Paulus' brev til Galaterne 1
1 Paulus, apostel, ikkje av menneske og ikkje ved noko menneske, men ved Jesus Kristus og Gud Fader, som vekte han upp frå dei daude,
2 og alle brørne som er hjå meg - til kyrkjelydane i Galatia:
3 Nåde vere med dykk og fred frå Gud Fader, og vår Herre Jesus Kristus,
4 han som gav seg sjølv for våre synder, so han kunde fria oss ut or den noverande vonde verdi etter vår Gud og Faders vilje;
5 honom vere æra i all æve! Amen.
6 Eg undrast på at de so snøgt vender dykk frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, til eit anna evangelium,
7 endå det ikkje finst noko anna; det er berre sume som forviller dykk og vil forvenda Kristi evangelium.
8 Men um me eller ein engel frå himmelen forkynner dykk eit anna evangelium enn det som me hev forkynt dykk, han vere bannstøytt!
9 Som me hev sagt fyrr, so segjer eg no på nytt: Um nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de hev fenge, han vere bannstøytt!
10 Talar eg no menneske til viljes, eller Gud? eller søkjer eg å gjera menneske til lags? Vilde eg enno gjera menneske til lags, var eg ikkje Kristi tenar.
11 Eg kunngjer dykk, brør, at det evangelium som eg hev forkynt, er ikkje menneskeverk;
12 for ikkje eg heller fekk det eller lærde det av noko menneske; men ved Jesu Kristi openberring.
13 For de hev høyrt um mi framferd fyrr, medan eg var jøde, at eg forfylgde Guds kyrkja ovleg hardt og tynte henne;
14 og eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane mine i mitt folk, med di eg var endå meir ihuga for mine fedre-lærdomar.
15 Men då det tektest han som valde meg ut alt frå mors liv og kalla meg ved sin nåde,
16 å openberra sin Son i meg, so eg skulde forkynna evangeliet um han millom heidningane, då samrådde eg meg ikkje med kjøt og blod
17 og drog ikkje heller upp til Jerusalem til dei som var apostlar fyre meg; men eg for straks burt til Arabia, og derifrå attende til Damaskus.
18 Sidan, tri år etter, for eg upp til Jerusalem og vilde verta kjend med Kefas, og hjå han vart eg verande femtan dagar.
19 Men nokon annan av apostlane såg eg ikkje, utan Jakob, Herrens bror.
20 Det som eg her skriv til dykk - sjå, Gud veit at eg ikkje lyg det.
21 So kom eg til bygdene i Syria og Kilikia.
22 Men av åsyn var eg ukjend for dei kristne kyrkjelydane i Judea.
23 Dei hadde berre høyrt gjete: Han som fyrr forfylgde oss, han forkynner no den trui som han fyrr vilde øyda ut.
24 Og dei lova Gud for meg.