«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Esras bok 5

1  Haggai, profeten og Sakarias Iddoson, som og var profet, profetera for jødane som var i Judea og Jerusalem; i namnet åt Israels Gud profetera dei for dei.

2  Då tok Serubabel Sealtielsson og Josva Josadaksson med ein gong til å byggja Guds hus i Jerusalem, og Guds profetar var med dei og studde uppunder.

3  I same tidi kom Tatnai, som var landshovding på hi sida* elvi, og Setar-Bosnai og embetsbrørne deira til dei og sa til dei: Kven hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?

4  Då sa me dei namni på dei mennene som reiste denne bygnaden?

5  Men augo åt deira Gud vakte yver styresmennene åt jødane, og dei* hindra dei ikkje i arbeidet medan det gjekk bod til Darius og kom brev attende um dette.

6  Her kjem ei avskrift av det brevet som Tatnai, landshovdingen på hi sida elvi, og Setar-Bosnai og embetsbrørne hans, afarsakitane, som budde på hi sida elvi, sende til kong Darius;

7  for dei sende han ei fråsegn, og i den stod det skrive: Heil og sæl, kong Darius!

8  Det skal kongen vita at me hev fare til Juda-landet*, til huset åt den store Gud. Det vert no bygt upp av store steinar, og bjelkar vert sette inn i veggene. Arbeidet vert gjort med umhug og hev god framgang under hendene deira.

9  So spurde me styresmennene der: Kven hev gjeve dykk lov til å byggja dette huset og fullføra denne muren?

10  Me spurde dei og kva dei heitte, so me kunde gjeva dei full greida og skriva upp namni på dei mennene som er hovdingen deira.

11  Og so var svaret dei gav oss: Me er tenarane åt han som er Gud i himmelen og på jordi, og me byggjer upp att det huset som vart reist her mange år fyre vår tid; det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførde det.

12  Men fedrane våre for so åt at Gud i himmelen vart harm på dei; difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babel, og han la dette huset i øyde og flutte folket til Babel.

13  Men i det fyrste året av kongedømet sitt i Babel baud kong Kyros at dette Guds hus skulde byggjast upp att.

14  Og dei eignelutene av gull og sylv som hadde høyrt til Guds hus, men som Nebukadnesar hadde havt burt or templet i Jerusalem og ført til templet i Babel, og dei let kong Kyros taka ut or templet i Babel, og dei vart gjevne i hendene på ein mann som heitte Sesbassar, som han hadde sett til landshovding.

15  Og han sa til han: Tak desse eignelutene og far av stad og set dei inn i templet i Jerusalem, og lat Guds hus verta reist att på den gamle staden sin!

16  So kom då denne Sesbassar og la grunnvollen til Guds hus i jerusalem, og sidan hev dei bygt på det til denne dag; men det er endå ikkje fullført.

17  Um no kongen so synest, so lat det verta granska etter i skattkammeret åt kongen der i Babel um det er so at kong Kyros hev bode å byggja dette Guds hus i Jerusalem, og so sende kongen bod og late oss vita kva som er viljen hans i denne saki!

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23