Profeten Esekiel 3
1 So sa han til meg: Menneskeson! Et det du her finn! Et denne bokrullen, og gakk av stad og tale til Israels hus!
2 Då let eg upp munnen, og han gav meg denne bokrullen å eta
3 og sa til meg: Menneskeson! Metta din buk og fyll dine innvolar med denne bokrullen som eg gjev deg! Og eg åt, og han var i munnen min søt som honning.
4 So sa han til meg: Menneskeson! Gakk til Israels hus og tala til dei med mine ord!
5 For du vert ikkje send til eit folk med ugreidt mål og tungmælt tunga, men til Israels hus;
6 ikkje til mange folkeslag med ugreidt mål og tungmælt tunga so du ikkje skynar ordi deira; i sanning, um eg sende det til dei, so skulde dei høyra på det.
7 Men Israels hus skal ikkje vilja lyda på det, for dei vil ikkje lyda på meg; for heile Israels hus hev harde skallar og forherde hjarto.
8 Sjå eg gjer di åsyn hard mot deira åsyn og di panna hard mot deira panna.
9 Som demant, hardare enn stein gjer eg panne di; du skal ikkje ottast for dei og ikkje fæla for deira åsyn; for ei trassig ætt er dei.
10 So sa han til meg: Menneskeson! Alle dei ordi som eg talar til deg, skal du taka inn i ditt hjarta og høyra med dine øyro.
11 Og gakk til dei burtførde, til ditt folks born, og tala til dei og seg: So segjer Herren, Israels Gud - anten dei vil lyda på eller ikkje!
12 Då lyfte eit ver meg upp, og eg høyrde attanfor meg ein dynjande sterk ljom: Lova vere Herrens herlegdom frå den staden der han er! -
13 like eins ljomen av dei fire levendi, når vengene deira møttest, og ljomen av hjuli attmed dei og ein dynjande sterk ljom.
14 Eit ver lyfte meg då upp, og eg for av stad, hugsår og uppøst i mi ånd, og Herrens hand var sterk yver meg.
15 So kom eg til dei burtførde i Tel-Abib, dei som budde attmed Kebarelvi, og kvar dei elles budde, og der sat eg hjå dei i sju dagar og stirde fram for meg.
16 Men då sju dagar var lidne, då kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
17 Menneskeson! Eg hev sett deg til vaktar for Israels hus; når du då høyrer eit ord frå min munn, skal du vara dei åt frå meg.
18 Når eg segjer til den ugudlege: Du skal døy, og du ikkje varar han åt og ikkje talar og varar den ugudlege åt for hans ugudlege ferd, til frelsa for hans liv, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men hans blod vil eg krevja av di hand.
19 Men når du hev vara den ugudlege, og han ikkje vender um frå si gudløysa og frå si ugudlege ferd, då skal han, den ugudlege, døy for si misgjerning, men du hev berga di sjel.
20 Og når ein rettferdig vender seg frå si rettferd og gjer urett, so legg eg ein støytestein i vegen hans - han skal døy. Når du ikkje hev vara han åt, skal han døy i si synd, og dei rettferdige gjerningar han hev gjort, skal ikkje verta ansa, men hans blod vil eg krevja av di hand.
21 Men når du hev vara den rettferdige, at rettferdig mann skal ikkje synda, og han då ikkje syndar, so skal han leva, sidan han let seg vara, og du hev berga di sjel.
22 Og Herrens hand kom yver meg der, og han sa til meg: Statt upp og gakk ut i dalen! Der vil eg tala med deg.
23 Då stod eg upp og gjekk ut i dalen, og sjå, der stod Herrens herlegdom, lik den herlegdomen eg såg attmed elvi Kebar; og eg kasta meg å gruve.
24 Men åndi kom i meg og reiste meg upp på føtene; og han tala med meg og sa til meg: Gakk og steng deg inne i huset ditt!
25 Og du menneskeson! Sjå, dei skal binda deg med tog og setja deg fast med dei, so du ikkje kjem deg ut til å vera i lag med dei.
26 Og tunga di let eg hanga fast ved gomen din, so du vert mållaus og ikkje kann refsa dei; for ei trassig ætt er dei.
27 Men når eg talar med deg, vil eg opna munnen din; då skal du segja til dei: So segjer Herren, Israels Gud: Den som vil lyda på, han lyde, og den um ikkje vil, han fær lata vera; for ei trassig ætt er dei.