«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Paulus' brev til Galaterne 3

1  Å de uvituge galatarar! kven hev trylt dykk, de som hev fenge Jesus Kristus måla for augo som krossfest?

2  Berre det vil eg få vita av dykk: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra trui forkynt?

3  Er de so uvituge? De tok til i Anden; vil de no fullenda i kjøt?

4  So mykje hev de røynt til unyttes! - um det då elles er til unyttes.

5  Han som gjev dykk Anden og let under verta gjorde millom dykk, gjer han det ved lovgjerningar eller ved tru-forkynning?

6  Liksom Abraham trudde Gud, og det vart rekna til rettferd.

7  Difor skal de vita at dei som hev trur, dei er Abrahams born.

8  Men Skrifti såg fyreåt at det er ved tru Gud gjer heidningane rettferdige, og gav so Abraham fyreåt det fagnadbodet: I deg skal alle folkeslag verta velsigna.

9  So vert då dei som hev trur, velsigna med den truande Abraham.

10  For so mange som held seg til lovgjerningar, dei er under forbanning; for det stend skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held ved i alt det som stend skrive i lovboki, so han gjer det!

11  Men at ingen vert rettferdiggjord for Gud ved lovi, det er audsynleg; for: Den rettferdige, ved tru skal han leva.

12  Men lovi hev ingen ting med trui å gjera, men: Den som gjer so, skal leva ved det.

13  Kristus kjøpte oss frie frå forbanningi av lovi, med di han vart ei forbanning for oss - for det stend skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre -

14  so velsigningi åt Abraham kunde koma yver heidningane i Kristus Jesus, so me ved trui kunde få Anden, som var oss lova.

15  Brør, eg talar på menneskevis. Jamvel når det gjeld ei menneskjeleg pakt, vil ingen gjera henne ugild eller leggja noko til etter ho er stadfest.

16  No vart lovnadene gjevne til Abraham og hans ætt; han segjer ikkje: Og dine ættingar, liksom um mange, men som um ein: Og di ætt, og det er Kristus.

17  Det eg vil segja, er dette: Ei pakt som fyreåt er stadfest av Gud, henne kann lovi, som vart gjevi fire hundrad og tretti år seinare, ikkje gjera ugild, so ho skulde gjera lovnaden til inkjes.

18  Får fær ein arven ved lov, so fær ein han ikkje lenger ved lovnad; men Gud gav Abraham han ved lovnad.

19  Kva skulde so lovi tena til? Ho vart sett attåt for misgjerdene skuld, til dess den ætti kom som lovnaden galdt - gjevi ved englar, ved ein millommanns hand;

20  men ein millommann er ikkje berre for ein; men Gud er ein.

21  Er so lovi imot Guds lovnader? Langt ifrå! for var det gjeve ei lov som hadde makt til å gjera levande, so kom rettferdi verkeleg av lovi;

22  men Skrifti hev stengt alt inn under synd, so det som var lova, skulde ved trur på Jesus Kristus, verta gjeve dei som trur.

23  Men fyrr trui kom, vart me haldne innestengde i varetekt under lovi til den tru som skulde openberrast.

24  So hev då lovi vorte vår tuktemeister til Kristus, so me skulde verta rettferdiggjorde av tru.

25  Men no som trui er komi, er me ikkje lenger under tuktemeisteren;

26  for de er alle Guds born ved trui på Kristus Jesus.

27  For de, so mange som er døypte til Kristus, de hev iklædt dykk Kristus.

28  Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje træl eller fri mann, her er ikkje mann og kvinna; for de er alle ein i Kristus Jesus.

29  Men høyrer de Kristus til, so er de og Abrahams ætt, ervingar etter lovnaden.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23