«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Galaterne 6

1  Brør, um og eit menneske vert brått gripen i nokor synd, so må de som er åndelege, hjelpa han til rettes med spaklyndes ånd; men sjå deg sjølv fyre at ikkje du og skal vert freista.

2  Ber byrdene for kvarandre, og uppfyll på den måten Kristi lov!

3  For dersom nokon tykkjest vera noko og er då ingen ting, so dårar han seg sjølv.

4  Men kvar skal prøva si eigi gjerning, og so skal han hava ros berre etter det han sjølv er, og ikkje etter det den andre er;

5  for kvar skal bera si eigi byrd.

6  Den som vert upplærd i ordet, skal lata den som lærer han, få lut med seg i alt godt.

7  Far ikkje vilt! Gud let seg ikkje spotta; for det som eit menneske sår; det skal han og hausta.

8  For den som sår i sitt kjød, skal hausta tyning av kjøtet; men den som sår i Anden, han skal hausta æveleg liv av Anden.

9  Men lat oss ikkje verta trøytte av å gjera det gode! for i si tid skal me hausta, berre me ikkje trøytnar.

10  Lat oss då, medan det er høve til det, gjera det gode mot alle, men mest mot dei som høyrer trui til!

11  Sjå kor store bokstavar eg skriv med til dykk med mi eigi hand!

12  Alle dei som vil taka seg godt ut i kjøtet, dei nøyder dykk til å lata dykk umskjera, berre for di at dei ikkje skal verta forfylgde for Kristi kross skuld.

13  For ikkje ein gong dei som let seg umskjera, held lovi sjølve; men dei vil at de skal lata dykk umskjera, so dei kann rosa seg av dykkar kjøt.

14  Men det vere langt i frå meg å rosa meg av anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross; for ved den er verdi krossfest for meg, og eg for verdi.

15  For korkje umskjering eller fyrehud er noko, men berre ein ny skapning.

16  Og so mange som gjeng fram etter denne rettesnori, fred og miskunn vere yver dei og yver Guds Israel!

17  Heretter må ingen gjera meg bry! for eg ber Jesu merke på min lekam.

18  Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23