Profeten Esekiel 47
1 So førde han meg attende til inngangen åt huset, og sjå, det kom vatn ut under dørstokken på huset mot aust, for framsida på huset snudde i aust; og vatnet rann ned frå høgre sida på huset, sunnanfor altaret.
2 Sidan let han meg ganga ut gjenom nordporten og førde meg ikring utanfor, til ytreporten, den porten som snur austetter, og sjå, det kom vatn vellande fram undan høgresida.
3 Mannen gjekk no austetter med ei mælesnor i handi og mælte tusund alner; so hadde han meg til å vada yver vatnet, og vatnet gjekk meg til oklo.
4 So mælte han tusund alner til og hadde meg til å vada yver vatnet; då gjekk det til knes. So mælte han tusund alner til og hadde meg til å vada yver vatnet; der gjekk det upp til lendene.
5 So mælte han endå tusund alner, og no var det ei å som eg ikkje kunde vada; for vatnet gjekk so høgt at ein laut symja der - det var ei å som ikkje let seg vada.
6 Og han sa til meg: Hev du set det, menneskeson? So førde han meg attende langs med å-breiddi.
7 Som eg gjekk attende, fekk eg sjå at det stod ei stor mengd med tre på å-breiddi, på båe sidor.
8 Og han sa til meg: Dette vatnet renn til austbygdene og sidan ned på Moane; so fell det ut i havet*. Og når det vert styrt ut i havet, vert vatnet der friskt.
9 Alle levande skapningar, som det yrer av alle stader der den tvifløymande åi* renn, skal leva, og det skal verta ei ovmengd med fisk; for når dette vatnet kjem dit, vert det helsebot og liv alle stader der åi kjem.
10 Det skal standa fiskarar frammed havet* frå En-Gedi til En-Egla'im; ein stad til å kasta ut fiskegarn skal det vera; der skal finnast fisk av ymse slag i store mengder, som i Storhavet.
11 Men myrane og deplane der skal ikkje verta friske; dei skal berre vera til å vinna ut salt av.
12 Frammed åi, på båe å-breddene, skal det veksa upp frukttre av alle slag; lauvet på dei skal ikkje visna og frukti ikkje trjota; kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet åt dei renn ut frå heilagdomen; og frukti på dei skal vera til mat, og lauvet til lækjedom.
13 So segjer Herren, Israels Gud: Dette er landskilet, og innan det skal de skifta ut landet til odel åt Israels tolv ætter; Josef skal hava tvo luter.
14 De skal taka det til odel, den eine som den andre, for di eg hev rett handi i veret og svore at eg vilde gjeva federne dykkar det; so skal de då få dette landet til odel og eiga.
15 Dette er då landskilet: På nordsida frå Storhavet langs med vegen til Hetlon burtimot Sedad,
16 Hamat, Berota, Sibra'im, som ligg millom Damaskus-skilet og Hamat-skilet, det millomste Haser, som ligg burtimot Havran-skilet.
17 Soleis skal landskilet ganga frå havet til Hasar-Enon attmed Damaskus-skilet og framleides endå lenger nordetter upp til Hamat-skilet. Dette er nordsida.
18 På austsida: Jordan, millom Havran og Damaskus og millom Gilead og Israels-landet; frå nordskilet til Austhavet skal de mæla. Dette er austsida.
19 På sudsida - mot sud - skal landskilet ganga frå Tamar til Meribot-vatnet attmed Kades; odelslandet skal nå til Storhavet. Dette er sudsida - landskilet mot sud.
20 På vestsida skal Storhavet vera landskil og ganga frå sudgrensa til midt for Hamat. Dette er vestsida.
21 Dette landet skal de byta millom dykk etter Israels ætter.
22 De skal skifta det ut med lutkasting til odel åt dykk sjølve og dei framande som bur hjå dykk og hev fenge born ibland dykk; dei skal vera for dykk som dei som er fødde og borne i sjølve Israel; dei skal få odelsjord med dykk millom ættene i Israel.
23 I den ætti der den framande bur, der skal de gjeva han odelsjordi hans, segjer Herren, Israels Gud.