Esras bok 2
1 No skal eg nemna dei mennene frå Judea-landet* som for heim etter dei hadde sete fangar i utlægdi - dei som Nebukadnesar, Babel-kongen, hadde flutt til Babel, og som no for heim att til Jerusalem og Judea, kvar til sin by;
2 dei kom dit saman med Serubabel, Josva, Nehemias, Seraja, Re'elaja, Mordekai, Bilsan, Mispar, Bigvai, Rehum og Ba'ana. - Her kjem manntalet yver Israels-lyden:
3 Paros-sønene, tvo tusund eit hundrad og tvo og sytti;
4 Sefatja-sønene, tri hundrad og tvo og sytti;
5 Arahs-sønene, sju hundrad og fem og sytti;
6 Pahat-Moabs-sønene av etterkomarane etter Josva og Joab, tvo tusund åtte hundrad og tolv;
7 Elams-sønene, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
8 Sattu-sønene, ni hundrad og fem og fyrti;
9 Sakkai-sønene, sju hundrad og seksti;
10 Bani-sønene, seks hundrad og tvo og fyrti;
11 Bebai-sønene, seks hundrad og tri og tjuge;
12 Asgads-sønene, eit tusund tvo hundrad og tvo og tjuge;
13 Adonikams-sønene, seks hundrad og seks og seksti;
14 Bigvai-sønene, tvo tusund og seks og femti;
15 Adins-sønene, fire hundrad og fire og femti;
16 Aters-sønene av Esekias-ætti, åtte og nitti;
17 Besai-sønene, tri hundrad og tri og tjuge;
18 Jora-sønene, hundrad og tolv;
19 Hasums-sønene, tvo hundrad og tri og tjuge;
20 Gibbars-sønene, fem og nitti;
21 Betlehems-sønene*, hundrad og tri og tjuge;
22 Netofa-mennene, seks og femti;
23 Anatot-mennene, hundrad og åtte og tjuge;
24 Asmavets-sønene, tvo og fyrti;
25 Kirjat-Arims-, Kefira- og Be'erots sønene, sju hundrad og tri og fyrti;
26 Rama- og Geba-sønene, seks hundrad og ein og tjuge;
27 Mikmas-mennene, hundrad og tvo og tjuge;
28 mennene frå Betel og Ai, tvo hundrad og tri og tjuge;
29 Nebo-sønene, tvo og femti;
30 Magbis-sønene, hundrad og seks og femti;
31 etterkomarane etter den andre Elam*, eit tusund tvo hundrad og fire og femti;
32 Harims-sønene, tri hundrad og tjuge;
33 mennene frå Lod, Hadid og Ono, sju hundrad og fem og tjuge;
34 Jeriko-sønene, tri hundrad og fem og fyrti;
35 Sena'a-sønene, tri tusund seks hundrad og tretti.
36 Av prestane: Jedaja-sønene av Josva-ætti, ni hundrad og tri og sytti;
37 Immers-sønene, eit tusund og tvo og femti;
38 Pashurs-sønene, eit tusund tvo hundrad og sju og fyrti;
39 Harims-sønene, tusund og syttan.
40 Av levitane: Josva- og Kadmiels-sønene av etterkomarane etter Hodavja, fire og sytti.
41 Av songarane: Asafs-sønene, hundrad og åtte og tjuge.
42 Av dørvaktar-ættene: Sallums-sønene, Aters-sønene, Talmons-sønene, Akkubs-sønene, Hatita-sønene, Sobai-sønene, i alt hundrad og ni og tretti.
43 Av tempelsveinane: Siha-sønene, Hasufa-sønene, Tabbaots-sønene,
44 Keros-sønene, Siaha-sønene, Padons-sønene,
45 Lebana-sønene, Hagaba-sønene, Akkubs-sønene,
46 Hagabs-sønene, Samlai-sønene, Hanans-sønene,
47 Giddels-sønene, Gahars-sønene, Reaja-sønene,
48 Resins-sønene, Nekoda-sønene, Gassams-sønene,
49 Ussa-sønene, Paseahs-sønene, Besai-sønene,
50 Asna-sønene, Me'unims-sønene, Nefisims-sønene,
51 Bakbuks-sønene, Hakufa-sønene, Harhurs-sønene,
52 Basluts-sønene, Mehida-sønene, Harsa-sønene,
53 Barkos-sønene, Sisera-sønene, Tamahs-sønene,
54 Nesiahs-sønene og Hatifa-sønene.
55 Av etterkomarane etter Salomos tenarar: Sotai-sønene, Hassoferets-sønene, Peruda-sønene,
56 Ja'ala-sønene, Darkons-sønene, Giddels-sønene,
57 Sefatja-sønene, Hattils-sønene, Pokeret-Hasseba'ims-sønene, Ami-sønene.
58 Alle tempelsveinane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt tri hundrad og tvo og nitti.
59 No skal eg nemna dei som kom frå Tel-Melah, Tel-Harsa, Kerub, Addan og Immer, men ikkje kunde gjeva nokor greida på si ætt og sitt upphav - um dei høyrde til Israel eller ikkje.
60 Det var Delaja-sønene, Tobias-sønene og Nekoda-sønene, seks hundrad og tvo og femti,
61 og av preste-ættene Habaja-sønene, Hakkos-sønene og sønene åt Barsillai, han som hadde teke ei av døtterne åt Barsillai frå Gilead til kona og so hadde fenge namn etter dei.
62 Desse leita etter ættelistone sine, men dei fanst ikkje uppskrivne nokon stad; difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestedømet,
63 og landshovdingen* forbaud dei å eta av det høgheilage fyrr det stod fram ein prest som hadde urim og tummim**.
64 Heile lyden til var i alt tvo og fyrti tusund tri hundrad og seksti,
65 umfram tenarane og tenestgjentone; DEI var sju tusund tri hundrad og sju og tretti i talet. Det var og tvo hundrad songarar og songmøyar med dei.
66 Dei hadde sju hundrad og seks og tretti hestar, tvo hundrad og fem og fyrti muldyr,
67 fire hundrad og fem og tretti kamelar og seks tusund sju hundrad og tjuge asen.
68 Då dei kom til Herrens hus i Jerusalem, var det sume ættehovdingar som av fri vilje bar fram gåver til Guds hus, so det kunde verta reist att på den gamle staden sin.
69 Alt etter som dei hadde råd til, gav dei til arbeidskassa; soleis kom det inn ein og seksti tusund gulldarikar* og fem tusund sylvminor, dessutan hundrad prestekjolar.
70 Prestane og levitane busette seg i byane sine, og det same gjorde nokre av lyden og songarane og dørvaktarane og tempelsveinane, og heile Israel elles budde i byane sine.