«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 40

1  I det fem og tjugande året etter me vart burtførde, ved nyårsleite, den tiande dagen i månaden, i det fjortande året etter byen vart teken, nett den dagen kom Herrens hand yver meg, og han førde meg dit.

2  I syner frå Gud førde han meg til Israels-landet og sette meg ned på eit ovhøgt fjell, og på det var det liksom ein uppbygd by i sud.

3  Dit førde han meg, og sjå, der stod det ein mann som var å sjå til som kopar; han heldt ei linsnor og ei mælestong i handi, og han stod i porten.

4  Mannen tala til meg og sa: Menneskeson, sjå med augo dine og lyd etter med øyro dine og akta vel på alt det eg syner deg! For du er førd hit, so eg kann få syna deg det. Kunngjer for Israels-lyden alt det du ser!

5  Og sjå, det var ein mur utanum huset rundt ikring. Mælestongi som mannen heldt i handi, var seks alner lang, kvar aln ei handbreidd lenger enn ei vanleg aln, og han mælte breiddi på muren: ei stong, og høgdi: ei stong.

6  So kom han til den porten som snudde i aust og steig uppetter troppestegi; og han mælte dørstokken i porten; han var ei stong breid - det var den fyrste dørstokken, og han var ei stong breid.

7  Kvart vaktrom var ei stong langt og ei stong breidt; millom vaktromi var det fem alner, og dørstokken i portane innmed forhalli i porten innvendes var ei stong.

8  Han mælte forhalli i porten innvendes; ho var ei stong.

9  Og han mælte forhalli i porten; ho var åtte alner, og stolpane hans; dei var tvo alner; forhalli i porten låg på innsida.

10  Vaktromi i porten mot aust var tri på kvar sida; alle tri var like store, og stolpane på båe sidor var og like store.

11  So mælte han dørviddi på porten: ti alner, og lengdi på porten: trettan alner.

12  Framfor vaktromi var det ei sval på ei aln, og på hi sida like eins ei sval på ei aln, og kvart vaktrom var seks alner på den eine sida og seks alner på hi.

13  So mælte han porten frå taket på det eine vaktromet til taket på hitt; breiddi var fem og tjuge alner, dør midt imot dør.

14  Han gjorde stolpane seksti alner høge, og tett innåt stolpane låg fyregarden, rundt ikring porten.

15  Frå framsida på inngangsporten til framsida på forhalli i den indre porten var det femti alner.

16  Det var vindaugo med fast traleverk fyre på vaktromi og på stolpane deira innantil imot porten rundt ikring, og like eins på hallene; soleis var det vindaugo rundt ikring innantil, og på stolpane var det palmor.

17  So førde han meg til den ytre fyregarden, og sjå, der var kovar og eit steinlagt golv i fyregarden rundt ikring; det var tretti kovar på steingolvet.

18  Steingolvet låg frammed sideveggene på portane, jamlangt med portlengdene; det var det lægre steingolvet.

19  Han mælte breiddi frå framsida åt den nedre porten til den ytre framsida åt den indre fyregarden: hundrad alner austetter og nordetter.

20  So mælte han lengdi og breiddi på den porten som snudde i nord, og som høyrde til den ytre fyregarden.

21  Den og hadde tri vaktrom på kvar sida, og stolpane og hallene var like store som dei i den fyrste porten; femti alner lang og fem og tjuge alner breid var han.

22  Vindaugo og hallene og palmone her var like stor som i den porten som vende i aust; på sju troppesteg steig dei upp i han, og hallene låg framanfor dei.

23  Og porten til den indre fyregarden låg midt imot porten som vende i nord og i aust, og han mælte hundrad alner frå port til port.

24  So let han meg ganga sudetter, og sjå, der var ein port som snudde i sud; og han mælte stolpane og hallene der og; dei heldt same mælet som hine.

25  Det var vindaugo på han og på hallene rundt ikring, like eins som dei andre vindaugo; han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.

26  Troppi der hadde sju steg, og hallene låg framanfor dei, og på stolpane var det palmor, ei på kvar sida.

27  Og det var ein port til den indre fyregarden på sudsida, og frå den porten til sudporten mælte han hundrad alner.

28  So førde han meg til den indre fyregarden gjenom sudporten, og han mælte sudporten: han heldt same målet som hine.

29  Og vaktromi og stolpane og hallene der heldt same målet som hine, og det var vindaugo på han og på hallene rundt ikring; han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.

30  Og det var haller rundt ikring, fem og tjuge alner lange og fem alner breide.

31  Hallene snudde ut imot den ytre fyregarden, og på stolpane var det palmor, og troppi hadde åtte steg.

32  So førde han meg til din indre fyregarden på austsida, og han mælte porten: han heldt same målet som hine.

33  Vaktromi og stolpane og hallene der heldt same målet som hine; og det var vindaugo på han og på hallene rundt ikring; han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.

34  Hallene låg ut imot den ytre fyregarden, og det var palmor på stolpane og på båe sidor, og troppi hadde åtte steg.

35  So førde han meg til nordporten og mælte han: han heldt same målet som hine;

36  like eins mælte han vaktromi, stolpane og hallene der, og det var vindaugo på han rundt ikring; han var femti alner lang og fem og tjuge alner breid.

37  Stolpane der snudde imot den ytre fyregarden, og det var palmor på stolpane på båe sidor, og troppi hadde åtte steg.

38  Det var ein kove med dør i portstolpane; der skulde dei skylja brennofferet.

39  Og i forhalli åt porten stod det tvo bord på kvar sida til å slakta brennofferet og syndofferet og skuldofferet på.

40  Innmed den ytre sideveggen, når ein steig upp i inngangen til nordporten, stod dei og tvo bord, og innmed hin sideveggen på forhalli åt porten stod det like eins tvo bord.

41  Det vart då fire bord innmed kvar sidevegg på porten, i alt åtte bord; på dei skulde dei slakta.

42  So stod der fire bord til brennofferet; dei var av tilhoggen stein, halvonnor aln lange og halvonnor aln breide og ei aln høge; på dei skulde dei leggja ambodi til å slakta brennofferet og slaktofferet med.

43  Tvigreina nabbar, ei tverrhand breide, var feste på huset rundt ikring, og på bordi skulde offerkjøtet leggjast.

44  Utanfor indreporten var det kovar åt songarane i den indre fyregarden, innmed sideveggen på nordporten, og framsida deira snudde i sud; og ei onnor koverad låg innmed sideveggen på austporten, med framsida mot nord.

45  Og han tala til meg og sa: Denne koveradi, som snur i sud med framsida si, er åt dei prestane som hev umsut med det som skal gjerast i huset;

46  men den koveradi som snur i nord med framsida si, er åt dei prestane som hev umsut med altartenesta; det er Sadoks-sønene dei av Levi-sønene som kjem nær innåt Herren og tener han.

47  So mælte han fyregarden: han var hundrad alner lang og hundrad alner breid i firkant; og altaret* stod framanfor huset.

48  So førde han meg til forhalli i huset og mælte stolpane i forhalli: dei var fem alner på den eine sida og fem alner på hi, og breiddi på porten: tri alner på kvar sida.

49  Forhalli var tjuge alner lang og elleve alner breid, og ho hadde troppesteg som dei steig upp til henne på; og innmed stolpane stod det sulor, ei på kvar sida.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23