«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 43

1  So førde han meg til porten, den porten som snudde i aust.

2  Og sjå, herlegdomen åt Israels Gud kom austantil, og ljomen av han var som ljomen av store vatn, og jordi skein av herlegdomen hans.

3  Den syni som eg såg, var like eins som den syni eg hadde set då eg kom og skulde leggja byen i øyde*, og synene var som den syni eg hadde set burtmed Kebarelvi. Då kasta eg meg å gruve.

4  Og Herrens herlegdom for inn i huset gjenom den porten som snudde i aust.

5  Og Anden lyfte meg upp og førde meg inn i den indre fyregarden, og sjå, Herrens herlegdom fyllte huset.

6  Og eg høyrde einkvan tala til meg utor huset, medan ein mann stod attmed meg,

7  og han sa til meg: Menneskeson! Dette er den staden der kongsstolen min er, den staden der føtene mine skal standa, og der vil eg bu hjå Israels-borni til æveleg tid. Israels-lyden skal ikkje lenger gjera mitt heilage namn ureint, korkje dei eller kongane deira, med horelivnaden sin og med liki av kongane sine* og med offerhaugane sine,

8  so som dei gjorde då dei sette dørstokken sin attmed min dørstokk og dørskiene sine attmed mine dørskier, so det berre var veggen millom meg og dei, og gjorde mitt heilage namn ureint med styggedomen som dei for med, so eg laut tyna dei i min vreide.

9  No skal dei hava horelivnaden sin og liki av kongane sine langt burt ifrå meg, og då vil eg bu hjå dei til æveleg tid.

10  Du menneskeson, tala til Israels-lyden um dette huset, so dei må blygjast for misgjerningane sine og mæla den vel tilmåta bygnaden.

11  Og når dei blygjest for alt det dei hev gjort, so skal du kunngjera for dei skapnaden på huset og skipnaden i det, utgangane og inngangane, skapnaden på alt og alle fyresegnene um det - heile skapnaden på det og alle lovene um det, og skriv det upp for augo deira, so dei må akta på heile skapnaden på huset og alle fyresegnene um det og gjera etter dei.

12  Dette er lovi um huset: På toppen av fjellet skal heile umkverven kringum det vera høgheilag. Sjå, dette er lovi um huset.

13  Og dette er måli på altaret i alnetal - kvar aln ei handbreidd lengre enn ei vanleg aln: Det skal vera eit fotstykke, ei aln høgt og ei aln breidt, og kantlisti på kanten av det skal vera ei spann breid rundt ikring; dette er underlaget åt altaret.

14  Frå fotstykket på jordi uppåt den nedste skori skal det vera tvo alner, og breiddi skal vera ei aln; og frå den litle skori uppåt den store skori skal det vera fire alner, og breiddi skal vera ei aln.

15  Har'el* skal vera fire alner, og frå Ariel* skal dei fire horni** stinga upp.

16  Ariel skal vera tolv alner lang og tolv alner breid, firkanta med fire jamlange sidor.

17  Skori skal vera fjortan alner lang og fjortan alner breid, med fire jamlange sidor, og kantlisti kringum henne skal vera ei halv aln, og fotstykket ei aln rundt ikring, og troppene skal snu i aust.

18  Og han sa til meg: Menneskeson! So segjer Herren, Israels Gud: Dette er fyresegnene um altaret den dagen det vert gjort, so ein kann ofra brennoffer og skvetta blod på det.

19  Du skal gjeva levit-prestane, dei som er av Sadoks-ætti, og som stig framfor meg og tener meg, ein ungukse til syndoffer, segjer Herren, Israels Gud.

20  Og du skal taka noko av blodet hans og strjuka på dei fire altarhorni og på dei fire skorhyrno og på kantlisti rundt ikring; soleis skal du reinsa det frå synd og gjera soning for det.

21  So skal du taka syndofferuksen, og han skal dei brenna på den fastsette staden i huset, utanfor heilagdomen.

22  Andre dagen skal du ofra ein lytelaus bukk til syndoffer, og dei skal reinsa altaret frå synd, like eins som dei reinsa det med uksen.

23  Når du hev gjort frå deg reinsingi, skal du ofra ein lytelaus ungukse og ein lytelaus ver or saueflokken.

24  Du skal leida dei fram for Herrens åsyn, og prestane skal strå salt på dei og ofra dei til brennoffer åt Herren!

25  I sju dagar skal du ofra ein bukk til syndoffer kvar dag, og ein ungukse og ein ver or saueflokken, båe lytelause, skal dei ofra.

26  I sju dagar skal dei gjera soning for altaret og reinsa det og vigja det.

27  Når desse dagane er lidne, skal prestane åttande dagen og alltid sidan ofra brennofferi og takkofferi dykkar på altaret, og då vil eg hava hugnad i dykk, segjer Herren, Israels Gud.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23