Første Mosebok 11
1 Og heile verdi hadde eitt tungemål og same ordi.
2 Og då dei for austigjenom, fann dei ei slette i Sinear-landet, og der slo dei seg ned.
3 Og dei sa seg imillom: Kom, lat oss gjera tigl og brenna det vel! Og so bruka dei tiglet til murstein, og i staden for kalk bruka dei jordbek.
4 So sa dei: Kom, lat oss byggja oss ein by med eit tårn som når upp i himmelen, og gjera oss namngjetne, so me ikkje vert spreidde ut yver all jordi!
5 Då steig Herren ned og vilde sjå byen og tårnet som manneborni bygde.
6 Og Herren sa: Sjå, dei er eitt folk, og alle hev dei eit tungemål; dette er det fyrste dei tek seg fyre, og no vert ikkje noko umogeleg for dei, kva dei so finn på å gjera.
7 Lat oss stiga ned der og vildra tungemålet deira, so den eine ikkje skynar kva den andre segjer.
8 So spreidde Herren dei derifrå ut yver heile jordi, og dei heldt upp med å byggja på byen.
9 Difor kalla dei han Babel; for der vildra Herren tungemålet for heile verdi, og derifrå spreidde Herren dei ut yver all jordi.
10 Dette er soga um Sems-ætti: Då Sem var hundrad år gamal, fekk han sonen Arpaksad, tvo år etter storflodi.
11 Og etter at Sem hadde fenge Arpaksad, levde han endå i fem hundrad år og fekk søner og døtter.
12 Då Arpaksad var fem og tretti år gamal, fekk han sonen Salah.
13 Og etter at Arpaksad hadde fenge Salah, levde han endå fire hundrad og tri år og fekk søner og døtter.
14 Då Salah var tretti år gamal, fekk han sonen Eber.
15 Og etter Salah hadde fenge Eber, levde han endå fire hundrad og tri år og fekk søner og døtter.
16 Då Eber var fire og tretti år gamal, fekk han sonen Peleg.
17 Og etter Eber hadde fenge Peleg, levde han endå fire hundrad og tretti år og fekk søner og døtter.
18 Då Peleg var tretti år gamal, fekk han sonen Re'u.
19 Og etter Peleg hadde fenge Re'u, levde han endå tvo hundrad og ni år og fekk søner og døtter.
20 Då Re'u var tvo og tretti år gamal, fekk han sonen Serug.
21 Og etter at Re'u hadde fenge Serug, levde han endå tvo hundrad og sju år og fekk søner og døtter.
22 Då Serug var tretti år gamal, fekk han sonen Nakor.
23 Og etter Serug hadde fenge Nakor, levde han endå tvo hundrad år og fekk søner og døtter.
24 Då Nakor var ni og tjuge år gamal, fekk han sonen Tarah.
25 Og etter Nakor hadde fenge Tarah, levde han endå hundrad og nittan år og fekk søner og døtter.
26 Då Tarah hadde fyllt sytti år, fekk han sønene Abram og Nakor og Haran.
27 Dette er soga um Tarah og ætti hans; Tarah fekk sønene Abram og Nakor og Haran. Og Haran fekk sonen Lot.
28 Og Haran døydde hjå Tarah, far sin, i fødesheimen sin, i Ur i Kaldea.
29 Og Abram og Nakor tok seg konor. Kona hans Abram heitte Sarai, og kona hans Nakor heitte Milka og var dotter åt Haran, far åt Milka og Jiska.
30 Men Sarai var barnlaus; ho hadde aldri ått barn.
31 Og Tarah tok med seg Abram, son sin, og Lot Haransson, soneson sin, og Sarai, sonekona si, kona hans Abram, og dei tok ut saman frå Ur i Kaldea og vilde fara til Kana'ans-land. Og dei kom til Karan, og vart buande der.
32 Og dagane hans Tarah vart tvo hundrad og fem år. So døydde Tarah i Karan.