«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 12

1  Då sa Herren til Abram: Far no du ut or landet ditt, burt ifrå folket og farshuset ditt, og til det landet som eg vil syna deg!

2  Og eg vil gjera deg til eit stort folk og velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal verta ei velsigning!

3  Og eg vil velsigna dei som velsignar deg, og den som forbannar deg, vil eg forbanna. Og i deg skal alle ætter på jordi velsignast.

4  So tok Abram ut, som Herren hadde sagt han fyre, og Lot var med han. Og Abram var fem og sytti år gamal då han flutte frå Karan.

5  Og Abram tok med seg Sarai, kona si, og Lot, brorson sin, og alt godset dei hadde vunne, og det folket dei hadde fenge i Karan, og dei tok ut og vilde fara til Kana'ans-land, og dei kom til Kana'ans-land.

6  Og Abram for framigjenom landet alt til Sikems-bygdi, til terebintelunden åt More. Og kana'anitane budde då der i landet.

7  Då synte Herren seg for Abram og sa: Dette landet vil eg gjeva ætti di! Og Abram bygde der eit altar for Herren, som hadde synt seg for han.

8  Derifrå flutte han til fjelli austanfor Betel og sette upp tjeldbui si so han hadde Betel i vest og Ai i aust. Og der bygde han Herren eit altar og kalla på Herren.

9  Sidan muna Abram seg etter kvart framigjenom til sudlandet*.

10  So vart det uår i landet. Då for Abram ned til Egyptar-land og vilde halda til der; for naudi var stor i landet.

11  Då det leid so langt at han mest var komen til Egyptar-land, sa han til Sarai, kona si: Høyr no her! Eg veit at du er ei fager kvinna.

12  Og det kjem til å ganga so at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: Dette er kona hans! Og so slær dei meg i hel, men deg let dei leva.

13  Kjære deg, seg du er syster mi, so det kann ganga meg vel for di skuld, og eg ikkje skal missa livet!

14  Då so Abram kom fram til Egyptar-land, såg egyptarane kvinna og tykte ho var ovfager.

15  Og hovdingane åt Farao såg henne og rosa henne for Farao. So vart kvinna henta til huset åt Farao.

16  Og Abram gjorde han vel imot for hennar skuld, og han fekk både sauer og naut og asen og drenger og gjentor og asenfyljor og kamelar.

17  Men Herren søkte Farao og huset hans med svære plagor for Sarai skuld, kona hans Abram.

18  Då kalla Farao Abram til seg og sa: Kva er det du hev gjort imot meg! Kvi let du meg ikkje vita at ho var kona di?

19  Kvi sa du at ho er syster di, so eg tok henne til kona? Sjå der hev du kona di! Taka henne og far din veg!

20  Og Farao sette nokre menner til å fylgja han på vegen med kona hans og alt det han åtte.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23