«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 35

1  Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

2  Menneskeson, vend andletet mot Se'ir-fjellet og spå mot det!

3  Seg til det: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå eg kjem yver deg, du Se'ir-fjell, og retter ut handi mot deg og gjer deg audt og øyde.

4  Byane dine vil eg gjera til grushaugar, og du sjølv skal verta ei audn; og du skal sanna at eg er Herren.

5  For di du ber på ein æveleg fiendskap og lét Israels-borni koma under sverds-egg - i deira usæletid, då den misgjerningi vart fullførd som førde til undergang,

6  difor, so visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud, vil eg gjera det til blod, og blod skal søkja etter deg; for di du ikkje hev hata blod, skal blod søkja etter deg.

7  Eg vil gjera Se'ir-fjellet audt og øyde og rydja ut or det alle som kjem og fer.

8  Eg vil fylla fjelli der med drepne menner; på dine haugar og i dine dalar og i alle dine bekker skal det falla menner som er drepne med sverd.

9  Til ævelege audner vil eg gjera deg, og byane dine skal aldri meir verta bustader; og de skal sanna at eg er Herren

10  For di du sa: Båe folki* og båe landi skal verta mine, og me vil taka dei til eiga, endå Herren hev vore der,

11  difor vil eg, so visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud, gjera med deg etter den vreide og ovund som du hev synt i ditt hat imot dei, og eg skal verta kjend hjå dei når eg dømer deg.

12  Og du skal sanna at eg, Herren hev høyrt alle hædingsordi som du hev tala mot Israels-fjelli, då du sa; Dei er lagde i øyde, me hev lenge fenge dei til mat.

13  De bruka munnen mot meg i ovmod og let falla mange ord imot meg; eg hev nok høyrt det.

14  So segjer Herren, Israels Gud: Medan all jordi fagnar seg, vil eg leggja deg i øyde.

15  Som du fagna deg av di arven åt Israels-lyden vart øydelagd, so vil eg gjera med deg; ei audn skal Se'ir-fjellet verta, og heile, heile Edom med, og dei skal sanna at eg er Herren.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23