Første Mosebok 14
1 I den tidi då Amrafel var konge i Sinear, og Arjok konge i Ellasar, og Kedorlaomer konge i Elam og Tideal konge yver Gojim,
2 då hende det at det vart ufred millom dei kongane og Bera, kongen i Sodoma, og Birsa, kongen i Gomorra, og Sineab, kongen i Adma, og Semeber, kongen i Sebo'im, og kongen i Bela, som no heiter Soar.
3 Alle desse slo seg i hop og la vegen til Siddimdalen, der Saltsjøen er no.
4 Tolv år hadde dei tent Kedorlaomer, men det trettande året fall dei frå han.
5 Og det fjortande året kom Kedorlaomer og dei kongane som var med han, og slo under seg refa'itane i Asterot-Karna'im og susitane i Ham og emitane i Sjave-Kirjata'im
6 og horitane på fjelli deira, Se'ir-fjelli, alt til El-Paran, som ligg utmed øydemarki.
7 So snudde dei og kom til En-Mispat, der som Kades ligg, og la under seg alt Amalekitar-landet og amoritane med, dei som budde i Haseson-Tamar.
8 Og kongen i Sodoma og kongen i Gomorra og kongen i Adma og kongen i Sebo'im og kongen i Bela, som no heiter Soar, dei tok ut og fylkte heren sin imot dei i Siddimdalen,
9 mot Kedorlaomer, kongen i Elam, og Tideal, kongen yver Gojim, og Amrafel, kongen i Sinear, og Arjok, kongen i Ellasar, fire kongar mot fem.
10 Men i Siddimdalen var det fullt av jordbekgrover. Og kongane i Sodoma og Gomorra laut røma, og då stupte dei ned i grovene, og dei som att var, rømde til fjells.
11 Og hine tok alt godset i Sodoma og Gomorra og all maten deira og drog burt.
12 Og dei tok med seg Lot, brorson hans Abram, og godset og drog av med; for han budde i Sodoma.
13 Men ein av dei som hadde kome seg undan, bar bod um alt dette til Abram, hebrearen, som budde attmed terebintelunden åt Mamre, amoriten. Og Mamre, han var bror åt Eskol og Aner, og dei var alle i samlag med Abram.
14 Då no Abram høyrde at brorson hans var fanga, tok han ut med alle sine fullrøynde sveinar, som var fødde og fostra i huset hans, tri hundrad og attan i talet, og sette etter dei alt til Dan.
15 Der bytte han sund flokken sin og tok på dei um natti med sveinane sine, og han vann yver dei og elte dei ratt til Hoba, som ligg nordanfor Damaskus.
16 So tok han att alt godset, og Lot, brorson sin, og hans gods tok han og att, kvinnone og heile folket med.
17 Då han so var på heimvegen og hadde vunne yver Kedorlaomer og dei kongane som var med han, kom kongen i Sodoma imot han til Sjavedalen, der som no heiter Kongsdalen.
18 Og Melkisedek, kongen i Salem, kom ut med brød og vin. Han var prest åt Gud den høgste.
19 Og han velsigna han og sa: Gud den høgste, han som eig himmel og jord, signe Abram!
20 Og lova vere Gud den høgste, som hev gjeve fiendane dine i di hand! Og Abram gav honom tiend av alt.
21 Og kongen i Sodoma sa til Abram: Gjev meg folket, og taka du godset!
22 Då sa Abram til kongen i Sodoma: Eg retter upp handi til Herren, Gud den høgste, han som eig himmel og jord:
23 Ikkje so mykje som ein tråd eller ei skoreim tek eg imot av det som ditt er. Du skal ikkje hava det å segja: Eg gjorde Abram rik.
24 Eg vil ingen ting hava, anna enn den maten som sveinane hev ete, og den luten som fell på dei mennene som var med meg, Aner og Eskol og Mamre; lat de få sin lut!