«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »

Profeten Esekiel 33

1  Herren ord kom til meg, og det lydde so:

2  Menneskeson, tala til landsmennene dine og seg til dei: Når eg let sverd koma yver eit land, og landslyden tek ein av sine eigne og seg han til vaktmann åt seg,

3  og han ser sverdet koma yver landet og blæs i luren og varar folket,

4  men den som høyrer lurljomen, ikkje let seg vara, og sverdet kjem og tek han burt, då skal blodet hans koma på hans hovud;

5  han høyrde lurljomen, men let seg ikkje vara, blodet hans skal kome yver han sjølv; men hadde han late seg vara, so hadde han berga livet.

6  Men når vaktmannen ser sverdet koma og ikkje blæs i luren, og folket ikkje vert vara, og sverdet kjem og tek burt einkvan av dei, då vert han burtteken for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av handi åt vaktmannen.

7  Du menneskeson! Til vaktmann hev eg sett deg åt Israels-lyden. Når du då høyrer eit ord frå min munn, so skal du vara dei åt frå meg.

8  Når eg segjer til den ugudlege: Du ugudlege, du skald døy - og du ikkje talar og varar den ugudlege for hans åtferd, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men blodet hans vil eg krevja av di hand.

9  Men hev du vara den ugudlege for åtferdi hans, at han måtte venda um frå henne, men han vender ikkje um frå si åtferd, då skal han døy for si misgjerning, men du hev berga di sjel.

10  Og du menneskeson, seg til Israels-lyden: De segjer so: Våre brot og våre synder tyngjer på oss, og for deira skuld visnar me reint burt; kor kann me då leva?

11  Seg til dei: So visst som eg lever, segjer Herren, Israels Gud: Eg hev ikkje hugnad i det at den ugudlege døyr, men i det at den ugudlege vender um frå si åtferd og lever. Vend um, vend um frå dykkar vonde vegar! Kvifor vil de døy, du Israels-lyd?

12  Og du menneskeson, seg til landsmennene dine: Rettferdig manns rettferd skal ikkje frelsa han den dagen han syndar, og ugudleg manns gudløysa skal ikkje fella han den dagen han vender um frå si gudløysa, og den rettferdige skal ikkje kunna leva ved si rettferd den dagen han syndar.

13  Når eg segjer um den rettferdige: Han skal få leva, men han lit på si rettferd og gjer urett, då skal alle hans rettferdige verk verta gløymde, og han skal døy for uretten som han hev gjort.

14  Og når eg segjer til den ugudlege: Du lyt døy, og han vender um frå si synd og gjer rett og rettferd,

15  so han den ugudlege, gjev pant attende, gjev lika for det han hev rana, held seg etter livsens bod, so han ikkje gjer urett, då skal han leva, han skal ikkje døy.

16  All syndene som han hev gjort skal vera gløymde; rett og rettferd hev han gjort, leva skal han.

17  Og so segjer landsmennene dine: Herrens åtferd er ikkje rett! Men det er deira eigi åtferd som ikkje er rett.

18  Når den rettferdige vender um frå si rettferd og gjer urett, so lyt han døy,

19  og når den ugudlege vender um frå si gudløyse og gjer rett og rettferd, so skal han få leva.

20  Og endå segjer de: Herrens åtferd er ikkje rett. Eg vil døma dykk, du Israels-lyd, kvar og ein etter hans åtferd.

21  I det tolvte året etter me var burtførde, den femte dagen i tiande månaden, kom det nokre rømingar frå Jerusalem til meg og sa: Byen er teken.

22  Men Herren hand var komi yver meg um kvelden, fyrr rømingane kom, og han let upp munnen min, innan dei kom til meg um morgonen; munnen min vart upplaten, og eg var ikkje mållaus lenger.

23  Og Herrens ord kom til meg, og det lydde so:

24  Menneskeson! Dei som bur millom røysane der burte i Israels-landet, segjer so: Abraham var berre ein, og han fekk landet til eiga; me er mange, me hev fenge landet til eigedom.

25  Seg difor til dei: So segjer Herren, Israels Gud: De et kjøt med blodet i og lyfter augo dykkar til dei ufysne avgudane dykkar og renner ut blod - og de skulde få eiga landet?

26  De lit på sverdet dykkar, de fer med styggedom og skjemmer konone åt kvarandre - og de skulde få eiga landet?

27  So skal du segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud: So visst som eg lever, skal dei som bur millom røysane, falla for sverd, og den som er på marki, gjev eg til mat åt villdyri, og dei som held til i fjellborgene og i hellerane, skal døy av sott.

28  Eg vil gjera landet audt og øyde, og det skal vera ute med ovmodet og makti hjå det, og fjelli i Israel skal liggja i øyda, so ingen ferdast der.

29  Og dei skal sanna at eg er Herren, når eg gjer landet audt og øyde for skuld alt det avstyggelege som dei hev gjort.

30  Og du menneskeson, landsmennene dine talar seg imillom um deg frammed veggene og i husdørene, og alle segjer dei til kvarandre: Kom, lat oss høyra kva for eit ord det er som no gjeng ut frå Herren!

31  So kjem dei til deg i store flikkar, og dei seg framfor deg og læst vera mitt folk og lyder på ordi dine, men dei gjer ikkje etter dei; for det som er etter deira smak, det gjer dei, og hjarta deira trår etter vinning.

32  Og sjå, du er som eit elskhugskvede for dei, som ein songar med vent mål og fagert spel; dei lyder på ordi dine, men gjer ikkje etter dei.

33  Men når det kjem - og koma skal det - då skal dei sanna at ein profet hev vore millom dei.

«  Forrige kapittel   |   Velg et kapittel   |   Neste kapittel  »
“Herren Jesu nåde vere med dykk!” — Paulus' første brev til Korinterne 16:23