Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Første Mosebok 1

1  I upphavet skapte Gud himmelen og jordi.

2  Og jordi var aud og øydi, og myrker låg yver det store djupet; men Guds Ande sveiv yver vatni.

3  Då sa Gud: Det verte ljos! So vart det ljos.

4  Og Gud såg at ljoset var godt. Og Gud skilde ljoset frå myrkret.

5  Og Gud kalla ljoset dag, og myrkret kalla han natt. Og det vart kveld, og det vart morgon, fyrste dagen.

6  Då sa Gud: Det verte ein vid kvelv midt i vatni; han skal skilja vatn ifrå vatn.

7  So gjorde Gud kvelven og skilde vatnet som er nedunder kvelven, frå det vatnet som er uppyver kvelven. Og det vart so.

8  Og Gud kalla kvelven himmel. Og det vart kveld, og det vart morgon, andre dagen.

9  Då sa Gud: Vatni under himmelen samle seg på ein stad, so det turre landet kjem fram! Og det vart so.

10  Og Gud kalla det turre landet jord, og vatni som hadde samla seg, kalla han hav. Og Gud såg det var godt.

11  Då sa Gud: Jordi bere fram gras og grode, urter som sår seg, og frukttre som ber frukt med deira frø i, utyver jordi, kvart etter sitt slag! Og so vart det.

12  Og jordi bar fram gras og grode, urter som sår seg, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med deira frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.

13  Og det vart kveld, og det vart morgon, tridje dagen.

14  Då sa Gud: Det verte ljos på himmelkvelven; dei skal skilja dagen frå natti. Og dei skal vera til merke og skipa tider og dagar og år.

15  Og dei skal vera til ljos på himmelkvelven og lysa utyver jordi. Og so vart det.

16  Og Gud gjorde dei tvo store ljosi, det større ljoset til å råda um dagen og det mindre ljoset til å råda um natti, og so stjernone.

17  Og Gud sette dei på himmelkvelven til å lysa utyver jordi

18  og til å styra dagen og natti og skilja ljoset frå myrkret. Og Gud såg det var godt.

19  Og det vart kveld, og det vart morgon, fjorde dagen.

20  Då sa Gud: Det skal yrja og aula med liv i vatnet, og fuglar skal fljuga yver jordi, uppunder himmelkvelven.

21  So skapte Gud dei store sjødyri og alt levande som det yr og kryr av i vatnet, kvart etter sitt slag, og alle fljugande fuglar, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.

22  Og Gud velsigna dei og sa: De skal veksa og aukast og fylla vatnet i havi, og fuglane skal aukast på jordi!

23  Og det vart kveld, og det vart morgon, femte dagen.

24  Då sa Gud: Jordi gjeve utor seg kvikjende av kvart slag, bufe, krek og villdyr, kvar etter sitt slag. Og so vart det.

25  Og Gud gjorde dei ville dyri, kvart etter sitt slag, og bufe av kvart eit slag, og alle dei dyr som krek på marki, kvart etter sitt slag. Og Gud såg det var godt.

26  Då sa Gud: Lat oss skapa menneske i vår likning, so dei vert biletet vårt! Dei skal råda yver fiskane i havet og yver fuglane under himmelen og yver feet og yver all jordi og yver alt liv som leikar på jordi.

27  So skapte Gud mennesket i si likning, i Guds likning skapte han det, til mann og kvinna skapte han dei.

28  Og Gud velsigna dei, og Gud sa til dei: De skal veksa og aukast og fylla jordi og leggja henne under dykk, og råda yver fiskane i havet og yver fuglane under himmelen og yver kvart dyr som røyver seg på jordi!

29  Og Gud sa: Sjå, eg gjev dykk alle urter som sår seg, alle som finst på jordi, og alle tre med alda som sår seg; det skal vera til føda for dykk.

30  Og alle dyri på jordi og alle fuglane under himmelen og alt det som yrer på jordi, alt som hev ande og liv, gjev eg alt det grøne graset til føda. Og so vart det.

31  Og Gud skoda alt han hadde gjort, og sjå, det var ovleg godt. Og det vart kveld, og det vart morgon, sette dagen.

Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23