Esras bok 7
1 Ei tid etter at dette hadde hendt - medan Artaxerxes rådde yver Persarriket - drog Esra upp frå Babel. Han var son åt Seraja, som var son åt Asarja, son åt Hilkias,
2 son åt Sallum, son åt Sadok, son åt Akitub,
3 son åt Amarja, son åt Asarja, son åt Merajot,
4 son åt Serahja, son åt Ussi, son åt Bukki,
5 son åt Abisua, son åt Pinehas, son åt Eleasar, son åt Aron, øvstepresten.
6 Han var ein skriftlærd mann, denne Esras, kunnig i Moselovi, den som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav han alt det han bad um; for Herren hans Gud heldt si hand yver han.
7 Nokre av Israels-borni og av prestane, levitane, songarane, dørvaktarane og tempelsveinane drog med han upp til Jerusalem; det var i sjuande året av kongedømet åt Artaxerxes.
8 Han kom til Jerusalem i femte månaden av sjuande styringsåret åt kongen.
9 For fyrste dagen i fyrste månaden tok han til å fyrebu ferdi frå Babel, og fyrste dagen i femte månaden kom han til Jerusalem; for hans Gud heldt si gode hand yver han.
10 For Esras hadde lagt all sin hug til å granska Herrens lov og halda seg etter henne og til å læra folk lov og rett i Israel.
11 Her kjem no ei avskrift av det brevet som kong Artaxerxes gav Esras, den skriftlærde presten, som var kunnig i dei bodordi og lovene som Herren hadde gjeve Israel:
12 Artaxerxes, kongen yver kongane, til Esras, presten, han som er grunnlærd i lovi åt Gud i himmelen, og so burtetter.
13 Frå meg hev det gjenge ut bod um at alle dei av Israels-lyden og av prestane og levitane deira som held til i riket mitt og hev hug til å fara til Jerusalem, kann få fara med deg,
14 etter di kongen og dei sju rådgjevarane* hans sender deg av stad til å røkja etter korleis det stend til i Judea og Jerusalem med umsyn på lovi åt din Gud, den som du hev i hende,
15 og til å føra dit det sylvet og gullet som kongen og rådgjevarane hans av godvilje hev gjeve Israels Gud, han som hev bustaden sin i Jerusalem,
16 sameleis alt sylv og gull som du kann få i heile Babel-landet, og dei friviljuge gåvone som folket og prestane vil gjeva til huset åt sin Gud i Jerusalem.
17 Difor skal du for desse pengane med umhug kjøpa uksar og verar og lamb med dei matofferi og drykkofferi som høyrer til, og du skal ofra dei på altaret i huset åt dykkar Guds i Jerusalem.
18 Det du og brørne dine tykker det rettast å gjera med det sylvet og gullet som vert att, det må de gjera soleis som dykkar Gud vil.
19 Men dei ting som du fær til tempeltenesta i huset åt din Gud, dei skal du gjeva frå dei for augo åt Jerusalems Gud.
20 Er det eller noko som trengst til huset åt din Gud, og som det fell på deg å kosta, so skal du lata skattkammeret åt kongen greida utgiftene.
21 Og frå meg, kong Artaxerxes, hev det bodet gjenge ut til alle skattmeistrane på hi sida elvi: Alt det presten Esras bed dykk um - han som er kunnig i lovi åt Gud i himmelen - det skal de gjera og gjeva fullt ut,
22 alt til hundrad talent sylv, hundrad kor kveite, hundrad bat vin og hundrad bat olje, og salt utan fyreskrive mål.
23 Alt det som Gud i himmelen segjer fyre, det skal i fullt mål gjerast for huset åt Gud i himmelen, so det ikkje skal koma vreide yver riket åt kongen og sønene hans.
24 Og det let me dykk vita at ingen skal hava makt til å leggja skatt, toll eller vegpengar på nokon av prestane, levitane, songarane, dørvaktarane, tempelsveinane eller nokon annan som hev tenesta i dette Guds hus.
25 Og du, Esras, skal etter den visdom du hev fenge i varveitsla av din Gud, setja inn domarar og lovkunnige menner, som skal skifta rett åt alt folket på hi sida elvi - alle dei som kjenner lovene åt din Gud; og er det nokon som ikkje kjenner dei, so skal dei læra han å kjenna dei.
26 Og kvar den som ikkje held seg etter lovi åt din Gud lovi åt kongen, han skal det haldast rettvis dom yver, so han anten lyt lata livet eller verta utlæg eller fær bot eller kjem i fangehuset.
27 Lova vere Herren, vår fedre-Gud, som la slikt i hugen åt kongen, so Herrens hus i Jerusalem kunde verta prydt,
28 og som laga det so at kongen og rådgjevarane hans og alle dei mektige hovdingane hjå kongen fekk godvilje for meg! Sjølv kjende eg meg sterk, av di Herren min Gud heldt si hand yver meg, og eg samla nokre av ættehovdingane i Israel og fekk dei til å draga upp saman med meg.