og ætti di etter deg det landet du no held til i, heile Kana'ans-landet, til eiga i all æva; og eg vil vera deira Gud.

9  Og Gud sa til Abraham: Og du skal halda pakti mi, både du og ætti di etter deg, frå alder til alder!

10  Dette er pakti som de skal halda, millom meg og dykk og ætti di etter deg: Alt karfolk hjå dykk skal umskjerast.

11  De skal skjera av holdet på huva* dykkar; det skal vera merket på pakti millom meg og dykk.

12  Kvart sveinbarn hjå dykk skal umskjerast fyrst det er åtte dagar gamalt, alder etter alder, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar, alle dei som er frå framande land og ikkje er av di ætt.

13  Umskjerast skal både dei som er fødde i huset ditt, og dei er kjøpt for pengane dine, So skal pakti mi te seg på holdet dykkar, ei æveleg pakt.

14  Men den som ikkje er umskoren, den som huveholdet ikkje er avskore på, den mannen skal verta utrudd or folket sitt; han hev brote mi pakt.

15  Og Gud sa til Abraham: Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai; Sara skal ho heita.

16  Og eg vil velsigna henne og gjeva deg ein son med henne og; velsigna vil eg henne, og ho skal verta til mange folk; kongar yver folkeslag skal ættast frå henne.

17  Då kasta Abraham seg å gruve og lo. Og han sa med seg sjølv: Kann ein mann som er hundrad år gamal, få barn? Og Sara, som er nitti år, kann ho verta mor?

18  Og Abraham sa til Gud: Gjev Ismael måtte få leva for di åsyn!

19  Då sa Gud: Som eg hev sagt: Sara, kona di, skal eiga ein son, og du skal kalla han Isak, og eg vil gjera mi pakt med han, ei æveleg pakt for ætti hans etter han.

20  Og um Ismael, so hev eg og høyrt bøni di: Sjå, eg vil velsigna han og lata han veksa og aukast alt meir og meir. Tolv hovdingar skal han verta far til, og eg vil gjera han til eit stort folk.

21  Men pakti mi vil eg gjera med Isak, som Sara skal eiga eit anna år dette bel.

22  So sa han ikkje meir til han då. Og Gud for upp att frå Abraham.

23  Same dagen tok Abraham son sin, Ismael, og alle som var fødd i huset hans, og alle som var kjøpte for pengane hans, alt karfolket i huset hans Abraham, og skar av holdet på huva deira, som Gud hadde sagt til han.

24  Abraham var ni og nitti år gamal då huveholdet vart avskore på han.

25  Og Ismael, son hans, var trettan år gamal då huveholdet vart avskore på han.

26  Denne same dagen vart dei umskorne, både Abraham og Ismael, son hans.

27  Og alle karar i huset hans, både dei som var fødde i huset, og dei framande som var kjøpte for pengar, dei vart umskorne med han.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23