Profeten Esekiel 29
1 I det tiande året, den tolvte dagen i tiande månaden, kom Herrens ord til meg, og det lydde so:
2 Menneskeson, vend andletet mot Farao, kongen i Egyptar-land, og spå mot han og mot heile Egyptar-land!
3 Tala og seg: So segjer Herren, Israels Gud: Sjå, eg kjem yver deg, Farao, egyptarkonge, du den store draken, som ligg midt i elvane dine, og som segjer: Eg eig mi elv, og sjølv hev eg gjort henne.
4 Eg vil setja krokar i kjakane dine og lata fiskane i elvane dine hanga fast i reisti dine; so dreg eg deg upp or elvane dine, både deg og alle fiskane i elvane dine, dei som heng fast i reisti dine.
5 Eg skal kasta deg ut i øydemarki, både deg og kvar ein fisk i elvane dine; på berre marki skal du falla; du skal ikkje verta uppteken, ikkje uppsamla; eg gjev deg til mat åt dyri på jordi og fuglane i lufti.
6 Og alle som bur i Egyptar-land, skal sanna at eg er Herren, for di dei hev vore ein røyrstav åt Israels-lyden;
7 når dei* grip um deg** med handi so brotnar du og kløyver herdi på dei alle, og når dei styd seg på deg, ryk du i sund og fær dei alle til å sviga i lendene.
8 Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Sjå, eg sverd koma yver deg, og eg vil rydja ut or deg både folk og fe.
9 Egyptar-landet skal verta til audn og øyda, og dei skal sanna at eg er Herren, for di han sa: Elvi er mi, og eg sjølv hev gjort henne.
10 Sjå, difor kjem eg yver deg og elvane dine og gjer Egyptar-land til aude moar, fulle av grushaugar, frå Midgol til Syene* og alt til landskilet mot Etiopia.
11 Mannefot skal ikkje fara der, og fefot skal ikkje fara der, og det skal liggja ubygt i fyrti år.
12 Eg vil gjera Egyptar-landet til ei audn millom aude land, og byane skal liggja i øyde millom øydelagde byar i fyrti år, og eg vil spreida egyptarane millom folki og strå dei kringum i landi.
13 For so segjer Herren, Israels Gud: Når fyrti år er lidne vil eg samla egyptarane frå dei folkeslag som dei var spreidde imillom.
14 Eg vil gjera ende på utlægdi for Egyptar-land og føra dei attende til Patros-landet, det landet som dei er ætta ifrå, og der skal dei vera eit vesalt kongerike.
15 Det skal vera lægre enn andre kongerike og aldri meir hevja seg yver folki, og eg vil lata dei verta so få i talet at dei ikkje kann rikja yver folki.
16 Og for Israels-lyden skal det aldri meir vera ei livd, som minner meg um deira misgjerning, når dei vender seg til dei, og dei skal sanna at eg er Herren, Israels Gud.
17 I det sju og tjugande året, den fyrste dagen i fyrste månaden, kom Herren ord til meg, og det lydde so:
18 Menneskeson! Nebukadnesar, Babel-kongen hev late heren sin streva hardt mot Tyrus; kvart eit hovud er fleinskalla, og kvar ei herd avgnura. Men løn hev han og heren hans ikkje fenge av Tyrus for alt sitt strev imot det.
19 Difor segjer Herren, Israels Gud, so: Sjå, eg gjev Egyptar-landet til Nebukadnesar, Babel-kongen, og han skal føra burt rikdomen der og rana og røva alt som der finst å rana og røva, og det skal heren hans hava til løn.
20 Til løn for strevet han hev havt, gjev eg han Egyptar-landet; for dei hev arbeidt for meg, segjer Herren, Israels Gud.
21 Den same dagen vil eg lata eit horn veksa upp åt Israels-lyden; og du skal få lata upp din munn midt ibland dei, og det skal sanna at eg er Herren.