«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 8

1  I det sette året, den femte dagen i sette månaden, medan eg sat i huset mitt, og styresmennene i Juda sat framfor meg, hende det at Herrens Israels Guds hand fall på meg der.

2  Og eg fekk sjå eitkvart som var liksom eld å sjå til; frå det som var sjåande av lendene hans og nedetter, var alt liksom eld, og frå lendene og uppetter var det som ei glima å sjå til, som skinet av blank malm.

3  Han rette ut eitkvart som liktest på ei hand, og tok meg i ein lokk av hovudhåret, og eit ver lyfte meg upp millom jord og himmel og førde meg til Jerusalem i syner frå Gud, dit der ein gjeng inn i den indre fyregarden gjenom den porten som snur mot nord, der som harmings-biletet stod, det som harma Gud.

4  Og der såg eg herlegdomen åt Israels Gud, liksom i den syni eg hadde set i dalen.

5  Og han sa til meg: Menneskeson, lyft augo dine nordetter! Som eg no lyfte augo nordetter, fekk eg sjå harmings-biletet nordanfor altarporten attmed inngangen,

6  Og han sa til meg: Menneskeson, ser du kva dei gjer? Stor styggedom er det Israels hus fer med her, so og lyt fara langt burt ifrå heilagdomen min; men du skal få sjå endå meir av stor styggedom.

7  So førde han meg burtåt inngangen til fyregarden, og der fekk eg sjå eit hol i veggen.

8  Og han sa til meg: Menneskeson, brjot deg igjenom veggen! Då eg so braut meg igjenom veggen, fekk eg sjå ei dør.

9  Og han sa til meg: Gakk inn og sjå den fæle styggedomen som dei fer med der!

10  Då eg kom inn, fekk eg sjå all slag bilete av styggelege krek og firføtingar og alle dei ufysne avgudane åt Israels-lyden, innrita på veggen rundt ikring.

11  Og framfor dei stod sytti mann av styresmennene i Israels-lyden, og Ja'asanja Saafansson stod midt imillom dei; kvar og ein av dei hadde ei røykjelsesskål i handi, og det steig upp ange av røykjelseskyi.

12  So sa han til meg: Hev du set, menneskeson, kva styresmennene i Israels-lyden fer med i myrkret, kvar i sine bilet-rom? For dei segjer: Herren ser oss ikkje, Herren hev vendt seg ifrå landet.

13  Og han sa til meg: Du skal få sjå endå meir av stor styggedom som dei fer med.

14  So førde han meg burtåt inngangen til porten på Herrens hus, den porten som snur mot nord, og sjå, der sat kvinnone og gret for Tammus*.

15  Og han sa til meg: Hev du set det, menneskeson? Du skal få sjå endå meir styggedom, større enn denne.

16  Og han førde meg inn i den indre fyregarden til Herrens hus, og sjå, attmed inngangen til Herrens tempel, millom forhalli og altaret, var det ikring fem og tjuge menner som snudde ryggen til Herrens tempel og andleti mot aust, og dei lutte seg austetter og bad til soli.

17  Og han sa til meg: Hev du set det menneskeson? Kunde ikkje Juda-lyden nøgja seg med å gjera all styggedomen dei her hev gjort, sidan dei og hev fyllt landet med vald og atter harma meg upp? Sjå kor dei no held kvisten upp for nosi*.

18  So vil då eg og lata vreiden min råda; eg vil då eg og lata vreiden min råda; eg vil ikkje tykkja synd i dei og ikkje spara dei; og um dei ropar aldri so høgt for øyro mine, so vil eg ikkje høyra dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23