Paulus' brev til Galaterne 4
1 Men eg segjer: So lenge ervingen er barn, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre yver alt saman;
2 men han er under formyndarar og hushaldarar til den tidi faren fyreåt hev fastsett.
3 Soleis var me og, so lenge me var born, trælbundne under barnelærdomen åt verdi.
4 Men då tidi var fullkomi, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinna, fødd under lovi,
5 so han skulde kjøpa dei frie som var under lovi, so me skulde få barneretten.
6 Og av di de er søner, hev Gud sendt inn i hjarto våre sin Sons Ande, som ropar: Abba, Fader!
7 So er du då ikkje lenger træl, men son; men er du son, so er du og erving, ved Gud.
8 Men den tid de ikkje kjende Gud, træla de under dei gudar som i røyndi ikkje er gudar;
9 men no, då de kjenner Gud og - det som meir er - er kjende av Gud, kor kann de då venda attende til den veike og fatige barnelærdomen? Vil de atter på nyo træla under han?
10 De tek vare på dagar og månader og tider og år;
11 eg ottast for dykk at eg kann henda hev gjort meg møda med dykk til fåfengs.
12 Vert liksom eg! for eg er liksom de. Brør! eg bed dykk. De hev ingen urett gjort meg;
13 men de veit at det var på grunn av ei vanhelsa i kjøtet at eg fyrste gongen kom til å forkynna dykk evangeliet,
14 og endå mitt kjøt kunde freista dykk til det, vanvyrde de meg ikkje og stygdest ikkje ved meg. De fagna meg som ein Guds engel, ja, som Kristus Jesus.
15 Kor de prisa dykk sæle den gongen! for det vitnar eg um dykk at um det hadde vore mogeleg, so hadde de rive ut augo dykkar og gjeve meg.
16 So hev eg då vorte dykkar fiende ved å segja dykk sanningi!
17 Dei legg seg etter dykk med ein ihuge som ikkje er god; men dei vil stengja dykk ute, so de skal vera ihuga for dei.
18 Men det er godt og vera ihuga for det gode alltid, og ikkje berre når eg er hjå dykk.
19 Mine born, som eg atter føder med sår verk, til dess Kristus fær skapnad i dykk!
20 Eg skulde ynskja eg var hjå dykk no og kunde bringa mi røyst; for eg er rådvill med dykk.
21 Seg meg, de som vil vera under lovi: Høyrer de ikkje lovi?
22 For det stend skrive at Abraham hadde tvo søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna;
23 men son åt trælkvinna er fødd etter kjøtet, son åt den frie kvinna derimot etter lovnaden.
24 I dette ligg det ei djupare meining under; for desse kvinnone er tvo pakter: den eine frå Sinai-fjellet, og ho føder til trældom; dette er Hagar.
25 For Hagar er Sinai-fjellet i Arabia, og svarar til det Jerusalem som no er; for det er i trældom med borni sine.
26 Men det Jerusalem som er der uppe, er fritt, og det er mor vår;
27 For det stend skrive: Ver glad du barnlause, du som ikkje føder! set i og ropa, du som ikkje hev rider! for den einslege kvinna hev fleire born enn ho som hev mannen.
28 Men me, brør, er born etter lovnaden, liksom Isak.
29 Men liksom den gongen han som var fødd etter kjøtet, forfylgde han som var fødd etter Anden, soleis er det no og.
30 Men kva segjer Skrifti? Driv ut trælkvinna og son hennar! for son åt trælkvinna skal slett ikkje taka arv med son åt den frie kvinna.
31 So er me då, brør, ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.