«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 10

1  Dette er dei ættene som hev kome frå sønene hans Noah, Sem og Kam og Jafet: Dei fekk søner etter storflodi hadde vore.

2  Sønene hans Jafet var Gomer og Magog og Madai og Javan og Tubal og Mesek og Tiras.

3  Sønene hans Gomer var Askenas og Rifat og Togarma.

4  Sønene hans Javan var Elisa og Tarsis, og Kittim og Dodanim.

5  Frå dei hev folki på heidningstrendene greina seg ut i landi sine, kvart med sitt tungemål, etter sine ætter, i sine folkeslag.

6  Sønene hans Kam var Kus og Misra'im og Put og Kana'an.

7  Sønene hans Kus var Seba og Havila og Sabta og Raema og Sabteka, og sønene hans Raema var Sjeba og Dedan.

8  Kus fekk sonen Nimrod. Han var den fyrste som fekk stort velde på jordi.

9  Han var ein veldig veidemann i Herrens augo. Difor segjer folk: Ein veldig veidemann i Herrens augo, som Nimrod.

10  Fyrst rådde han yver Babel og Erek og Akkad og Kalne i Sinear-landet.

11  Frå det landet for han til Assur, og bygde Ninive og Rehobot-Ir og Kalah

12  og Resen millom Ninive og Kalah; dette er Storstaden.

13  Misra'im vart far til ludarane og anamarane og lehabarane og naftuharane,

14  og patrusarane og kasluharane, dei som filistarane hev kome frå, og kaftorarane.

15  Kana'an vart far til Sidon - det var den fyrste sonen hans - og til Het

16  og til jebusitane og amoritane og girgasitane

17  og hevitane og arkitane og sinitane,

18  og arvaditane og semaritane og hamatitane. Sidan breidde kana'anitarættene seg vidare ut.

19  Og landskilet åt kana'anitane gjekk frå Sidon til Gasa, når ein tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når ein tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebo'im.

20  Dette var Kams-borni, etter sine ætter, med sine tungemål, i sine land og folkeslag.

21  Og Sem, eldste bror hans Jafet, han fekk og born; han er det som alle Ebers-borni er ætta frå.

22  Og sønene hans Sem var Elam og Assur og Arpaksad og Lud og Aram.

23  Og sønene hans Aram var Us og Hul og Geter og Mas.

24  Og Arpaksad fekk sonen Salah, og Salah fekk sonen Eber.

25  Og Eber fekk tvo søner. Den eine heitte Peleg; for i hans dagar vart menneski spreidde utyver jordi. Og bror hans heitte Joktan.

26  Og Joktan vart far til Almodad og Salef og Hasarmavet og Jarah

27  og Hadoram og Usal og Dikla

28  og Obal og Abimael og Sjeba

29  og Ofir og Havila og Jobab; alle desse var sønene hans Joktan.

30  Og dei budde i Aust-fjellet, frå Mesa og burtimot Sefar.

31  Dette var Sems-borni, etter sine ætter, med sine tungemål, i sine land, i sine folkeslag.

32  Dette var dei ættene som hev kome frå sønene hans Noah, etter sine ættegreiner, i sine folkeslag. Og frå dei hev folkeslagi greina seg ut yver jordi etter storflodi.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23