Første Mosebok 13
1 So for Abram frå Egyptar-land upp til sudlandet med kona si og alt det han åtte. Og Lot var med han.
2 Og Abram var ovleg rik, både på bufe og på sylv og gull.
3 Sidan for han frå sudlandet, dagslei etter dagslei, til dess han kom til Betel, til den staden som han fyrr hadde havt tjeldbui si, millom Betel og Ai,
4 der det altaret stod som han hadde bygt bygt fyrste gongen han var der. Og der kalla Abram på Herren.
5 Men Lot, som fylgdest med Abram, hadde og sauer og naut og tjeldbuer.
6 Og landet kunde ikkje føda dei når dei budde i hop; dei hadde so mykje fe at dei kunde ikkje bu saman.
7 So vart det trette millom dei som gjætte for Abram, og dei som gjætte for Lot. Og kana'anitane og ferisitane budde då der i landet.
8 Då sa Abram til Lot: Kjære deg, lat det ikkje vera tretta millom meg og deg og millom mine hyrdingar og dine. Me er då brør!
9 Hev du ikkje heile landet fyre deg? Skil då heller lag med meg! Tek du til vinstre, so skal eg taka til høgre, og tek du til høgre, so skal eg taka til vinstre.
10 Då skoda Lot i kring seg og og såg at heile Jordan-sletta, alt burtåt Soar, var rik på vatn yver alt, som Herrens hage, som Egyptar-landet - det var fyr Herren hadde lagt Sodoma og Gomorra i øyde.
11 Og Lot valde seg ut heile Jordan-sletta. So tok Lot austigjenom, og dei skildest frå einannan.
12 Abram vart buande i Kana'ans-landet. Og Lot budde i byane på Jordan-sletta og lægra alt burtåt Sodoma.
13 Men mennene i Sodoma var vondt og synda groveleg mot Herren.
14 Og Herren sa til Abram etter Lot hadde skilt lag med han: Lat upp augo dine og sjå ikring deg frå den staden du stend, nordetter og sudetter, og mot austetter og vestetter!
15 For alt det landet du ser, vil eg gjeva deg og di ætt til æveleg tid.
16 Og eg vil lata ætti di verta som dusti på jordi; kann nokon telja dusti på jordi, so kann dei og telja di ætt.
17 Upp og far landet igjenom, so langt og so breidt som det er! For deg vil eg gjeva det.
18 So flutte Abram tjeldbuene og kom til terebintelunden åt Mamre i Hebron. Der vart han buande, og bygde Herren eit altar.