Første Mosebok 16
1 Sarai, kona hans Abram, fekk ikkje born. Men ho hadde ei terna som var frå Egyptar-land og heitte Hagar.
2 Og Sarai sa til Abram: Du ser Herren meinka meg born. Kjære deg, gakk inn til terna mi! Kann henda ho fær ein son åt meg. Og Abram lydde rådi hennar Sarai.
3 So tok Sarai, kona hans Abram, og let Abram, mannen sin, få Hagar frå Egyptar-land, som var terna hennar, til kona. Då var det ti år sidan Abram hadde slege seg ned i Kana'ans-land.
4 Og han gjekk inn til Hagar, og ho vart med barn. Men då ho såg at ho var med barn, vanvyrde ho matmor si.
5 Då sa Sarai til Abram: Du skal svara for den urett eg lid. Eg bad deg sjølv taka terna mi i fang, men no ho ser at ho er med barn, vanvyrder ho meg. Herren skal døma millom meg og deg!
6 Då sa Abram til Sarai: Terna di råder du sjølv yver. Gjer med henne som du synest! Sidan var Sarai hard med henne; og ho rømde sin veg.
7 Men Herrens engel fann henne innmed vasskjelda i øydemarki, den kjelda som er frammed vegen til Sur.
8 Og han sa: Du Hagar, terna hennar Sarai, kvar kjem du frå, og kvar etlar du deg? Og ho sa: Eg laut røma frå Sarai, matmor mi.
9 Då sa Herrens engel til henne: Gakk heim att til matmor di, og bøyg deg under handi hennar!
10 Og Herrens engel sa til henne: Eg vil gjeva deg ei ætt som er endelaus; reint uteljande skal ho vera.
11 Og Herrens engel sa til henne: Sjå, du er med barn, og du skal eiga ein son. Han skal du kalla Ismael*, av di Herren høyrde deg i naudi di.
12 Det verta eit villasen til kar. Hans hand skal vera lyft mot alle, og alle hender mot han; og han skal bu austanfor alle brørne sine.
13 Og ho nemnde Herren, som hadde tala med henne, og sa: Du er Gud, den som ser! Og ho sa: Kann det vera råd at eg her hev set skimten av den som ser meg?
14 Difor kallar dei den brunnen Lakai Ro'i-brunnen*; ho er millom Kades og Bered.
15 Og Hagar fekk ein son, og Abram kalla sonen sin som Hagar hadde fenge, Ismael.
16 Abram var seks og åtti år gamal då han fekk Ismael med Hagar.