«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 7

1  Og Herrens ord kom til meg; det lydde so:

2  Du menneskeson! So segjer Herren, Israels Gud, til Israels land: Ende! - Enden kjem yver landsens fire hyrno.

3  No kjem enden yver deg, og eg vil senda vreiden min mot deg og døma deg eter åtferdi di, og eg vil lata deg bøta for all styggedomen din.

4  Eg vil ikkje tykkja synd i deg og ikkje spara deg; men eg vil lata deg bøta for åtferdi di, og styggedomen din skal koma yver deg sjølv, og de skal sanna at eg er Herren.

5  So segjer Herren, Israels Gud: Ulukka, ei ulukka ein aldri såg maken til, sjå, ho kjem.

6  Ein ende kjem, ja, enden kjem, han vaknar og kjem til deg; sjå, det kjem.

7  No er det din tur, du som bur i landet! Tidi kjem, dagen er nær, ein dag med her-ståk og ikkje med fagnadrop på fjelli.

8  No, um eit lite bel, vil eg renna ut min harm yver deg og tøma ut all min vreide på deg og døma deg etter åtferdi di; eg vil lata deg bøta for all styggedomen din.

9  Eg vil ikkje tykkja synd i deg og ikkje spara deg; eg vil gjeva deg det du er verd for åtferdi di, og styggedomen din skal koma yver deg sjølv, og de skal sanna at eg, Herren er den som slær.

10  Sjå, dagen er der! Sjå, det kjem! No tek det til, riset blømer ovmodet* grønkast;

11  valdsgiren* reiser seg til eit ris yver gudløysa. Ikkje noko av dei, inkje av deira ståkande hop, inkje av deira bråkande mengd, ingen herlegdom vert att hjå dei.

12  Tidi kjem, dagen er nær. Kjøparen må ikkje gleda seg, og seljaren må ikkje syrgja; for det kjem brennande vreide yver heile deira hop.

13  Seljaren skal ikkje få att det han hev selt, endå um han fær leva; for spådomen mot heile deira hop skal ikkje takast att, og for si misgjerning skuld skal ingen kunna tryggja seg i sitt liv.

14  Dei bles i lur og bur seg vel i alt, men ingen fer ut i strid; for min harm er vend imot heile deira hop.

15  Sverdet ute og sotti og svolten inne; den som er ute på marki, skal døy for sverd, og den som er inne i byen, han skal svolt og sott tyna.

16  Og slepp sume av dei undan og kjem seg upp i fjelli, so skal dei der vera som kurrande duvor i dalane, alle i hop, kvar og ein for si misgjerning skuld.

17  Alle hendene skal siga, og alle kne skal verta som vatn.

18  Dei skal sveipa sekk um seg, og redsla skal hylja dei; alle andlet skal blygjast av skam, og alle hovud skal vera fleinskalla.

19  Sylvet sitt skal dei kasta på gatone, og gullet sitt skal dei vyrda som saur; sylvet og gullet deira skal ikkje kunna berga dei på Herrens vreidedag; dei skal ikkje kunna metta seg eller fylla magen med det. For det hev vore ein støytestein til misgjerning for dei,

20  og dei ovgilde prydnadstingi som dei laga seg av det, hev dei bruka til storlæte, og sine avstyggelege bilete, sine ufyselege avgudar hev dei gjort av det; difor gjer eg det til saur for dei.

21  Eg vil lata framande hender rana det og dei ugudlege på jordi gjera det til herfang, og dei skal vanhelga det;

22  og eg vil snu mi åsyn frå dei*, og dei** skal vanhelga min skatt***; ransmenner skal brjota seg inn åt han og vanhelga han;

23  Gjer lekkja reidug*! For landet er fullt av blod-domar, og byen er full av valdsverk.

24  Eg vil lata dei verste av heidningane koma, og dei skal eigna til seg husi deira, og eg vil gjera ende på ovmodet hjå dei hardsette, og heilagdomane deira skal verta vanhelga.

25  Redsla kjem, og dei skal leita etter berging, min det finst ingi.

26  Ulukka på ulukka skal koma, fretnad på fretnad fær ein høyra; dei skal søkja etter syn hjå profeten, og lov skal ikkje vera å finna hjå presten eller råder hjå dei gamle;

27  kongen skal syrgja, og hovdingen skal klæda seg i fælske, og hendene på landslyden skal skjelva. Etter åtferdi deira vil eg gjera med dei, og med deira domar vil eg døma dei, og dei skal sanna at eg er Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23