Profeten Esekiel 34
1 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:
2 Menneskeson, spå mot Israels hyrdingar, spå og seg til dei, til hyrdingane: So segjer Herren, Israels Gud: Usæle Israels hyrdingar, som røktar seg sjølve! Er det ikkje hjordi hyrdingen skal røkta?
3 Feita et de, og med ulli klæder de dykk, det gjødde slaktar de; hjordi røktar de ikkje.
4 Det veike hev de ikkje styrkt, det sjuke hev de ikkje lækt, det sundbrotne hev de ikkje bunde um, det burtdrivne hev de ikkje sanka, og det burtkomne hev de ikkje leita upp, men de hev fare hardt fram mot dei og med vald.
5 So vart dei spreidde, av di dei var hyrdinglause; dei vart til føda for alle villdyr på marki, og spreidde vart dei.
6 Forvilla fer sauene mine på alle fjell og på kvar ein høg haug; utyver alt landet er sauene mine spreidde, og ingen spør etter dei, og ingen leitar.
7 Høyr difor Herrens ord, de hyrdingar!
8 So visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud: Sanneleg, etter di sauene mine hev vorte til eit ran, og dei hev vorte til føda for alle villdyr på marki, av di dei var hyrdinglause, og hyrdingane mine ikkje spurde etter sauene mine, men hyrdingane røkta seg sjølve og ikkje røkta sauene mine -
9 difor, de hyrdingar, høyr Herrens ord:
10 So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kjem yver hyrdingane og vil krevja sauene mine av deira hand og taka frå dei gjætsla, so hyrdingane ikkje lenger skal røkta seg sjølve; og eg vil berga sauene mine frå deira munn, so dei ikkje skal vera til føda for dei.
11 For so segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg sjølv kjem og vil spyrja etter sauene mine og sjå til dei.
12 Liksom ein hyrding ser til si hjord den dagen han er millom dei spreidde sauene sine, soleis vil eg sjå til sauene mine og berga dei frå alle stader der dei er spreidde på ein dag med skyer og myrkeskodda.
13 Eg vil føra dei ut ifrå folkeslagi og sanka dei ut or landi og føra dei til deira eige land, og eg vil gjæta dei i Israels-fjelli, i dalane og kvar dei elles bur i landet.
14 I ei god gjætslemark vil eg gjæta dei, i Israels høge fjell skal deira hamning vera; der skal dei roa seg i ei god hamning og ganga i feit beitemark i Israels-fjelli,
15 Eg vil sjølv gjæta sauene mine og sjølv få dei til å roa seg, segjer Herren, Israels Gud.
16 Det burtkomne vil eg leita upp, det burtrivne vil eg sanka, det beinbrotne vil eg binda um, og det sjuke vil eg styrkja. Men det feite og det sterke vil eg tyna; eg vil røkta det slik som rett er.
17 Og de, sauene mine, so segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg dømer millom sauer og sauer, millom verar og bukkar.
18 Er det ikkje nok åt dykk at de fær ganga i det beste beite, sidan de trakkar ned det som stend att i beitemarki dykkar? Er det ikkje nok at de fær drikka det klåraste vatnet, sidan de rotar upp med føtene det som er att?
19 Og sauene mine - skal dei eta det som de hev trakka ned, og drikka det som de hev rota upp med føtene?
20 Difor segjer Herren, Israels Gud, so til dei: Sjå, eg sjølv kjem og vil døma millom dei feite sauene og dei skrinne sauene.
21 Etter di de trengjer alle dei veike undan ned sida og bog og stangar dei med horni dykkar, til de fær spreidt dei og jaga dei av,
22 so vil eg berga sauene mine, og dei skal ikkje lenger vera til ran, og eg vil døma millom sauer og sauer.
23 Eg vil reisa upp ein hyrding yver dei, og han skal gjæta dei - min tenar David*; han skal gjæta dei, han skal vera deira hyrding.
24 Og eg, Herren, vil vera deira Gud, og min tenar David skal vera fyrste millom dei; eg, Herren hev tala
25 Eg vil gjera ei fredspakt med dei og rydja ut udyr or landet, so dei trygt kann bu i øydemarki og sova i skogane.
26 Og eg vil gjera dei og landet rundt ikring min haug til ei velsigning; eg vil senda regn i rett til; regnskurer til velsigning skal det vera.
27 Trei på marki skal gjeva si frukt, og jordi skal gjeva si grøda, og dei skal bu trygt i landet sitt; og dei skal sanna at eg er Herren, når eg bryt sund stengene i åket deira og friar dei or deira hender som trælka dei.
28 Dei skal ikkje lenger vera eit ran for folki, og villdyri på jordi skal ikkje eta dei upp; dei skal bu trygt, og ingen skal skræma dei.
29 Eg vil lata ein planting veksa upp åt dei som skal gjera dei namngjetne, og dei skal aldri meir verta burtrivne av svolt i landet og aldri meir ljota tola hæding frå heidningfolki.
30 Dei skal sanna at eg, Herren, er med dei, og at dei, Israels-lyden, er mitt folk, segjer Herren, Israels Gud.
31 Og de sauene mine, sauene som eg beiter, menneske er de; eg er dykkar Gud segjer Herren, Israels Gud.