Profeten Esekiel 31
1 I det ellevte året, den fyrste dagen i tridje månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
2 Menneskeson, seg til Farao, kongen i Egyptar-land, og hans ståkande hop: Kven likjest du på i di storvyrda?
3 Sjå, Assur var ei seder på Libanon med fagre greiner, ein skuggerik skog og høg på vokster, og kruna hans nådde upp millom skyene.
4 Vatnet gjorde han stor, vassdjupet gjorde han høg; med åene sine gjekk det kringum staden der han var planta, og sende vassveitene sine burtåt alle trei på marki.
5 Difor vart han høgre på vokster enn alle trei på marki, og han fekk mange greiner og lange kvister, av di det var so rikleg med vatn der han breidde seg;
6 på kvistane hans laga dei seg reir alle fuglar i lufti, under greinene hans fødde alle dyr på marki sine ungar, og i skuggen hans budde alle dei mange folkeslagi.
7 Han var fager i sin vyrdelege storleik, med sine lange greiner; for innmed roti hans var det nøgdi av vatn.
8 Sedrane i Guds hage skygde han ikkje burt, cypressar kunde ikkje liknast med hans kvister, og løntre var ikkje som hans greiner; det fanst ikkje tre i Guds hage jamfagert med han.
9 Fager hadde eg gjort han med hans mange greiner, og alle Eden-trei i Guds hage ovunda han.
10 Difor sa Herren, Israels Gud, so: Sidan han hev vorte so høg på vokster og hev tøygt kruna si upp millom skyene, og han ovmodar seg av denne store høgdi,
11 so gjev eg han i hendene på ein hovding yver folki, so han kann fara med han som han vil. For hans gudløysa skuld dreiv eg han ut,
12 og framande, valdsmennene millom folki, hogg han ned og let han liggja; på fjelli og i alle dalar fall hans kvister, og greinene hans brotna sund attmed kvar ein bekk i landet, og alle folk på jordi steig ned utor skuggen hans og let han liggja,
13 på den falne stomnen hans slo alle fuglar i lufti seg ned, og på greinene la dei seg alle dyr på marki -
14 so ingi tre som veks attmed vatn, skal ovmoda seg av sin vokster og tøygja kruna si upp millom skyene, og dei sterkaste av dei, alle dei som syg vatn til seg, ikkje skal standa der høgreiste; for alle er dei gjevne dauden i vald og lyt ned til nedheimen, midt millom mannsborni, til dei som stig ned i gravi.
15 So segjer Herren, Israels Gud: Den dagen han for ned i helheimen, let eg vassdjupet syrgja; eg breidde yver det for hans skuld, åene derifrå stemde eg, og dei store vatn laut stana. Eg klædde Libanon i svart for hans skuld, og alle tre på marki ormektast for hans skuld.
16 Med dunen av hans fall fekk eg folkeslag til å skjelva, då et støypte han ned i helheimen med dei som fer ned i gravi; då huggast dei i nedheimen alle Eden-trei, dei likaste og fagraste på Libanon, alle som saug vatn til seg.
17 Dei og for ned i helheimen saman med han, til dei som var drepne med sverd; for dei hadde vore hans arm* medan dei sat i livd i hans skugge midt imillom folki.
18 Kven likjest du* soleis på i herlegdom og storvyrda millom Eden-trei? - So skal du då verta støypt med Eden-trei ned i nedheimen; midt imillom u-umskorne skal du liggja, i lag med dei som er drepne med sverd. Soleis skal det ganga med Farao og heile hans ståkande hop, segjer Herren, Israels Gud.