«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 4

1  Du menneskeson, tak deg ein teglstein og legg han framfor deg og rita på han ein by, Jerusalem.

2  Laga til umlægringsverk mot byen og bygg skansar mot han og kasta upp ein voll mot han og lat herar lægra seg mot han og set upp murstangarar mot han rundt ikring!

3  Tak deg so ei jarnpanna og set henne til ein jarnvegg millom deg og byen og snu deg med andletet mot han, so han vert kringsett, og du kringset han. Det skal vera eit varsel for Israels-lyden.

4  So skal du leggja deg på vinstre sida og leggja på henne misgjeningi åt Israels-folket! Like mange dagar som du ligg på henne, skal du bera misgjeningi deira;

5  og misgjernings-åri deira vil eg gjera til like mange dagar for deg - tri hundrad og nitti dagar - so lenge skal du bera misgjeningi åt Israels-folket.

6  Og når du hev trøytt den tidi ut, skal du andre gongen leggja deg på høgre sida og bera misgjeningi åt Juda-folket; i fyrti dagar, ein dag for kvart år, let eg deg bera henne.

7  Og du skal snu deg med andletet og med berr arm mot det kringsette Jerusalem og spå imot det.

8  Og sjå, eg bind deg med tog, so du ikkje kann snu deg frå den eine sida til hi, fyrr du hev trøytt dei dagane du held det kringsett.

9  Tak deg so kveite og bygg og baunor og linsor og hirsa og spelt og hav det i eit trog og baka deg brød av det! I so mange dagar som du ligg på den eine sida, i Tri hundrad og nitti dagar, skal du eta det.

10  Og maten du et, skal vera etter vekt, tjuge sekel um dagen; frå tid til tid skal du eta det.

11  Vatnet du drikk skal og vera etter mål, setteparten av ein hin; frå tid til tid skal du drikka det.

12  Som ei byggkake skal du eta det, og med mannsskarn skal du steikja det for augo deira.

13  Og Herren sa: Soleis skal Israels-borni eta sitt brød ureint hjå dei folki som eg vil driva dei burt til.

14  Då sa eg: Å, Herre, Herre! Sjå, aldri vart sjeli mi sulka, og noko sjølvdaudt eller ihelrive hev eg aldri ete frå min ungdom alt til no, og det hev ikkje kome ureint kjøt i min munn.

15  So sa han til meg: Godt, eg let deg få taka kumøk i staden for mannsskarn, so du kann steikja brødet ditt yver den.

16  Og han sa til meg: Menneskeson! Sjå, eg bryt sund brød-staven i Jerusalem, og dei skal eta brød etter vekt og med otte og drikka vatn etter mål og med fælske,

17  so dei skal vanta brød og vatn og verta forstøkte både ein og hin, og visna burt i si misgjerning.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23