«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Esras bok 9

1  Som no alt dette var fullført, kom hovdingane til meg og sa: Korkje Israels-lyden eller prestane og levitane hev gjort som dei skulde og skilt seg frå folki kring i landi - kana'anitanea, hetitane, ferisitane, jebusitane, ammonitane, moabitane, egyptarane og amoritane - for den styggedomen skuld som dei fer med.

2  For dei hev teke konor åt seg og sønene sine millom døtterne deira, so den heilage ætti hev blanda seg med folki i landet, og hovdingane og forstandarane hev vore dei fyrste til å fara med sovoren utruskap.

3  Då eg høyrde det, reiv eg sund kjolen min og kappa mi, reiv hår av hovud og skjegg og sat der so full av sorg at eg kunde ikkje segja eit ord.

4  Då samla dei seg ikring meg alle dei som for Israels Guds ord var forstøkte yver utruskapen åt heimkomarane; men eg sat der mållaus og syrgde alt til kveldsofferet skulde berast fram.

5  Då tidi for kveldsofferet var komi, reis eg upp av syrgjesessen min i den sundrivne kjolen og kappa; so kasta eg meg på kne og breidde ut hendene mine mot Herren min Gud

6  og sa: Min Gud! Eg skjemmest og blygjest å lyfta mitt andlet mot deg, min Gud! For misgjerningane våre er so mange at dei stig yver hovudet, og skuldi vår er so stor at ho når til himmels.

7  Alt ifrå dagane åt federne våre og til denne dag hev me vore i stor skuld, og for misgjerningane våre hev me med kongane og prestane våre vorte gjevne i hendene på framande kongar, under sverdet, i utlægdi, til herjing og vanæra, som det syner seg på denne dag.

8  Men no hev det eit lite bel vore vist oss miskunn av Herren vår Gud, med di han hev leivt oss ein flokk som er frelst, og gjeve oss eit fotfeste på den heilage staden sin, so han, vår Gud, kunde gjera augo våre bjarte og gjeva oss ein liten kveik i trældomen vår.

9  For trælar er me; men vår Gud hev ikkje slept oss i trældomen vår; han hev laga det so at persarkongane fekk godvilje for oss, so dei gav oss mod og kraft til å byggja upp att huset åt vår Gud og reisa det or røysane og gav oss ein hegna bustad i Juda og Jerusalem.

10  Men kva skal me no, vår Gud, segja etter alt dette? For me hev vanakta bodi dine,

11  dei som du gav gjenom tenarane dine, profetane, då du sa: Det landet de dreg inn i og skal leggja under dykk, er eit land som hev vorte ureint for skuld ureinskapen åt dei framande folki og for skuld all styggedomen som dei i sin ureinskap hev fyllt det med frå ende til annan.

12  So gjev då ikkje døtterne dykkar burt til sønene deira, og lat ikkje sønene dykkar få gifta seg med døtterne deira! Tenk aldri på deira velferd og lukka! Då skal de verta sterke og få njota alt det gode som finst i landet, og lata borni dykkar få det til odel og eiga for tid og æva.

13  Skulde me då no etter alt det som hev kome yver oss for dei vonde gjerningane våre og den store skuldi vår - endå du, vår Gud, hev spart oss og refst oss mykje mindre enn misgjerningane våre var verde, og late ein flokk av oss som denne her verta frelst -

14  skulde me no på nytt lag brjota bodi dine og hava samgifte med folk som fer med sovoren styggedom? Laut du ikkje då harmast på oss, so du heiltupp gjorde ende på oss, og ingen vart att eller kom undan?

15  Herre, Israels Gud! Du er rettferdig; for det er berre att ein liten flokk av oss som er frelst, soleis som det syner seg i dag. Sjå no ligg me her for di åsyn i vår syndeskuld; for etter det som no hev hendt, kann ingen verta standande for deg.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23